I England; Manchester United. Det har dei vore sidan eg var liten og vart opplært til det av min onkel og min fetter. Eg vil tru pappa angra på at han ikkje var meir aktiv i å overtale meg, då er det mogleg at eg ville heia på Liverpool, som han og mi søster Hanne Mari. For min del er eg veldig glad for at eg høyrde på onkel...
I Norge har eg to favorittar. Eg har alltid vore Brann-fan. I gode og vonde dagar. Fitjar er ikkje såååå langt frå Bergen, Brann er det næraste storlaget, om ein ikkje tel med Stord-Moster, haha. Alle mine søskenbarn (heile 6) bur i Bergen, og eg har blitt påverka av dei. Akkurat no er det heilt topp å vere Brannsupportar. Lat oss håpe eg føler det same i byrjinga av november.
Det siste laget har eg ikkje alltid vore fan av. Eg byrja å heie skikkeleg på dei (sjøl om eg likte dei før det) i 2002, då dei gjorde eit knallår. Dei rykka opp i 2002, rykkja ned i 2003, rykkja opp i 2004, ned i 2005 og opp i 2006. Ja, eg snakkar om Aalesund. Me skal ikkje rykkje ned i år. Me ligg så godt an at då vert eg verkeleg skuffa.
Eg var på min første kamp på Color Line stadion i sommar, før har eg berre vore på bortebanekampar, to i Haugesund (mot Vard ein gong og FKH ein gong) og to på Brann stadion (der eg ikkje hadde peiling på kven eg skulle heie på). Kampen i sommar var fantastisk. Og, ja, AaFK vann. 2-1 mot Odd. Eg hadde med meg speilrefleksen, og eitt av AaFKs mål er no bakgrunn på dataen.
I dag er det klart for Norge - Hellas. Håpar Norge vinn, men veit ikkje kva eg trur. Eller, me får kanskje satse på Norge då. Må jo vere optimist! Og viss me ikkje vinn, så veit eg grunnen...
Aarøy er ikkje på landslaget.
1 kommentar:
Du skrive kjempebra!
Kjekt å lesa.
Men du bør heia på Liverpool! :)
PS. Gadd ikkje å logga meg innpå.
Legg inn en kommentar