**** Les dette innlegget når du har litt tid, det er langt og har to filmar, så ikkje les fort gjennom det. ****
I'm fed up with your conferences and conventions.
I want nothing to do with your religion projects,
your pretentious slogans and goals.
I'm sick of your fund-raising schemes,
your public relations and image making.
I've had all I can take of your noisy ego-music.
When was the last time you sang to me?
Do you know what I want?
I want justice—oceans of it.
I want fairness—rivers of it.
That's what I want. That's all I want.
-
Amos 5:21-24 (The Message)
-
-
Dette innlegget handlar om slaveri. Moderne slaveri. Dagens skjulte realitet i store deler av verda.
Menneskehandel.
Eg trudde at det ikkje var slavar på jorda, at det var noko som skjedde for 200 år sidan. Det er ein løgn. Det er fleire slavar på jorda i dag, enn det nokon sinne har vore i historia.
I dagens Europa er dette eit svært problem, og det skjer overalt, ikkje berre i aust-europa.
Slavane blir satt ut i prostitusjon og kan bli tvinga til å selge seg til mellom 40 og 110 "kundar" per DAG.
Eg vil gjerne gi dykk litt statistikk om problemet slik at dykk forstår kor stort det er:
- Menneskehandel av kvinner er det ant største globale organiserte kriminaliteten i verda i dag. Det vert handla for ca 12 milliardar US dollar i året - ca 70 milliardar kroner.
- Det er 1 390 000 millioner ofre av sexslaveri.
- Over 25 prosent av desse kjem frå Sør- og Aust-Europa. (Dette betyr ikkje at dei blir der, dei blir ofte sendt til andre land.)
- 90 % av ofre av menneskehandel som vert sent til EU-land ender opp i sexindustrien.
- Ein av ti personar i Ukraina kjenner nokon som har blitt offer for menneskehandel.
- Kun 1-2 % av ofre blir redda, og kun 1 av 100 000 europearar som er innvolvert i sexslaveri blir straffedømt.
Kjelde: http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=151&Itemid=306&lang=en
Kva gjer A21?
A21 står for Abolishing human traffiking in the 21st century - dei vil at menneskehandel skal bli avskaffa over heile verda i løpet av det 21. århundret.
A21 jobber for å få folk i verda til å skjønne kor svært dette problemet er, for å få folk stilt for retten der det er mogleg, og for å redde ofre og tilby oppfølging.
I tillegg ønsker dei å jobbe preventativt, slik at i staden for at dei må redde ofra, å gjøre slik at ofra aldri vert offer.
Hellas er Europa's menneskehandelsentrum, så hovedplassen dei jobbar frå er i Tessaloniki i Hellas.
Kilde: http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=161&Itemid=307&lang=en
Kva kan me gjere:
21 måtar å hjelpe på:
- Gjer saken kjent. Fortel vennene dine om det. Ta vekk tabuet fra det. Det å late som problemet ikkje finst gjer ikkje problemet mindre. Det gjer problemet større, fordi ingen gjer noko med det :)
- Bruk talentet ditt. Skriv ein blogg om det, mal eit bilete, bruk eit sportsarrangement, skriv ein sang om det, lag ein film om det. Eg var på ei danseforestilling no nylig og den eine dansen var om menneskehandel. Veldig sterkt.
- Invester i nokon sin fridom. Om du kan, så kan du støtte A21 gjennom pengestøtte- treng dei det veldig! I så fall kan du lese meir om det her. http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=147&Itemid=309&lang=en
- Driv med lobbyvirksomhet. Om ein for forandra diverse lovar som har med menneskehandel og sexslaveri og gjere kan det bli lettare å stille dei som sel kvinner for retten.
- Organiser ein innsamlingsaksjon. Inspirasjon? http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=144&Itemid=311&lang=en
- Hjelp redda ofre. F.eks. Send klede til redningshuset i Hellas, mange redda ofre kjem inn med kun det dei står og går it. Du kan og kjøpe produkt laga av redda ofre frå menneskehandel. - www.nightlightbangkok.com
- Faste på den 21. dagen i månaden. Den 21. dagen i kvar månad, fast for arbeidet A21 gjer i Hellas, Ukraina og rundtom i verda.
- Hjelp til. Du kan gjere frivillig arbeid for A21. Dei treng blant anna hjelp til research, web design, foto og grafikk. Gå på nettsida for å finne emailaddressa om du kan hjelpe.
- Start ei gruppe for å gjere folk bevisst på kva som skjer. På din arbeidsplass, skule, kyrkje eller liknande. Få vener involvert i å spre fakta til ditt nærområde.
- Kjøp fair trade. På denne måten minskar etterspurnaden etter produkt laga av slavar. (Her er det ikkje sex-slavar men andre slavar. Alt slaveri skal vekk frå jorda!!!!)
- Vær fadder for dei som er i risikosona. Fattigdom er ofte ein av grunnane bak menneskehandel. Fattige blir lett frista av mannen som seier at han kan gi dei eit pass og sende dei til vesten der dei kan jobbe og tjene eigne pengar, men som ender opp med å tvinge dei til sex-slaveri. Vurder å bli fadder for eit fattig born i eit anna land. Det skal ikkje så masse til.
- Vær praktikant ein sommar. I Hellas. Varme og forandre verda på samme tid. Ta kontakt med A21 om dette er interessant.
- Lær meir om temaet. Det er mange ressurser du kan få tak i. Nokre av dei står her: http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=150&Itemid=308&lang=en#21things13 .
- Oppdater deg om nyhende: Følg med her på det siste om menneskehandel.
- Bruk nettet. Post videoar på nettsida di, Facebook eller blogg eller liknande. Du kan og joine A21 si Facebook-gruppe.
- Be. Bønn er kraftig, og kan forandre liv. Ikkje undervurder det!
- Motiver media. Gjerne oppmuntre di lokalavis eller tv til å dekke historiar om menneskehandel eller om kva du har gjort for å stoppe det.
- Følg med! Om du ser noko mistenkelig, varsle politiet. Her kan du lese kva du bør sjå etter.
- Jobb for fridom. Vurder ein jobb der du kan hjelpe rettferda å seire. Her er ein av mange å vurdere: www.ijm.org/careers.
- Samarbeid. Kontakt A21 med feedback, idear, gode kontaktar å ha og viktig informasjon. Dess meir me samarbeidar, dess større trussel er me mot menneskehandel.
- Hjelp ofre å rømme. Korleis det kan sjå ut er forskjellig frå land til land, by til by, stad til stad. For idear: http://nhtrc.polarisproject.org/.
Kilde: http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=150&Itemid=308&lang=en
4 kommentarer:
Kommentaren min kom ikkje på bloggen. Så her komme ein ny. Ja det e ille så mye så skjer av menneskehandel. Og det e bra at det blir fokus på det, så kanskje det kan bli ein endring for noen i alle fall.
Skikkelig tankevekkande innlegg... Enig me mamma!
Anbefale deg å sjå filmen "Taken", den handle om da, veldig bra.
Ja, da e eit svært problem! Og me må endra da,ja! Okei, ska sjå den H! Har du han?
Yes I do. Eller, Remi har an :)
Legg inn en kommentar