Denne veka har eg sett fram til sidan eg starta skuleåret. Haustferie, det første avbrekket frå eit tungt år. Men, er det eigentleg ein god idé å ha den så tidlig? Ja, det føles veldig godt. Etter seks veker på skule har me endeleg ei veke fri.
Som sagt, det føles veldig godt. No. Om seks nye veker er me kanskje ikkje like glade for det. Mellom sommar- og haustferien er det som sagt seks veker. Men mellom haustferien og jul er det faktisk elleve (!) veker. Det vil seie omlag dobbelt så lenge. I tillegg kjem dei fleste prøvane når ein nærmar seg slutten på ein termin, det vil seie at dei seks vekene me har hatt til no berre er barnemat i forhold til dei neste elleve. Me byrjar med to prøvar neste veke og ein veka etter det, me skal ha særemne og eigentrening, osv
Men, nok om det. Haustferien er no, og det er litt seint å gjere noko med det. Og haustferien har vore fin til no, eg skal ikkje klaga. Fredagen var eg på Blessed, som vanleg. Laurdagen kom mine to fettarar, Tomas og Martin og søndagen vart eg med dei til Bergen til tante, onkel, Martin, Tomas og mi kusine Malin. Eg var i Bergen til onsdag, i går, og kom heim til Fitjar ca halv ni. Eg trur eg skal vere heime resten av ferien, bortsett frå på søndag, då skal eg til Haugesund på Michael W. Smith-konsert. Det vert knall (håpar eg).
Ellers er det berre å beklage (til den eine lesaren, Hanne Mari, hahahaha) at eg ikkje har oppdatert på lenge. :) Sånt skjer.