Om du er over 18 år, litt eventyrlysten, kristen og villig til å gi Gud livet ditt og klar for noko nytt, ja då er Hillsong College plassen for deg.
Hillsong College sitt "fulle navn" er Hillsong International Leadership College.
Hillsong. Hillsong Church vart starta i 1973 av Pastor Brian og Bobbie Houston i nord-vest Sydney. Dei har vokst veldig dei siste 27 åra og er no den største kyrkja i Australia med rundt 30000 kyrkjegjengarar ukentleg. Dei har menighetar som har utsprunge frå Sydney over heile verda: Brisbane (Australia), Cape Town, London, Kiev (Ukraina), Moskva, Paris, Stockholm, Tyskland og New York City.
College er veldig knytta til kyrkja. du tjener i kyrkja i helgene, går i ungdomsarbeidet, går på konferansar, osv. College og kyrkje er eitt, og det er ingen separasjon mellom dei to.
International. Hillsong College er definitivt eit internasjonalt college. Det er folk her fra diverse land og alle verdsdelar, og som collegestudent kjem du nesten aldri meir til å måtte sjekke inn på hotell når du reiser rundt i verda, berre ring ein venn! Okei, den var satt litt på spissen, men du får i alle fall veldig gode vener og nyttig nettverk verda rundt.
Berre medan eg har budd i Australia har eg budd med studentar frå Norge, Sverige, Tyskland, Wales, USA, Canada, Sør-Afrika, Polen og Australia.
Norge er veldig bra representert på college, me har mange studentar her, og er det best-representerte ikkje-engelskspråklige landet. (Og sikkert det aller best representerte i fohold til antal innbyggjarar)
Leadership.College er eit leadership-college. Det tenkte ikkje eg så veldig over før eg kom, men det er konge! Du lærer korleis du byggjer eit team, korleis du leder andre, korleis ein får ting gjort i ei stor kyrkje som denne og du lærer virkelig at detaljar er viktige.
College. College er noko for seg sjølve. Dei tilbyr linjene Worship Music, Dance, Pastoral Leadership og TV and Media pluss kurset eg tar som er under ein annan skule, Bachelor of Contemporary Ministry.
På dei fire førstnevnte har du skule fire dagar i veka, pluss at du tjener i to gudstjenester kvar helg og tjener 4 timar "Fieldwork" i løpet av veka.
Kvar torsdag morgon har du Sisterhood eller Hillsong Men og du er med på å tjene på konferansane, Colour Conference i mars, Hillsong Conference i juli og Men's Conference i oktober/november.
Dance og TV er eittårig, men om du vil ta fleire år kan du hoppe over til Worship eller Pastoral 2. året etter på, desse linjene kan du nemlig ta eitt, to eller tre år.
Eg tok første året Worship Music og andre året Pastoral og kan verkeleg anbefale begge.
Degree (Bachelor) er treårig, men fungerer slik at tar du to år på college treng du berre ta to år Degree og tar du tre år på college treng du berre ta eit og eit halvt år Degree.
Her kan du sjå ein trailer for College sin nye film The Project, som kjem ut på nettet i april 2011.
Om du er interessert i å komme til college eller har spørsmål, kommenter i feltet under, så skal eg svare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar