Hi! I'm Elisabet, and I am very sorry but the rest of this page will be in Norwegian. So I guess it's time for you to open Google Translate.
Much love.
Hei!
Eg heiter Elisabet Fjugstad Giske og er fødd ein vakker dag i mai 1990, noko som tilsvarar at eg er 20 år i skrivande stund.
Eg kjem frå vakre Fitjar, som ligg på øya Stord mellom Bergen og Haugesund.
Eg bur for tida i Bella Vista utanfor Sydney i Australia, her studerer eg teologi på Hillsong College.
Eg elsker Jesus, takkar han for at han døydde for mine synder, og er fullt klar over at utan han er eg ingenting.
Eg har verdas aller beste familie. Mamma og pappa er begge i alderdommens ungdom, dei fylte nemlig begge 50 i fjor. Eg har ei søster på 22 og ein bror på 15, og eg syns det er heilt sjukt kor fort tida går!
PS, mamma og pappa, eg syns dykk er kjempeunge, eg berre tulla.
Livet mitt går i college, kyrkje og vener for tida, samt ein del skypesamtalar heim til det lova landet.
Eg lever verkjeleg draumen i Australia, men eg gler meg til å flytte heim og å være med på å gjere ein forskjell i Norge.
Eg likar å setje meg vanskelige mål og nå dei.