Eg veit det har vore lenge sidan sist, veldig lenge, men alt har gått i ett i det siste. Eg har jobba ganske mykje på Sandvikvåg, og den nest siste helga der (9. aug) fekk eg beskjed heimafrå om at mamma hadde fått eit jobbtilbod til meg.
Jobben var på Kringla konditori i Borggata på Leirvik, og eg har no jobba der i seks dagar (mandag til laurdag). Eg hoppa rett på den klokka 8 måndag morgon (18 aug.), etter å ha jobba til og med sundag (17. aug)klokka 22.30 på Sandvikvåg. Så det har vore lite fri i det siste, noko som har vore litt slitsomt med tanke på at det er ein ny jobb og mykje å lære. Men det vert pengar av slikt...
Likevel skal det bli deilig og sove litt ut i morgon tidleg :)
Eg har og sendt visumsøknaden min til den australske ambassaden i Tyskland. Ber om at alt skal gå i boks!!
Klemmar frå Elisabet