Eg har funne ut at eg likar hausten. Delar av den i alle fall. Slik som fargane, stearinlyskveldar, ventinga på jula, osv. Det eg ikkje likar er at den får halsen min til å snurre seg saman, feberen til å stige, og nasa mi til å bli raud. I dag er eg nemleg sjuk, og det har eg meir eller mindre vore heile veka. Grunna kvalme (i tillegg til det andre) tok eg i dag ein heimedag, noko eg kjenner at kroppen min treng. Men det er ganske keisamt og sløvt å berre sitje heime i sofaen, eg ville heller vore på jobb og vore på Blessed i kveld. Men av og til treng ein dagar som dette.
November has arrived, og januar nærmar seg med stormskritt! No har eg eigentlig alt klart; eg har fått visum, og meldt meg på skulen sitt leilighetsprogram. Eg gledar meg sjukt mykje, men eg gledar meg og til dei siste månadane heime, til å kose meg med familie og vener. Det er mykje som skal skje, mormor sin bursdag, Gunn Tove sin bursdag, advent, onkel sin 50-årsdag, Martin sin bursdag, JUL og nyttår. I tillegg må eg pakke, gjere ferdig Hurdalvideo, skrive ei smart ønskeliste - med ting eg treng og kan ha med meg til Aussieland, og så har eg diverse møter eg skal synge på med jentene.
På søndag er det farsdag, og i morgon har eg jobbelaurdag. Det betyr at dagen nok kjem til å bli særs travel med kaker i alle kjøleskap. Eg veit ikkje om eg er heilt up for it, men det kjem nok uansett ;)