28. januar 2009

Aussie Day

Mandag 26. januar var Australia Day. Eg tenkte eg skulle sei litt om korleis eg opplevde feiringa, ganske annleis enn 17. mai i Norge.
- Australia sitt flagg er dei same fargane som Norge sitt, men landet sine "nasjonalfargar" (om det i det heile er eit ord), dei som vert brukt på fotballdrakter og Aussie Day, er mørkegul og grøn. Difor dressa me oss opp i det, og følte oss som kanarifuglar.
- Me var i sentrum, kor det var veldig livlig. Masse folk, og drøssevis av politimenn. Aussie Day var ein like stor folkefest som 17. mai vil eg påstå. Det var hvertfall masse folk, og mange konsertscener der.
- Forskjellen var at i Norge er alle pynta, om ikkje med bunad, så i alle fall med finskjorte. Her var ingen pynta, nokre hadde crazy gule klede, andre var heilt vanlige. Me var blant dei med crazy klede og me følte oss som Aussiear og ein mann sa "You all have American accents, and you look more Aussie than us".
(Okei, det er ikkje alle australske tradisjonar ei stakkars nordkvinne kan forstå...)
- Der me i Norge ville hatt ein til å seie "hipp, hipp, hipp" og alle andre til å seie "hurra" har dei her eit anna rim:
"Aussie aussie aussie - oi oi oi
Aussie aussie aussie - oi oi oi
Aussie - oi
Aussie - oi
Aussie aussie aussie - oi oi oi"
- På kvelden var det fyrverkeri på Darling Harbour (den berømte fyrverkeristaden du alltid ser bilete av på nyårsafta). Det var veldig flott, men nært umogleg å ta gode bilete av, det REGNA faktisk! Me kjøpte oss vakre rosa "regnjakker", som egentlig var ein ekstra stor plastpose med hol til hovud or armar, og hette og litt ekstra lengde til armane.


- Alt i alt ein veldig fin dag (bortsett frå regnet).

Dagen etter (altså i går) var det skulestart. Har vore veldig kjekt til no, men trur eg skal ta det i eit anna innlegg, kanskje ikkje før til helga, for i morga etter skulen er det CAMP!


Fullt av folk i lunchpausen. Dette var før alle var kome ut.

25. januar 2009

Mine erfaringar med Australia

- Vegemite! Det mest typiske australske du kan finne, og det alle australiarar snakkar om. Vegemite er ein form for pålegg, og ved første augekast liknar det på sjokoladepålegg. Forskjellen er at det er kjempesunt (drøssevis av B-vitamin) og at om du smakar det kjem du til å tenkje at dette er det verste du har smakt nokonsinne! Det er rett og slett kjempekjempekjempesalt, og smakar heilt forferdeleg! Eg smakte det i ein studentfest og tok eit bit og fant ut eg ikkje likte det. Dette sa eg til venninna mi og ho sa at eg då berre måtte ete alt på ein gang og bli ferdig. Eg tok ein bit med halve skiva i, og var utruleg nær å kaste opp. Seriøst, eg blir faktisk (dønn seriøst) kvalm berre av å skrive dette!


Bottom line: Æsj, men eg skal ta med litt heim til dykk!




- Australsk slang. Om folk snakkar om "barbie" her, er det ikkje snakk om dei blonde dukkene. Nei, her er det kort for barbeque; grill. Australier blir aussie. Om ettermiddagen (afternoon) kalles for "in the arvo". Alle kallar alle for mate, noko som er litt skjønt då... Om du vil i butikken og kjøpe deg ein kiwi må du spør etter "kiwi fruit", for ein kiwi er nemleg ein frå New Zealand. Og om du lurar på kva "thongs" er, så er det ikkje det du trur, det er nemleg sandalar.




- Høflighet: Uansett kvar du er blir du møtt med "Hi, how are you". På butikken, i kyrkja, på eit offentleg toalett i ein park, på gata, på bussen, everywhere. Folk er høflege og alle snakkar meg alle, noko som er veldig antinorsk. Om ein frammad hadde komt bort til ein annan på eit offentleg toalett i Norge og sagt "Hei, korleis går det" hadde folk begynt å lura på om dette var ein galning...




- Barbie! Australiarane elskar barbeques, og kalt Barbies eller BBQ's. Her bruker ein loff i staden for pølsebrød og ein grillar ikkje burgarar, berre pølser og kotelettar.




- Rundkjøringar: Seriøst, kor mange det er! Klikk på biletet for å gjere det stort. Det viser anntal rundkjøringar mellom oss og skulen.




Meir kjem seinare, men no gidd eg ikkje meir, haha :)


Men husk; vegemite er yuck!


Dei har forresten ein veldig god sjokolade her; TimTam, den er ikkje verst.


See ya!

Neste veke

Neste veke blir ein busy one. I morgon; mandag den 26. er det Australia Day, som er Australia sin nasjonaldag. Blir sikkert ein kjempedag. Då skal me til Darling Harbour i sentrum og sjå på fyrverkeri og kose oss. Australia sine fargar er gul og grøn. Australia sitt flagg består av blått, kvitt og raudt, så det konseptet der skjønar eg ikkje heilt. Men morgondagen gleder eg meg til.

Tirsdag, onsdag og torsdag er det orientation og enrolment på skulen; bli kjent dagar, på ein måte. Då skal me EENNDDEELLEEGG starte!! :D:D

Torsdag til laurdag skal Powerhouse; Hillsongkirka sin 18-25 års gruppe ha leir på ei strand ca 1,5 time nord for Sydney, på central coast. Eg hadde egentlig ikkje tenkt å gå, men alle sa at det var så stor forskjell på dei studentane som dro, og dei som ikkje dro, og at det kjem til å forandre livet ditt, så no drar eg; og med STORE forventningar til kva Gud kjem til å gjere!

Søndag er Vision Day. Bobbie og Brian Houston skal snakke om visjonen deira for 2009, noko som er veldig nytt for meg, men kanskje det eg gler meg mest til i heile veka!

Så denne veka blir ingen pustepause, men gleder meg supermasse!

22. januar 2009

21. januar 2009

bileta frå sydneyturen

Her er bileta frå sydneyturen:

http://www.facebook.com/album.php?aid=94974&l=a1e08&id=593116100

I dag er den varmaste dagen i historien! Har svetta meg i hel, og hoppa i bassenget diverse gangar! 35 grader (ikkje verst) men ingen vind! Men no starta det å regne! Svære, varme regndropar. Livet er herleg.

No skal eg snart ein tur på new students free BBQ, og så info night for studentar og moglege studentar og til slutt Powerhouse som er youthgruppa for 18-25 åringar. :-)

20. januar 2009

Morsomme australske pengar


Slik ser dei ut. Liknar på monopolpengar :)

19. januar 2009

Tur til Sydney


I dag var ni av oss jentene på tur til byn. Kjempe! Transportsystemet her i Sydney er forvirrande, og ikkje i nærheten av type London-oversiktlig. Me tok først buss frå busstoppen vår (A på kartet) til Parramatta, som tok ca 20 min. Så måtte me over på tog til Sydney (med togbytte). Toget og bussen hadde ikkje samme dagskort, forvirrande. I tillegg kan ingen bussjåførar andre ruter enn sine egne.


I Sydney for me og hengte rundt operahuset. Var heilt nydeleg. Me for vidare etter ei stund til Manly Beach, (med det dei kallar "ferry", ein liten passasjerbåt) og tok utbytte av sola. Problemet var berre at me tok feil beach, me tok den litle som var på innsida av halvøya, mens den store er på utsida. Bummer. Jaja, så slapp me i allefall haiane på utsida.
På veg heim bestemte me oss for å ta ferryen opp Parramatta river, i staden for tog. Var ein nydeleg tur i nydeleg veg.

Bilete kjem snart.
Klem fra Elisabet

18. januar 2009

Facebookbilete!

Eg har lagt inn nye bilete på facebook. For dei som ikkje har det; her er ein link:

http://www.facebook.com/album.php?aid=94679&l=405bf&id=593116100

Der skulle alle kunne sjå dei :)

17. januar 2009

Australia

Eg er i Austraaaaaalia, noko som egentlig er heilt sjukt! Eg tenkte eg skulle fortelje litt om turen, og dei første dagane her.

Det første flyet mitt skulle gå fra Stavanger kl 10, og være i London kl 11 lokal tid. Flyet videre skulle gå ca 21:30, så meininga var at eg skulle ha supergod tid, pga prisklassen på billetten, og at det gjekk få fly frå Stavanger den dagen.

Så eg kom til Sola og tok eit smertefullt farvel med mamma, pappa, Kris og Hanne. Det var kjipt! Ca 5 min etter at dei hadde gått, fekk eg beskjed på høgtalar om at flyet til London var forsinka med tre timar, det skulle no gå 12.50. Seinare vart det kansellert, og kl 11, vart me sendt til Gardermoen, for så å bli sendt derfra til London. Eg var framme i London ca 15.15 Londontid, ca 4 timar etter eg skulle. Så den supergode tida mi viste seg å være grei å ha!

Etter kvart vart det ettermiddag og kveld og eg møtte Adam som eg skulle reise med, og Kat som og skulle begynne på Hillsong, men i city (den andre campusen) og som skulle reise med fly rett etter oss. Var veldig hyggelig.

Den lange flyturen var... lang! Først ca 11 timar til Hong Kong, noko som er LENGE på eit fly der me ikkje hadde særleg god fotplass. Og ikkje var det lett å sove heller, men det gjekk fint. I Hong Kong hadde me ca halvannan time på flyplassen (som foresten var nydeleg og - overraskande nok - ganske folketom) før me gjekk ombord på det neste flyet som skulle ta oss til Australia. Det tok ca 8 timar, men det føltes mykje lengre. Me sov på det flyet og, men det var ganske lite.

Etter å ha vore ca 4 timer over australsk jord fløy me endeleg inn over Sydney litt før 7 lokal tid fredag morgon. Frå flyvindauget hadde me perfekt utsikt over Sydney Harbour Bridge og operahuset. Kjempekjekt! :D

På flyplassen kom me oss gjennom toll og alt slags, og gjekk til McDonalds, der me skulle møte ein bussjåfør som skulle ta oss med til colleget derfra. Det var to bussjåførar der frå same selskap, den eine skulle køyre nokre sydneyfolk heim; den andre skulle ta collegefolk til colleget. Men sidan me var så tidlige satt me på med den første, då kundane hans budde sånn 10 min fra colleget.

Eg bur i eit hus som består av eg, Margrethe (Norge), Lisa (Norge), Carolin (Tyskland), Ainsley (Canada), Erica (USA), kakkerlakkar og edderkoppar. I tillegg skal det kanskje kome ei til. Me bur rett ved sidan av 5 andre, frå USA, Canada og Indonesia, og me har blitt godt kjent! Det er veldig kjekt her. Me har eit basseng og, men det har eg ikkje fått tatt i bruk enda, alle dei andre kom dagen før meg.

Det er veldig merkelig, for eg kom i går morges, og det føles som ei veke sidan. Eg klarte å halde meg vaken i heile går, og la meg kl 10. Eg sovna med ein gang eg la hovudet ned på puta, men eg vakna kl 07 av lyset. Så i kveld tenkte eg eg skulle ta på meg dei augedekkingsgreiene eg fekk på flyet.

I går hadde me ein del folk over på kvelden, ein del Ålesundarar faktisk. Det einaste eg har hørt sidan eg kom er "Oh, you're Norwegian? There are so many Norwegians this year" eller "Are you one ov the 12 Norwegians that came together" Det er nemlig 12 Ålesundarar her, så nok å holde styr på! I går var 4 av dei her + Lisa som bur her. Det var gøy, men eg sovna nesten i sofaen, så det var på tide å legge seg...

I dag var me på gudstjeneste!!! Fantastisk!! :D Det var utrulig levande og berre ein heilt super opplevelse! Gleder meg til dei to neste i morgon 1045 og på kvelden ein gang!

Ellers har eg ikkje mykje å sei, håpar du legg igjen ein kommentar, slik at eg veit kven som les denne bloggen

God bless,
Elisabet

14. januar 2009

Bye bye Norway

No stikker eg snart ein tur til Stavanger. I morgon drar eg til London og ca 21 norsk tid torsdag er eg forhåpentlegvis i Sydney. Flyet skal lande 7.10 fredag lokal tid.
Snakkast når eg kjem fram. Skal oppdatere så fort som mogleg.

Elisabet

11. januar 2009

Søndag 11. januar

I går hadde me avskjedskveld heime hos meg. Me var omlag 16 stykk, inkludert tre av mine søskenbarn, var veldig koseleg! :D

Eg fekk faktisk litt presangar og, noko eg vart overraska over. Johanne og Bjarte kom med ei krimroman, som eg fann ut eg ville lesa på flyet. Diverre syns eg ho såg så bra ut, at eg allerede har begynt, hehe, kanskje ikkje den smartaste. Ho er veldig bra til no, ho heiter "To små jenter i blått" av Mary Higgins Clark.

Astrid sa ho ville stikke innom på mandag med ein presang, for den var ikkje heilt klar. Den er eg spent på!! :D

Hanne Mari og Gunn Tove har laga kryssord og dikt som eg skal opna på flyet. (Eg får det sikkert ikkje før, heller, så ingen mogleik til å jukse...) Spanande.

Sofie skal og kome ned med eit brev til meg på mandag. Eg spurte om eg skulle opne det på flyet, eller når eg kom fram, men ho svara at dét skulle eg opne, når eg hadde heimlengsel! Noko som høyrtes spanande ut! (Hanne Mari meinte det ville skje første dagen...)

I dag har eg siste møte i menigheten, der eg og Ingvild har lovsangen! Det blir kjempemerkleg å seie farvel til alle, eg gruar meg til det! Men blir kjekt å kome igang.

No har eg ca 48 timar igjen på Fitjar! Can't believe it!

9. januar 2009

Farvelhelga har begynt!

I kveld var eg hos Connie. Eg, ho og Ingvild skulle ha ein jentekveld, men Ingvild var litt småredusert etter influensa, så det vart Connie og eg i staden. Var koselig, me fekk prata ein del, og bedd for kvarandre. Eg såg på bilete frå då ho var lita og var prikk lik på Kamilla i "Kamilla og tyven". Koselig!

I morga kveld (streng tatt i dag) skal eg ikkje noko spesielt, men laurdag skal eg ha ein del vener hos meg på avskjedskveld, noko som vert kjekt. Søndag kveld skal eg på siste møtet får eg drar, og ta avskjed i menigheten. Mandag ettermiddag/kveld skal eg tilbringe med mormor og morfar og familie, og tysdag reiser eg til Stavanger. Og eg har framleis nok av ting å gjere. Pakking, blant anna. Det er vanskeleg!!

See ya! ;D

5. januar 2009

Temperatur

I dag var det 33 grader i Sydney! No kjenner eg at eg har byrja å gle meg!! :D
Til samanlikning var det ca -8 på Fitjar

Kva tilsvarar Sydney i nord?

I går hadde me besøk av tante Tove og onkel Jarl, og onkel spurte om eg visste kva by nord for ekvator som var like langt frå ekvator som Sydney. Det visste eg ikkje, men eg synast det var eit interessant spørsmål.

Sydney ligg ca 33° sør, på omlag same breiddegrad som Cape Town i Sør Afrika, Buenos Aires i Argentina og Santiago i Chile.

Om lag like langt nord finn ein L.A, Charleston (South Carolina), nordlege delar av Marocco, Algerie og Tunisia, Middelhavet mellom Hellas og Egypt, deler av Israel, Hiroshima i Japan + store deler av Kina og arabiske land :)

3. januar 2009

2. januar - 11 dagar igjen i huset mitt...

I dag har eg kjøpt sko - to par, faktisk. Eit med joggesko og eit med sandalar. Mamma, Kristian og eg var på Leirvik, nemlig. Fekk gjort ein del anna og, kjøpt allergimedisin blant anna.


Men den største delen av dagen gjekk til å flytta. Hanne Mari og eg har skifta rom! Eg syns det er litt trist, for eg er van med mitt store blåe rom... Men ho bør jo tross al få det når eg reiser til Australia! Me har litt igjen endo, men når sengene er flytta har me jo skifa rom. Det er jo i sengene me søv!


No skal eg ut på tur med Sofie, er lenge sidan sist. Blir herlig å få snakka ut om alt som har skjedd, skjer og skal skje! Gotta go! :D

2. januar 2009

Godt nytt år!

2009. Nytt år, nye muligheter, right?

Då klokka passerte midnatt i natt gjekk det plutselig opp for meg at dette er eit år eg skal være særs lite heime. Eller gjekk opp for meg er kanskje feil måte å seie det på. Det var nemlig mamma som sa det til Kristian. At dette blir eit spennende år for Elisabet, der ho ikkje er så mykje heime. Eg pleier å være max sånn 3-4 veker heimefrå i året tilsamman, kanskje er eg så kort tid heime dette året? Ja, det vert eit spanande år, men også eit skummelt ett!

Akkurat no sit eg og gjer ferdig eit album. Eit type eg kan gjere digitalt ferdig her på PCen før ein sender det inn og får det printa. Mamma har laga frå eg var liten, dette er frå eg var 10 til 16, og pappa har laga det, eg ser berre gjennom det og ferdiggjer det. Håpar me får det i tide til at eg får det med meg i kofferten.

For det er det ikkje lenge til. Den 13. forlet eg redet og reiser heeeilt til Stavanger... Den 14. Reiser eg til London, vidare til Hong Kong og I Sydney er eg den 16. ca kl 07 lokal tid (kl 23 den 15. norsk tid). Tida flyr!