25. mars 2009

Nydelege Australia

Ååh, kor eg elskar dette landet. Er ikkje det vakkert, så veit ikkje eg!
Til no har eg for det meste vore "stuck" i nydelege Sydney, men eg fløy jo over store delar av landet på veien hertil og då.
Eg tenkte eg skulle lage ei liste over dei stadene eg håpar å sjå i løpet av mine tre år her:

1. Palm Beach. Det skal eg få til. You see, det er ca ein time herifrå. Dette er den berømte "Home and Away"- stranda. Så kanskje møter eg på Alf'en. Me får sjå... Hehe


2. Ayer's Rock. Dette blir i så fall i ein ferie eller langhelg. Ayer's Rock eller Uluru ligg midt i Australia, ganske langt herifrå.
Men i løpet av tre år.. We'll have to try!



3. Blue Mountains. Ligg i innlandet, ca ein times kjøretur herifrå trur eg. Ein del studentar har vore der allereie. Har sett bilete, det er ein slags Ulriken-type- heis der over ein djup dal, ser fantastisk ut! Berre sjekk ut dette biletet!!


4. Tasmania. Det er den litle (store) øya rett under Australia på kartet. Eg skal kanskje dit i mai med roomien min Carolin, og kanskje Beth. Gleder meg!!


Men for no er desse stadene litt ute av hovudet mitt. I morgon byrjar nemleg Colour Your World Women's Conference 2009!!! Eg gleder meg noko heilt utrulig! I tillegg er det albuminnspelig på søndag, så me kjem til å ha ei travel, men kjekk, veke.
For dei som ikkje veit så mykje om det, så har Hillsong Church ein stor live albuminnspeling i året, CD og DVD, og den er om 4 dagar. Ca 20 000 menneske samlast for å lovsynge! Og sangane som kjem ut i år (i juli) er dei samme sangane som me har synge i kyrkja på gudstenestane no i sommar (/vinter), og eg kan skrive under på at dei er gode! Eg syns det er den beste cden til no. Men no skal ikkje eg sei for masse! (GLED DYKK!!)
I alle fall, eg trur ikkje eg kjem til å ha så god tid til å oppdatere her medan colour foregår (til 1. april), for eg er generelt vekke frå 7 til 22-23. Men etterpå kjem det ein stor oppdatering trur eg.
Love you's. (som dei seier her. You om det er ein, you's om det er fleire. Søtt!)











22. mars 2009

Søndag morgon

Søndag morgon. Eg må gå til kyrkja om 10 minutt, så har ikkje så god tid til å skrive her, men men. Skal skrive fort, hehe

I går var eg på middag hos eit ektepar. Det har seg slik at alle studentar blir invitert i grupper på 8 til middag hos tilfeldige familiar i kyrkja, og min var i går. Var veldig kjekt! Me fekk skikkeleg god middag og, nokre kylliggreier, nokre biffgreier, ris, salat (som eg ikkje åt) og kvitlauksbrød! Til dessert var det frukt, ostekake, og ein slags is som hadde kjeks rundt og sjokoladebitar inni. Og te! Eg elskar te! Eg drikk det faktisk no...

Det viste seg at dette paret var svigerforeldre til ein av lovsangsledarane her, han som skriv alle dei gode sangane... :) "Eagles wings", "My redeemer lives", "I give you my heart", "Mighty to save", osv Så det var litt kjekt.

Men det er alt for no, må gjer meg klar til kyrkja... :)

Lots of love

18. mars 2009

NORWAY

Norge1:
I dag hadde me Personal Leadership. Læraren vår her er Lee Burns, han er og rektor. Klassen består av alle 1. klassingane, kanskje 200 stk (wild guess) Utrulig funny fyr. Men i alle fall, så var det ei jente frå Canada som hadde bursdag, så dei fekk masse folk opp og gjorde ein morosam canadisk bursdagsting. Men så, nett då ho skulle gå ned, seier Lee "Are there any Norwegians here?" Og fekk alle nordmenna fram.

Så seier han "Do you wanna hear the Norwegians sing their birthday song? It is the funniest thing I've ever seen." Så han fekk oss til å synge "Hurra for deg som fyller ditt år", med bevegelsane! Alle saman holdt på å le seg i hel. Var ein morosam scene.

Norge2: Eg har sendt pakke heim. Wohoo!! Gleder meg til å høyre om dei heime blir glad for det som er oppi.

Norge3: Eg har bestilt billettar til å reise heim i juli!!! :D Eg er heime i 8 dg og 3 kvarter, hehe :)
Anyone wanna hang out? :)

13. mars 2009

Vokaltime

Kvar 4. fredag har me masterclass. Då møtest gitarspelarar, trommisar, bassistar, vokalistar, osv frå fleire klassar, og har timar saman. I dag hadde me det. Var utrulig interessant. Me hadde om vocal range; kor lyst og mørkt du kjem. Så fekk ho alle opp rundt pianoet for å finne ut kva vår stemme var.

Først var gutane oppe, så var jentene oppe. Ca 30 stk. Me gjekk først gjennom kor mørkt me kom, og eg kom til F#3, fiss under den midterste C'en. Noko som ikkje var veldig bra, i forhold til at eg tross alt er "alt". Men ok.

Så skulle me gå lyst. Så trudde eg me skulle synge med "sterke-stemma". Men me skulle synge med luft, type ugle-ul, haha. Eg veit eg er dårlig til å forklare. Men det var enkelt. Viser seg at eg har hatt litt feil teknikk. Så eg kom til G6. Noko som er sjukt høgt. Eg var ant-høgast i klassen, nr1 var ei halvnote høgare. Og eg og ei til var G6.

Her er eit bilete som viser kor høgt det var.


Så eg er visst ikkje "alt" likevel. Vaskeekte sopran. Eg overraska meg sjølv. :)

11. mars 2009

Busy, busy, busy

Eg har ikkje oppdatert på ei stund. Eg har vore ganske travel. På fredag framførte me ein sang som me hadde skrive saman i ei gruppe på 12 stk. Ganske skummelt, men det var berre framfor klassen, så det gjekk greitt.
Måndag morgon var eg oppe klokka 5, og på skulen klokka 6.45, og tok i mot telefonsamtalar frå Sør-Afrika, etter at dei hadde sett Hillsong-TV. Det var veldig interessant. Før me byrja fekk me ei liste over spørsmål dei fleste ville stille. For eksempel "Kan eg snakke med Pastor Brian?" Då skulle me svare "Han er dessverre utilgjengeleg for augneblikket, noko eg kan hjelpe med?"
I går var eg i connect group, veldig bra. Me snakka om kvinneroller og at me er utrulig vakre, nydelige kvinner! :) And so are you girls!
Her er litt nye bilete:



Carlye er i klassen min, her tar ho oppvasken etter seg. Ho var på besøk hos oss.


Margrethe er klar for connect. Sidan det var om kvinner i går, hadde me rosa theme!


Mandy Rae, Carolin og Jessica!



Hahaha! Ja. Meg. Beth i bakgrunnen!




Meg og Beth. Lovely, ey?



5. mars 2009

Eit lite stykke Norge

Pakke frå heime:

- To boksar leverpostei.
- Stor melkesjokolade
- Kvikk lunch
- 2 pk Potetmos
- 2 pk risgraut
- Mange stk tyggis
- 2 slikkepinner
- Tegning frå Kristian <3
- Dikt frå Hanne Mari. Hilarious!! Haha
- Avisartikkel om haiangrep i Sydney! Haha! :D

Love ya's!

Edit: Glemte Sisterhood of the travelling pants 2 dvd og den godaste extra-dropsen. :D

3. mars 2009

Eg har planlagt denne oppdateringa lenge, men eg har utsatt den, for eg er redd den blir lang.

Søndag.
08.45 Alarmen ringer. Eg vaknar. Slumre.
08.50. Ny alarm. Slumre
08.55. Ny alarm. Eg står opp.

Mellom 09 og 09.30 Eg kler på meg, går på badet, har devotion time (bibel, bønn og journaling)
Mellom 09.30 og 10.15. Eg et. Nam.
10.15-10.40 Eg går til kyrkja.
10.45-ca 12.30 Møte. Bra. Brian snakkar.
Mellom 12.30 og 13. Snakke med folk, have fun, Coles. Kjøpe diverse.

Mellom 13 og 14.30. Skyss heim. Lage middag. Ete middag. Familiemiddag med familien her.
Taco! Kjenner at himmelen er på jorda. Hehe, tull. Men taco var godt! :D
14.30 til 15.30. Gjer meg klar for koret. I kveld er Touching Heaven night - steg 1 av 3 av albuminnspelinga! Maggie flettar håret mitt. Eg ombestemmer meg og tar det ut.

15.30-15.55. Går med Priska til koret. Me øvar på songane. Me bestemmer oss for at ho skal gifte seg med ein nordmann og eg med ein indpnesar, så me kan besøke kvarandre ofte.
16-ca 17.15. Oppvarming med koret + sjå på at bandet gjer seg klar.

17.15-17.40. Green room. Eg får plutseleg hovudverk. Eg drikk te. Det er godt. Hovudet er framleis vondt. Eg tenker at eg ikkje kjem til å konsentrere meg så masse om Gud i kveld. Bønnestund i green room. Eg står rett attmed Darlene Zchech. Og to meter frå Joel Houston. Men bønnestunda handla jo ikkje om dei, men Gud. Eg har framleis vondt i hovudet. Eg ber til Gud, seier at uansett kva den vonde vil kaste etter meg er Gud større. Mykje større. Den vonde er under mine føtter! Og uansett kva som skjer skal eg fokusere på Gud! Eg opnar augene. Hovudverket er borte.

17.40-18 Me i koret skal ikkje være på scenen, men foran den. Me går inn i salen, og området foran scenen er fylt opp. Me må presse oss inn. We are in the choir, sorry. Eg ender opp med å stå heilt fremst. Dykk ser meg kanskje på DVDen. Kult.

18-20.30 eller noko.
Touching Heaven.
Eg grin og ler om ein annan. Jesus er der.
I dei første sangane blir eg dytta overalt. Etter sang 2 høyrer eg Matt frå Canada bak meg rope til dei bak han. This is the choir. Do NOT push. Eg ler meg i hel. Etter sang to merkar eg (nesten) ingen dytting. Herlig. Eg trur det er delvis fordi eg har to gutar bak meg og ein til venstre, og ein drøss med korfolk til høgre. Eg høyrer seinare at andre folk blir veldig dytta.
Eg er overvelma av det fantastiske augneblikket eg er i.

Etterpå. Eg får skyss heim. Eg er førstemann heime. Eg har masse energi. Eg ringer heim. Eg snakkar med mamma, pappa og Hanne Marien. Mamma snakkar tysk med Carolin. Og norsk med Margrethe. Hanne Mari får meg til å grine. Akkurat når det er kome folk hit. TAKK! Eg legg på. Eg har masse energi framleis. Eg dansar rundt og rundt på gulvet. Eg er svimmel. Eg ryddar rommet mitt. Det er kjemperotete før eg byrjar. Ein kan faktisk ikkje sjå skrivebordet. Heilt sant. Det er så fullt. Til slutt er eg sliten og legg meg.

Mandag
Eg gjer 4 maskiner med skittentøy. 1 med kvitt, 1 med svart/mørkt, 1 med fargar og 1 med sengetøy. Eg henger ut klede og tar inn klede.
Eg er redd for hagen. Den er skummel. Eg fryktar edderkoppar der. Eg har ikkje ladar til dataen min, så eg keiar meg. Ein har godt av det, når det får ein til å vaske tøy.