31. oktober 2010

Blue.

- like the ocean -


- like the sky on a sunny day -


- like a sad day -


- like the Blue Mountains -


- like a car -


- like Brian Houston's shirt -


- like happiness -


- like part of a rainbow -


- like half of my wardrobe -


- like the river in Jeremiah 17:7-8 -


- like staring into eternity -


- like the seats and the carpets -


- like innocent eyes -




Blue is beautiful.
But how boring would the world be with only blue. What would we miss out on?








Created for community.
Maybe someone you see today will bring new colours into your life.

26. oktober 2010

USA - minner for livet.

Her er høgdepunkta frå turen til California og Kentucky:

1. San Francisco.
Vakker, vakker by. Me køyrte over Golden Gate-brua. Så køyrte me inn til byen og hadde Clam Chouder i eit rundstykke. Dette var ei skjellsuppe. Den var litt ekkel, men verdt det.
Seinare sto me i kø i tre kvartaler for å komme til den berømte gata Lambard Street. Denne gata er for bratt til at hestane kunne køyre opp, så dei la den i sikksakk.

San Fran var alt i alt ein veldig vakker by, som minnte meg om Bergen på mange måtar. Tar gjerne turen tilbake ein anna gang. (Men eg kunne nok ikkje budd der.)


2. California.
Santa Cruz. Nydelig, tåkete by.
Redwoodskog: Fantastisk.
I Monterey dro me ut på kval-titting. Me såg humpback-kvalar, som visstnok er knølkvalar på norsk, pluss spekkhoggarar. Når eg seier me såg, meiner eg onkel jarl studerte, mens eg såg opp eit par sekund om gangen fordi eg var så kvalm av å være på sjøen.
Men spekkhoggarane var kjempenære, dei var rett ved båten, og svømte under oss osv. Veldig nydelige.

3. Bryllupsførebuingar.
Dette inkluderte å være med på kjoleprøving, bridal shower (under), mange mange ærend, sminkekveld, bli med Vanessa på jobb osv. Her er bilete:

Emily og eg på bridal shower, her med kaka me seinare skulle ete.

Eg, Matilda og Gabby, som but med Vanessa på den samme kvelden.

Sminkekveld. Fra venstre: Joy (Vanessa's mor), Vanessa (BRUD!), Mary Joy (Vanessa's søster og forlover), Katie (sminkedama), meg og Emily.

Eg tok PEDIKYYYYYYYYYYYYYR for første gang, yay!!

Her er eg, Emily og Matilda på rehearsal dinner, middagen dagen før dagen.

YUMMY svensk kake på rehearsal middagen. Den var laga av mareng og var noko av det beste eg nokon gong har smakt. Umulig å beskrive. Målet mitt er å lage den ein gong i mitt liv. Nam.


4. Bryllupsdagen!

Her er eg i bilen på veg til kyrkja. Med ein ballong. Man skal alltid ha noko å pose ved sidan av ;)

EKTEPARET!!!!!!!!!!!!!!!!! DEI ER GIFT!!!!! WOHOO!! Kjempevakker kjole!


Her danser me svensk dans på dansegolvet. Kjempemoro. Det er ein dans om ein person som driv med isfisking, og dette biletet er tatt heilt på slutten når me har fått fisken! haha.

13. oktober 2010

Hei!

********** Dette skreiv eg for 7 dagar sidan, sorry, haha********************

No sit eg i senga og skriv i eit word-dokument. Eg har nådd grensa for internett denne månaden, og har difor ikkje meir internett før laurdag eller søndag, ikkje heilt sikker. Planen er difor å ta dette innlegget med på skulen i morgon og poste det på biblioteket. Så eg håpar eg hugsar det, viss ikkje blir det vel til at eg finn dette innlegget om eit par-tre år. Men men, då blir det i alle fall bra lesing til meg om tre år.

I går hadde eg ei veldig interessant innlevering. Min første teologioppgåve, den var om forskjellige teoriar rundt forsoninga (altså – kvifor fører Jesu død til evig liv for meg?), guri kor interessant. I like it. Eg samanlikna ransom/christ victor teorien med penal substitution teorien. Veldig bra.

Basically den første handlar om at – då Jesus døydde på korset overvant han djevelen og fekk makta over menneska tilbake. Det kan ikkje stemme, fordi korleis fekk djevelen makt over oss? Og kvifor møtte Jesus dø for å få makta tilbake, når me VEIT at Gud er mykje større enn djevelen og difor aldri har gitt makta over til djevelen in the first place.

Den andre handler om at Jesu død tilfredsstilte Guds krav om rettferd. Dette kan ein og setje nokre spørsmålsteikn med. Om Gud trong Jesu død for å tilgi syndene våre, kvifor seier han då til fleire folk i det nye testamentet (før sin død) ”dine synder er tilgitt”? Og kvifor må ein fredsgud ty til blod for å få fred på jorda?

Eg trur kanskje ikkje at me nokosinne heilt veit kva korset eigentleg meinte for oss før me står face til face med Gud, men det er veldig interessant å studere og filosofere over.

Det var herleg å bli ferdig med oppgåva, for eg har ganske mange og gjer før eg drar.

Det er nemlig 9, snart 8 dagar til avreise USA.

Eg reiser frå Sydney klokka 15:45 lokal tid den 14. oktober.

Eg kjem fram til San Francisco klokka 11:15 lokal tid den 14. oktober.

Eg kjem altså fram før eg har reist. Kor vittig er ikkje det? Det får turen til å høyres ganske liten ut, eller kva?

Grunnen er at eg kryssar den internasjonale datolinja. Den ligg ca midt i stillehavet, og på venstresida av den startar dagen, og på høgresida sluttar dagen. Australia er difor ein av dei første landa som får ny dag, og USA (spesielt vestkysten) er ein av dei siste dagane som har dagen. Så når eg drar frå Sydney er det framleis 13. oktober i USA og når eg er framme i USA er det blitt 15. oktober i Sydney. Det får turen til å høyres lang ut…

Sydney – USA er ca 13,5 timar, noko som er ca halvvegs til Norge, så det er ikkje så gale. Eg tenkte på det i dag, at før syns eg 5 timar til Syden var ubegripeleg langt. No er det ingenting. Ikkje i forhold til Norge – Australia. Perspektiv!

Uansett, turen heim tar 20 timar, frå Lexington til Sydney – det er også mykje mindre enn Noreg. Den tar som regel ca 27. Så eg skal nok klare meg. Og dessutan har eg noko å lese på på vegen.

For tida les eg nemlig ei bok som heiter ”Boundaries”. Den handlar om å setje grenser. Om å sei nei når du bør sei nei og om å sei ja når du bør sei ja. Det første kapittelet heiter ”a day in a boundaryless life” (ein dag i eit liv utan satte grenser) og det siste (som eg ikkje har kome til enda) heiter ”a day in a life with boundaries” (ein dag i eit liv med satte grenser). Eg håpar det siste kapittelet er bra, for det første irriterte meg grenselaust.

Sherrie, dama det kapittelet handla om sa ’ja’ til ALT. Bortsett frå det ho burde sei ja til. Kort skildring:

6.00 – Ho står opp, og tenker på gårsdagen, då ho skulle ha sydd eit karnevalskostyme til dottera, men mora kom på overraskelsesbesøk, og då Sherrie sa at ho var veldig opptatt sa mora ”eg kan forstå at du ikkje vil ha meg her, eg er jo tross alt gammal og uviktig” Sherrie sa” nei nei nei, eg er så glad du kom, la oss ha kaffi saman.”, og gjorde ikkje ferdig dottera sitt kostyme. Derfor må ho gjere det i dag.

8.45 – Ho er sein på jobb, og meiner det er ein del av livet.

11.59 – Ho får ein telefonsamtale frå ei venninne som treng nokon å snakke med, og går glipp av halve lunchpausen og kjøper seg ferdigmat.

16.00 – Ho er på vei ut av kontoret, då sjefen kjem til ho med arbeid han seier kjem til å ta ein time som han treng til dagen etter. Sherrie tenker i sitt stille sinn at det nok kjem til å ta 5 timar, at ho veit at sjefen kunne gitt ho dette arbeidet for to veker sidan og at ho er lei av å fikse alt for han. Likevel seier ho ”ja, sjølvsagt kan eg hjelpe!”

19.00 – Middagstid. Telefonen ringer. Sherrie tar den. Det er ein ledar i kyrkja. Ho spør om det passar å snakke. Sherrie lyg og seier ’ja’. Dei skal ha ein weekend for damer denne helga, som Sherrie skal være med på som deltakar. Ho som skulle arrangere aktivitetane har trekt seg, og dei treng nokre andre til å hjelpe. Kan Sherrie hjelpe? ”sjølvsagt!” ** PS – Word ville at eg skulle oversette ”weekend” til ”vekeslutt”! Så vittig!

Dette er berre noko av det denne dama går gjennom i løpet av ein dag. Ho kjenner ikkje til ordet ’nei’. Og det er SÅ frustrerande!!

Men eg anbefalar verkelig denne boka. Den fins sikkert på norsk, viss ikkje kan den brukast til nyttig bok og engelskbok, hehehe.

Men, no lukker eg pc’en, opnar boka, og tar et steg nærmare det siste kapittelet.

Og forhåpentligvis ser du dette innlegget i morgon!

Masse kjærleik,

Elisabet xoxoxoxoxoxoxoxoxxoxoxoxoxoxoxoxooxoxoxoxoxoxoxxoxoxoxoxoxoxoxoxox

*************

Jaja, det som er nytt er at eg drar om TO dagar, og at eg har gjort ferdig boka. Og det siste kapittelet gjorde boka verdt å lese. Elles er alt det andre det same, haha. Natta!

Under: Mitt profilbilde på Facebook, og mi kjære søster sitt profilbilde! Er me ikkje skjønne?