Til no har eg for det meste vore "stuck" i nydelege Sydney, men eg fløy jo over store delar av landet på veien hertil og då.
Eg tenkte eg skulle lage ei liste over dei stadene eg håpar å sjå i løpet av mine tre år her:
1. Palm Beach. Det skal eg få til. You see, det er ca ein time herifrå. Dette er den berømte "Home and Away"- stranda. Så kanskje møter eg på Alf'en. Me får sjå... Hehe

2. Ayer's Rock. Dette blir i så fall i ein ferie eller langhelg. Ayer's Rock eller Uluru ligg midt i Australia, ganske langt herifrå.
Men i løpet av tre år.. We'll have to try!

3. Blue Mountains. Ligg i innlandet, ca ein times kjøretur herifrå trur eg. Ein del studentar har vore der allereie. Har sett bilete, det er ein slags Ulriken-type- heis der over ein djup dal, ser fantastisk ut! Berre sjekk ut dette biletet!!

4. Tasmania. Det er den litle (store) øya rett under Australia på kartet. Eg skal kanskje dit i mai med roomien min Carolin, og kanskje Beth. Gleder meg!!


For dei som ikkje veit så mykje om det, så har Hillsong Church ein stor live albuminnspeling i året, CD og DVD, og den er om 4 dagar. Ca 20 000 menneske samlast for å lovsynge! Og sangane som kjem ut i år (i juli) er dei samme sangane som me har synge i kyrkja på gudstenestane no i sommar (/vinter), og eg kan skrive under på at dei er gode! Eg syns det er den beste cden til no. Men no skal ikkje eg sei for masse! (GLED DYKK!!)
I alle fall, eg trur ikkje eg kjem til å ha så god tid til å oppdatere her medan colour foregår (til 1. april), for eg er generelt vekke frå 7 til 22-23. Men etterpå kjem det ein stor oppdatering trur eg.
Love you's. (som dei seier her. You om det er ein, you's om det er fleire. Søtt!)
3 kommentarer:
Det var mange spennende steder å dra til- og noen var jo ikke så langt unne. Så du klarer nok å få sett alle stedene, tror jeg.
Kos deg på konferansen.
Klem
Hei E!
Elska filmen! Kjempemorsom;) Erica from America, haha! Glede meg te du komme heim! Må kosa deg masse framover!!
LOVE H ;)
Hei Elisabet
Mange kjekke plasser. Du rekker dette fint i løpet av ditt ene år der nede.
he-he :)
Litt mer seriøst: Se lovsang.no
Legg inn en kommentar