Søndag morgon. Eg må gå til kyrkja om 10 minutt, så har ikkje så god tid til å skrive her, men men. Skal skrive fort, hehe
I går var eg på middag hos eit ektepar. Det har seg slik at alle studentar blir invitert i grupper på 8 til middag hos tilfeldige familiar i kyrkja, og min var i går. Var veldig kjekt! Me fekk skikkeleg god middag og, nokre kylliggreier, nokre biffgreier, ris, salat (som eg ikkje åt) og kvitlauksbrød! Til dessert var det frukt, ostekake, og ein slags is som hadde kjeks rundt og sjokoladebitar inni. Og te! Eg elskar te! Eg drikk det faktisk no...
Det viste seg at dette paret var svigerforeldre til ein av lovsangsledarane her, han som skriv alle dei gode sangane... :) "Eagles wings", "My redeemer lives", "I give you my heart", "Mighty to save", osv Så det var litt kjekt.
Men det er alt for no, må gjer meg klar til kyrkja... :)
Lots of love
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar