Kvar 4. fredag har me masterclass. Då møtest gitarspelarar, trommisar, bassistar, vokalistar, osv frå fleire klassar, og har timar saman. I dag hadde me det. Var utrulig interessant. Me hadde om vocal range; kor lyst og mørkt du kjem. Så fekk ho alle opp rundt pianoet for å finne ut kva vår stemme var.
Først var gutane oppe, så var jentene oppe. Ca 30 stk. Me gjekk først gjennom kor mørkt me kom, og eg kom til F#3, fiss under den midterste C'en. Noko som ikkje var veldig bra, i forhold til at eg tross alt er "alt". Men ok.
Så skulle me gå lyst. Så trudde eg me skulle synge med "sterke-stemma". Men me skulle synge med luft, type ugle-ul, haha. Eg veit eg er dårlig til å forklare. Men det var enkelt. Viser seg at eg har hatt litt feil teknikk. Så eg kom til G6. Noko som er sjukt høgt. Eg var ant-høgast i klassen, nr1 var ei halvnote høgare. Og eg og ei til var G6.
Her er eit bilete som viser kor høgt det var.

Så eg er visst ikkje "alt" likevel. Vaskeekte sopran. Eg overraska meg sjølv. :)
3 kommentarer:
Det var jo stilig.
Skal se at du hadde egnet deg til opera.... Nei eg bare tøyse,det er vel ikke akkurat drømmen din.
Høres iallfall kjekt ut med vokaltime!
Hei Elisabet. Sjekk mailen. Har sendt deg en mail i kveld.
Husk at alt er mulig for den som tror, selv om du er sopran :)
Pappa
Legg inn en kommentar