Hei! I dag er det måndag, og eg er trøytt. I helga var eg på impuls, det var knall! Eg og Åse Marie var på tre foredrag; profeti, girls only og hva med livet mitt. Det var veldig interessane foredrag. I tillegg var det celebrations, dei var supre...! Fantastisk lovsang (mykje eg kunne, litt nytt), og gode talar. Minusen var å sitje som sild i tønner på golvet, men det gjekk jo eigentleg bra.
På fredag har eg fri. Det blir bra. Eg trur eg treng det, eg har no vore med på noko tre helger på rad (krussehelg 11.-13., lovsangshelg 18.-20., impuls denne helga), og eg er blitt litt trøytt. Eg plar å bruke helgene til å sove ut, eg...
I kveld byrjar farmen. Spanande!
Vekas bøneemne:
- Impuls vidare - Kristiansand, Oslo, Thailand (!)
- IMI-kirken - Stavanger
- Familie og vener
- Blessed på Stord Bibelsenter
- Styrke til dei kristne som bur i land utan religionsfridom.
- Kristne lovsongarar.
- Alle som fann Jesus under impuls og som no skal returnere til det vanlige livet.
29. januar 2008
26. januar 2008
Helg og impuls
No er klokka 14.01. min buss til Stavanger går frå Leirvik 15.15, så eg reiser nok herifrå (heime) ca 14.30 (må jo ha god tid). Eg gleder meg!!
Berre for å seie det med ein gong, dei siste dagane har det vorte stor nedgong i kor mykje vind det er meldt over Boknafjorden (sjå forrige blogginnlegg). Altså, bønesvar. Gud er god :)
Uansett, bittelitt pakking gjenstår, og eg har ikkje så mykje tid igjen, så dette vert eit svært kort innlegg! Ha ei velsigna helg, og kos dykk. Det skal eg gjere ;)
Love
Elisabet
PS. Handball-VM. Eg er skuffa, me hadde tidenes sjanse i går, men uansett 5. eller 6. plass er BRA!

22. januar 2008
Framtida mi
Kva gjer eg om seks månadar? Kvar er eg, kven er eg med og kva driv eg med?
Dette er spørsmål eg gjerne skulle visst svaret på. 1. februar byrjar inntaket til folkehøgskular. Dersom eg ville inn der, burde eg kanskje søkje snart. Men eg trur kanskje ikkje eg skal dit. Høgare utdanning? Kanskje. Men kva? Bibelskule? Kanskje.
Gud har ein plan for mitt liv, men kva det er venter eg framleis på å finne ut. Kva det er i sin heilheit får eg kanskje aldri vite. Eg føler det vert feil å berre søkje på noko for å søkje, når eg ikkje veit kva Han vil med mitt liv. Difor trur eg eg kjem til å vente til eg har ein klarare plan.
I helga hadde me på Stord bibelsenter møtehelg med temaet lovsang. Me hadde besøk av Trine og Adrian Westbrook, som var veldig musikalske, hyggelege og flinke talarar. Dei var frå Ålesund, men Adrian kjem frå Australia. Dei møttes då dei begge gjekk på bibelskule på Hillsong i Sydney. Tenk det! Å gå på skule på Hillsong. Det måtte vere fantastisk!
For halvanna veke sidan var eg på Krusse-weekend på Wallemtunet i Kvamskogen. Det var skummelt, då eg (trudde eg) ikkje kjende nokon, og var ganske nervøs. Men det gjekk superbra. Eg møtte mange kjekke, musikalske menneske, blant anna presidenten for krussen i Norge, og ein stording eg kjende for ein del år sidan. Kjekt! :)
Til helga skal eg på impuls i Stavanger med mi kjære kusine Åse Marie. Det har eg tru på at vert konge! Hverken eg eller Åse Marie har vore på impuls før, så det vert spanande.
Eg har forresten bestemt meg for å byrje å lage ei bøneliste, som eg legg ut her (med mindre eg har ein grunn for å ikkje publisere emna på veven).
Vekas bøneliste:
- Impuls, og alle som skal dit.
- Min klasse
- Trine og Adrian og Agapekirka i Ålesund
- Min ven som planlegg bryllaup (eg skal servere. skummelt. når det nærmar seg, trur eg eg må setje serveringa mi på denne lista, eg har ikkje stor tru på at eg er særleg god)
- Utvikling i menighetane på Stord.
- Blessed, ungdomsavdelinga på Stord Bibelsenter, og folka som deltek der.
- Hjelp til å finne ut vidare skulegang.
- Mindre vind enn vêrmeldinga seier det skal bli til helga, då eg skal på impuls. Eg er ikkje særleg vêrsterk over Boknafjorden...
Ellers vil eg berre ynskje dykk alle ei flott veke, pris Gud, og Guds fred!
Love,

Abonner på:
Innlegg (Atom)