Hei! I dag er det måndag, og eg er trøytt. I helga var eg på impuls, det var knall! Eg og Åse Marie var på tre foredrag; profeti, girls only og hva med livet mitt. Det var veldig interessane foredrag. I tillegg var det celebrations, dei var supre...! Fantastisk lovsang (mykje eg kunne, litt nytt), og gode talar. Minusen var å sitje som sild i tønner på golvet, men det gjekk jo eigentleg bra.
På fredag har eg fri. Det blir bra. Eg trur eg treng det, eg har no vore med på noko tre helger på rad (krussehelg 11.-13., lovsangshelg 18.-20., impuls denne helga), og eg er blitt litt trøytt. Eg plar å bruke helgene til å sove ut, eg...
I kveld byrjar farmen. Spanande!
Vekas bøneemne:
- Impuls vidare - Kristiansand, Oslo, Thailand (!)
- IMI-kirken - Stavanger
- Familie og vener
- Blessed på Stord Bibelsenter
- Styrke til dei kristne som bur i land utan religionsfridom.
- Kristne lovsongarar.
- Alle som fann Jesus under impuls og som no skal returnere til det vanlige livet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar