13. februar 2008

Ei veke igjen

Eller rettare sagt, tre skuledager. Eg treng den ferien. Det har blitt mykje i det siste. Innlevering i går, og i morgon og prøve på fredag er det me har denne veke. Pluss lekser. Det syns eg er mykje :)

I ferien skal eg prøve å få kjørt litt, ha kjøretime, prøve å få gjort litt særemne, få gjort litt andre lekser, få trent litt / ev. gå tur, redigere litt på ein film eg burde vore ferdig med frå lenge sidan, men som eg ikkje har kome i gang på (festkveld Hurdal '07), og kanskje slappe av?

Eg GLER med til juni, til eksamenane er over, og til Allmenn påbygg er slutt! Eg treng ferie! Men no er det berre 4 månadar igjen, 6 månader har gått. Eg er godt over halvvegs. Så spørst det berre kva det blir neste år ;)

Kisses,
Elisabet :-)

6. februar 2008

Tirsdag...

... og ny veke.

Hei! I dag er det tysdag, og tid for grey's anatomy. Det er alltid eit høgdepunkt.

I dag er eg ganske spent på supertuesday i USA, kven som vinn av demokratane. På republikanarane si side er det vel McCain... Eg tok ein test på BT, med heile ti spørsmål (så eg trur ikkje den er så rett). Der hadde eg mest til felles med Clinton, fulgt av Obama. Eg likar Obama best som person, men kven veit kven eg har mest til felles med... Spanande. Uansett skal ikkje eg velje...

Denne veka har eg hatt ein del å gjere på skulen, eg har lese ut Albertine, hatt foredrag om Sult, skrive naturfagøvingar, byrja på gymmen (men den vart heldigvis utsett ei veke), og prøvd å finne ut kva eg skal finne på i engelsken. "Something close to your heart", sa læraren. Hmmm

Vekas bøneliste:
- menighetane på Stord og i Sunnhordland
- framgong for kristen musikk i Noreg
- klassekamerater og vener
- dei som vart frelst på impuls
- Blessed

Love,
Elisabet