... og ny veke.
Hei! I dag er det tysdag, og tid for grey's anatomy. Det er alltid eit høgdepunkt.
I dag er eg ganske spent på supertuesday i USA, kven som vinn av demokratane. På republikanarane si side er det vel McCain... Eg tok ein test på BT, med heile ti spørsmål (så eg trur ikkje den er så rett). Der hadde eg mest til felles med Clinton, fulgt av Obama. Eg likar Obama best som person, men kven veit kven eg har mest til felles med... Spanande. Uansett skal ikkje eg velje...
Denne veka har eg hatt ein del å gjere på skulen, eg har lese ut Albertine, hatt foredrag om Sult, skrive naturfagøvingar, byrja på gymmen (men den vart heldigvis utsett ei veke), og prøvd å finne ut kva eg skal finne på i engelsken. "Something close to your heart", sa læraren. Hmmm
Vekas bøneliste:
- menighetane på Stord og i Sunnhordland
- framgong for kristen musikk i Noreg
- klassekamerater og vener
- dei som vart frelst på impuls
- Blessed
Love,
Elisabet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar