29. juli 2008

London

Turen:
Eg, Gunn Tove og Hanne Mari reiste til London den 25. juli. Me dro med kvart over seks-ferga, og flyet gjekk rundt halv ti. Me var framme på Stansted ca halv 11 lokal tid, og var på hotellet ca halv ett. Me var i London resten av fredagen, laurdag, og søndag fram til ca halv fem lokal tid, då tok me buss tilbake til flyplassen. flyet gjekk 20:45 lokal tid, og me var på Flesland ca halv tolv norsk tid. Me var heime litt over to.

Attraksjonane:
Me var på London Eye, Madam Tussaud's og musikalen Wicked. Eg elska musikalen, den var fantastisk, sjølv etter omstendighetene (sjå seinare). For dei som ikkje veit det handlar Wicked om førhistorien til den grønne heksa i the Wizard of Oz. Den hadde då ikkje nokon av oss sett (til alle me snakka med sin forbauselse, men sidan det var førhistoria, gjorde det ikkje så mykje.
Madam Tussaud's var kjekt, men alt for folksomt. Det er slitsomt og varmt med så mange folk. Likevel var det gøy, det var verdt pengane. London Eye var litt skummelt, hehe, men utruleg fin oversikt over byen.

Svindlarane:
Dersom du ikkje gidd å lese dette innlegget fordi det er for langt, få med deg dette: IKKJE KJØP MUSIKALBILLETTAR I BILLETTBODAR PÅ PICCADILLY / LEICESTER SQUARE! Historia bak var slik: Me hadde høyrt det var så utruleg rimeleg å kjøpe billettar i slike luker, og me såg ei luke, og gjekk bort. Mannen som jobba der virka veldig hjelpsam, og sa ting som; "Ikkje kjøp til Dirty Dancing, den er altfor dyr", og "Eg sovna under Chicago". I tillegg gjekk han rundt og sa "Darling, darling, darling" til oss alle, heile tida. Han sa at Wicked var bra, og ikkje altfor dyr, berre £40, ca 400, og då skulle me få kjempegode seter!! Etter mykje om og men kjøpte me tre billetter, berre for å gå vidare, og sjå at det kosta £20 i neste luke. Me prøvde å gå tilbake, men fekk ikkje pengane igjen.

Dagen etter var me tilbake og henta billettane, hos ei kvinne denne dagen, men så usmarte som me var såg me ikkje på dei.. Då me kom til Victoria, der musikalen var, fann me ut at den eine billetten hadde rad Y sete 20, dei andre hadde rad Y sete 31 og 32. Så me gjekk i luka på sjølve musikalbygget og spurte om dei kunne hjelpe oss. Det kunne dei ikkje, og dei sa at billettane var verdt £15 kvar. Då me kom inn såg me at sete 31 var attmed trappa, og at rad Y var siste rad (kjempegode seter, ey?). Litt etter at me var kome inn kom det ei kvinne og ei jente frå USA, som skulle sitte på raden framfor oss. Me fann etterkvart ut at me hadde kjøpt same stad, og at dei hadde blitt like lurt som oss. Dei hadde faktisk sett på billettane, og lurt litt på korleis rad X kunne være så langt framme. Kvinna som jobba der på laurdagen sa at her brukte dei alfabetet baklengs, a var bakerst. Ho sa at dei kunne kjøpe billettane for £40 eller £45, men dei for £40 var bak ei søyle. Det var ingen søyler i heile rommet...

Me, og familien frå California, bestemte oss for å møtast dagen etter, klokka ti, der me hadde kjøpt dei, for å få pengar igjen. Om me ikkje fekk dei, noko det var stor sjanse for, ville me stå der heile dagen og seie til alle at her måtte ein ikkje kjøpe billettar, det var mykje billigare å kjøpe dei der musikalen var. (Der ville me fått det for £15). Planen funka greitt den, sjølv om dei lata som dei henta politiet (noko dei ikkje ville gjort, då dei solgte ulovleg), og til slutt fekk me igjen £20 kvar, slik at me berre kjøpte dei for £20. Amerikanarane fekk £30, slik at dei berre kjøpte dei for 15. Bottom line: Ikkje gje opp!

Toss, toss!

16. juli 2008

Liten oppdatering

Her kjem ein liten oppdatering, sjølv om det ikkje er mykje å oppdatera. Var i Bergen i helga (torsdag til søndag), hos søskenbarn. Var deilig å kome seg litt ut frå huset.

Såg Mamma Mia i helga, syntest den var utruleg bra. Musikk på topp, skodespelarar på topp, humor på topp, og litt merkleg historie. Men det andre vog opp for det... No må eg berre sjå Narnia, Hanne, G og meg tenkte me skulle gjere det i London.

For neste helg (25.-27.) reiser me nemleg dit! Gler meg kjempemykje! Jentetur, shopping, musikal, kino, sightseeing osv! Eg skal kose meg.

Feel free til å leggje igjen ein kommentar, hadde vore kjekt å vite om det er fleire enn eg veit om som les dette!

Blessings,
Elisabet

7. juli 2008

Flybillettar!!!!

I dag har eg faktisk, actually, bestilt flybillettar til Sydney! Wow, det er merklig, no er det på ein måte ekte, no skal eg dra!

Det vert ei lang reise, eg tar eit fly om morgonen/føremiddagen frå Stavanger til Heathrow, den 14. januar. Tingen er berre at sidan flyet går frå Stavanger må eg kome meg dit og vere ute i god tid, noko som betyr at eg må køyre kanskje sånn 5 og stå opp sånn 4. Huff og huff.

Då eg kjem til London går neste fly ganske seint på kvelden, så eg har ein del ventetid. Eg er framme i Sydney 16 januar på morgonen, lokal tid, så det vert ei lang reise!

Heldigvis har eg funne meg ein reisepartnar som også skal gå på Hillsong, så det vert hvertfall ikkje åleine. :)

Blessings,
Elisabet

4. juli 2008

Varme!

I dag var det varmt, kjempevarmt. I følge mormor, over 30 grader! Altså varmt! Og difor brukte eg dagen inne, eg klara ikkje varmen. Men då tenkte eg kva har eg eigentleg tenkt å gjere i varme Australia, om eg ikkje klarar varmen her ein gong?

Men sånn eigentleg så er varmen i Australia eit pluss. Å velje mellom norsk temperatur og australsk temperatur må ein jo velje australsk. Men helst ville eg vore midt i mellom :)

I morgon skal eg selje billettar på jobb igjen :)

Ha ein fin dag,
Elisabet

2. juli 2008

Okei, så no har eg omgjort bloggen min litt...

... sidan den gamle var så lite brukt.

Forandringar sidan sist (i kronologisk rekkefølgje):
* Eg fekk vinterferie, og nytte den.
* Eg klara teorien.
* Eg (og Trine) vart ferdig med særemne
* Eg fann ut kva eg skal gjere med livet mitt dei neste åra.
* Eg var russ (og kristenruss)
* Eg vart 18
* Eg fekk lappen
* Eg gjorde meg ferdig med vidaregåande skule

Wow, mykje har skjedd på nokre månader sidan februar. Mest drastisk: Eg skal flytte til Baulkham Hills og Sydney og Australia i januar. Eg skal i laupet av tre år ta ein "Advanced Diploma of Ministry" med linjefag Worship Music and Creative Arts, noko eg gler meg utruleg til!! Samtidig vert det kjempevemodig å forlate vener og kjente, og ikkje minst familie.

For tida held eg på å fylle ut studentvisumsøknaden min, noko som er meir avansert enn ein skulle tru. Ikkje berre er det mange vanskelege ord, men dei er i tillegg på engelsk, og søknadsskjemaet er på om lag 30 sider. Så ting tar tid...

Åra kjem til å bli kostbare, og fordi advanced diploma ikkje er på nivå med norsk høgskule/universitet, men på eit mellomnivå i Australia, får eg ikkje stipend frå lånekassen. Eg må difor søkje andre stipend, og jobbe så mykje som mogleg. For tida har eg sommarjobb som billettseljar på Sandvikvåg, noko som er ein ganske kjekk jobb, faktisk. Eg ser etter ein jobb til hausten (august til ca 10. januar). Gje meg ein lyd om du har ein!

I tillegg ser eg etter billigast moglege flybillettar, noko som og tar tid. Så det er mykje å gjere.

Puuhh (haha), langt innlegg. Får ikkje håpe eg har skrive så mykje at eg ikkje lengre har noko å skrive dei neste månadane. Haha, skal prøve å oppdatere ofte :)

Får avslutte med standardkommentaren min på Sandvikvåg: Ha ein fin dag!!
(Brukte lenge "God tur", men det var litt for mange som svara "I lige måde", høhø)