2. juli 2008

Okei, så no har eg omgjort bloggen min litt...

... sidan den gamle var så lite brukt.

Forandringar sidan sist (i kronologisk rekkefølgje):
* Eg fekk vinterferie, og nytte den.
* Eg klara teorien.
* Eg (og Trine) vart ferdig med særemne
* Eg fann ut kva eg skal gjere med livet mitt dei neste åra.
* Eg var russ (og kristenruss)
* Eg vart 18
* Eg fekk lappen
* Eg gjorde meg ferdig med vidaregåande skule

Wow, mykje har skjedd på nokre månader sidan februar. Mest drastisk: Eg skal flytte til Baulkham Hills og Sydney og Australia i januar. Eg skal i laupet av tre år ta ein "Advanced Diploma of Ministry" med linjefag Worship Music and Creative Arts, noko eg gler meg utruleg til!! Samtidig vert det kjempevemodig å forlate vener og kjente, og ikkje minst familie.

For tida held eg på å fylle ut studentvisumsøknaden min, noko som er meir avansert enn ein skulle tru. Ikkje berre er det mange vanskelege ord, men dei er i tillegg på engelsk, og søknadsskjemaet er på om lag 30 sider. Så ting tar tid...

Åra kjem til å bli kostbare, og fordi advanced diploma ikkje er på nivå med norsk høgskule/universitet, men på eit mellomnivå i Australia, får eg ikkje stipend frå lånekassen. Eg må difor søkje andre stipend, og jobbe så mykje som mogleg. For tida har eg sommarjobb som billettseljar på Sandvikvåg, noko som er ein ganske kjekk jobb, faktisk. Eg ser etter ein jobb til hausten (august til ca 10. januar). Gje meg ein lyd om du har ein!

I tillegg ser eg etter billigast moglege flybillettar, noko som og tar tid. Så det er mykje å gjere.

Puuhh (haha), langt innlegg. Får ikkje håpe eg har skrive så mykje at eg ikkje lengre har noko å skrive dei neste månadane. Haha, skal prøve å oppdatere ofte :)

Får avslutte med standardkommentaren min på Sandvikvåg: Ha ein fin dag!!
(Brukte lenge "God tur", men det var litt for mange som svara "I lige måde", høhø)

1 kommentar:

Anonym sa...

Haha, du e knall skjønn! Da e kjekt å lesa bloggen din, da må eg jammen meg sei:) Du skrive bra:)