28. januar 2010

A trip down memory lane

Nokon som hugsar powerhouse retreat?

Ikkje?

Vel, her er kortversjonen frå i fjor:


Dei tre siste dagane av forrige månad, altså torsdag til laurdag, var eg på leir med Powerhouse, som er ungdommane i Hillsong Church mellom 18 og 25 år. Det var veldig kjekt, og eg skulle likt å vise dykk bilete av den vakre stranda og alt, men eg klarte å slette alle bileta mine. Ikkje kjekt!

Uansett, torsdag ettermiddag kjørte me av garde. Eg, Erica og Maggie satt på med Liz frå England og Farah frå Irland. Turen på ca 40 minutt tok ca 1,5 time, pga kø ut frå byen. Såg mange interessante skilt på veien, blant anna et fartsgrenseskilt der det sto at grensa var på 100 km/t, men 90 km/t om det var regn.

Me kom fram, og kom til hytta vår der me skulle sove med Lydia, connect group-lederen vår. Var ei ganske fin hytte, og me såg ingen kakkerlakkar, noko som er betre enn heime! :)

Det første møtet var fantastisk. Det begynte med nydeleg lovsang, så kom flott preiken av Thomas Hansen, Hills Powerhouse sin ungdomspastor.

I løpet av det siste halve året har eg kjent veldig sterkt at Gud vil at eg skal lovprise Han på kner, men eg har aldri verkeleg turt å gjere det, ikkje offentleg i alle fall. Og det gjorde eg ikkje her heller, ikkje med ein gang, det føltes så unaturleg for eg var ikkje eigentleg i grinestemning, you know what I mean? Men då nokre rundt meg gjorde det, turde eg å ta det fulle steget ut.

Med ein gang eg kom ned på kne kom tårene, og eg hadde veldig mange følelsar som gjekk gjennom hovudet mitt. Blant anna har eg lenge hatt lyst å kunne snakke i tunger, noko eg aldri har kunna. For eit par veker sidan vart eg bedd for av romvenninnene mine for å få det, og dei sa at eg kanskje kom til å berre få eit ord til å begynne med, og at eg berre måtte ver tolmodig. Seinare vart eg bedd for på skulen, saman med andre som ikkje hadde det (relativt få, faktisk).

Men i alle fall, medan eg var på kne, og hadde augene igjen; såg eg eit ord nedskrive foran meg. Og eg vart utrulig oppmuntra av å berre få eit ord, men eg ville likevel ha meir. Men eit ord var det eg fekk. Etterpå var eg heilt "I got a word!" og venninnene mine berre "huh? for me? what?" Eg berre, "No, in the tongue language". Det var veldig morsomt.

Neste dag var det ein fyr som heiter Robert Ferguson som snakka, veldig morsom mann, men rett på sak, og utrulig dyktig. Etter at han hadde snakka sa han at alle som ikkje hadde tungetale skulle kome fram å få det, så eg kom fram, men eg var veldig usikker, og lurte på om det ordet berre var noko eg hadde kome med sjølv, så eg turte liksom ikkje å opne munnen min når dei ba for meg. Så eg ba Jesus om at eg skulle kjenne at det var frå Han og ikkje meg. Då høyrde eg ein gut/mann attmed meg be for ein annan i tungetale, og eg høyrde "mitt" ord innimellom alt. Det var veldig spesielt. Så eg berre opna munnen, og orda strøymde ut. Var veldig herlig.

Ellers på leiren var det utrulig masse spanande som hende, kristent sett, men og sosialt sett. Fredag morgon var det tre leiarar på scenen, og byrja å snakke om at på denne leiren var det nokon med, nokon som var 3, men og 1. Kunne Michael Schmidt venligst kome opp på scenen? Alle berre "hæ?" Så Michael kom opp på scenen. Og den eine leiaren sa, "ja, her er Michael Schmidt". Men dei andre sa at dette var ikkje deira Michael, kunne Michael kome opp. Og Michael nr. 2 kom opp, men leiar #3 sa at dette var ikkje hans Michael. Det viste seg at det faktisk var tre stk Michael Schmidt på leiren. Og dette vart ein slags intern ting kvar dag, kvar gong det var møte kom Michael'ane opp på scenen, gjerne saman med Obama og fruen. Hehe. I guess you must have been there...

I dag drar eg til årets retreat! Gler meg! Referat kjem etterpå.
Og i går byrja eg college. Good times.

25. januar 2010

Første dagen i Australia i 2010

Imponert over kommentarane folkens. Med tanke på at eg ikkje har oppdatert på ein og ein halv månad. I alle fall, eg er tilbake i Sydney, og det er sjølvsagt kjekt. Er fantastisk å sjå igjen folk.

Flyreisa gjekk sånn middels bra, eg vart forkjøla same dagen som eg skulle dra, og hosta, nøys og var ekkel heile turen. Men eg tok reisesjuketablettar og dei hjalp veldig på kvalmen ( =eg var ikkje kvalm), pluss at dei gjorde meg søvnig, så eg sov ca heile vegen. Litt sånn av og på soving, men likevel. Det gjekk ganske fort.

Flyet mitt landa ca halv 8 i Sydney søndag morgon lokal tid, og eg skulle vente på Sandra og Helga som skulle komme ca kvart over 9 på flyplassen og skulle få skyss heim med ho som skulle hente dei. Heldigvis for meg var det mange Hillsongfolk på flyplassen den dagen, møtte mange kjente (kanskje sånn 8-10 stykk) så eg slapp å vente åleine.

Når eg endeleg kom meg heim viste det seg at koden til gaten der eg bur var skifta, og eg hadde ingen aning kva den var. Så til slutt venta eg berre til det kom ein bil, og så fulgte eg etter den inn. Må ha sett litt mistenkeleg ut, hehehe

Då eg kom til mitt nye hus, var det ingen heime, og døra var låst. Eg pføde å ringe Erica og Becky, men ingen tok telefonen. Til slutt tok Becky den, og sa at Letitia var akkurat kjørt heimover frå kyrkja. Så eg trong ikkje å vente meir enn kanskje max 15 minutt frå eg komt til stengt gate til eg var inne i huset.

Sidan eg hadde ingen mat som til saman kunne bli godt (spagetti og ris) lagde eg og Letitia ein sandwich på aussiemåten, noko som betydde, kylling nederst, så ost, så agurk, og så skippa eg paprika og salatblad. Men det var ganske godt altså, det må eg sei.

Ellers så har eg fått nye housemates, ja.
- Erica som eg budde med i fjor og
- Letitia som budde her i forrige semester. Ho er frå Australia
- Becky som budde her forrige semester og skal flytte up på tysdag. Ho er frå Canada
- Ukjend som skal flytte inn på Tysdag. Ho er frå Australia
- Rachel frå Wales, som er ny, og har med seg ein norsk kjærast.
- Lana frå USA som er ny.
- Briana frå USA som er ny.

Eg kan ikkje sei at eg kjenner dei sånn veldig godt, men dei virkar veldig kjekke.

Ellers så var eg i kyrkja i går kveld og såg nokre av dei fantastiske venene mine igjen. Var fantastisk kjekt!

Først møtte eg Imogen, yeey!
Så sprang eg bort til Aynsley, og hadde eit veldig lyst hyl, før klemmen kom.
Så møtte eg Carolin og Paula og Lone og Stephan og Tim og s v. Mange mange folk. Connectgruppa mi og alt i alt alle dei beste folka Australia har å by på.

Så kom eg heim og såg Erica, ho hadde vore på South West - ein anna Hillsong campus - heile dagen. Så me feira med Tim Tam Slams - dykk veit, det de er så redde for å gjere, drikke te gjennom Tim Tam'en.

Så la eg meg. Då var eg trøtt.

24. januar 2010

Back in Sydney

Hei! No er tilbake i Sydney etter ei lang reise.
Det føles skikkeleg bra å være her, sjølv om eg saknar den gode, trygge heimen.
Eg er litt småtrøtt, og vil nok oppdatere meir seinare /i morgon. Men no vil eg sei at eg er glad i dykk alle.
Og at det berre er ca 20 grader i dag, så passelig overgang.


k-lem