Flyreisa gjekk sånn middels bra, eg vart forkjøla same dagen som eg skulle dra, og hosta, nøys og var ekkel heile turen. Men eg tok reisesjuketablettar og dei hjalp veldig på kvalmen ( =eg var ikkje kvalm), pluss at dei gjorde meg søvnig, så eg sov ca heile vegen. Litt sånn av og på soving, men likevel. Det gjekk ganske fort.
Flyet mitt landa ca halv 8 i Sydney søndag morgon lokal tid, og eg skulle vente på Sandra og Helga som skulle komme ca kvart over 9 på flyplassen og skulle få skyss heim med ho som skulle hente dei. Heldigvis for meg var det mange Hillsongfolk på flyplassen den dagen, møtte mange kjente (kanskje sånn 8-10 stykk) så eg slapp å vente åleine.
Når eg endeleg kom meg heim viste det seg at koden til gaten der eg bur var skifta, og eg hadde ingen aning kva den var. Så til slutt venta eg berre til det kom ein bil, og så fulgte eg etter den inn. Må ha sett litt mistenkeleg ut, hehehe
Då eg kom til mitt nye hus, var det ingen heime, og døra var låst. Eg pføde å ringe Erica og Becky, men ingen tok telefonen. Til slutt tok Becky den, og sa at Letitia var akkurat kjørt heimover frå kyrkja. Så eg trong ikkje å vente meir enn kanskje max 15 minutt frå eg komt til stengt gate til eg var inne i huset.
Sidan eg hadde ingen mat som til saman kunne bli godt (spagetti og ris) lagde eg og Letitia ein sandwich på aussiemåten, noko som betydde, kylling nederst, så ost, så agurk, og så skippa eg paprika og salatblad. Men det var ganske godt altså, det må eg sei.
Ellers så har eg fått nye housemates, ja.
- Erica som eg budde med i fjor og
- Letitia som budde her i forrige semester. Ho er frå Australia
- Becky som budde her forrige semester og skal flytte up på tysdag. Ho er frå Canada
- Ukjend som skal flytte inn på Tysdag. Ho er frå Australia
- Rachel frå Wales, som er ny, og har med seg ein norsk kjærast.
- Lana frå USA som er ny.
- Briana frå USA som er ny.
Eg kan ikkje sei at eg kjenner dei sånn veldig godt, men dei virkar veldig kjekke.
Ellers så var eg i kyrkja i går kveld og såg nokre av dei fantastiske venene mine igjen. Var fantastisk kjekt!
Først møtte eg Imogen, yeey!
Så sprang eg bort til Aynsley, og hadde eit veldig lyst hyl, før klemmen kom.
Så møtte eg Carolin og Paula og Lone og Stephan og Tim og s v. Mange mange folk. Connectgruppa mi og alt i alt alle dei beste folka Australia har å by på.
Så kom eg heim og såg Erica, ho hadde vore på South West - ein anna Hillsong campus - heile dagen. Så me feira med Tim Tam Slams - dykk veit, det de er så redde for å gjere, drikke te gjennom Tim Tam'en.
Så la eg meg. Då var eg trøtt.
6 kommentarer:
Morsomt Elisabet. Forstår godt at du var trøtt etter alt dette. Har aldri tenkt på at vi kan låse ei gate. Kanskje det var en idé for Fitjar? Kodelås ved Reino og bedehuset?
Tror jeg hadde blitt taua inn hvis jeg hadde prøvd dette.
Vi kunne satt en kodelås ved krysset med Sveinung, men naboene ville neppe vært med på dette...
Spennande me mange nye då ;) Må få sjå di på Face, hehe:)
Så gøy med så mange nye roomier ja;) men du? sykt at dere har koder for å komme inn i en gate. gasnke smart egentlig.
Anonym = Malin
Hehe, thanks for kommentarar. Dåke e skjønne. Morsomma e jo at når eg skrive 'gate' meine eg da engelske ordet "gate" som betyr port. gaten = gei-ten - porten.
Og den må du ha passord te. :)
Men men
love you
Elisabet: Du seier "Men men".
Hører noen som sier at du ikke skal si "Men men", men "Amen amen" :)
Legg inn en kommentar