27. februar 2010

Kva vil det seie å være ein kristen?

Wow, to innlegg på ein dag!

Eg fann dette diktet på facebooken til ein venn, og vil dele det med dykk:

When I say that 'I am a Christian', I am not shouting that 'I am clean living'.
I'm whispering 'I was lost, but now I'm found and forgiven.'

When I say 'I am a Christian' I don't speak of this with pride.
I'm confessing that I stumble and need Christ to be my guide.

When I say 'I am a Christian' I'm not trying to be strong.
I'm professing that I'm weak and need His strength to carry on.

When I say 'I am a Christian' I'm not bragging of success.
I'm admitting I have failed and need God to clean my mess.

When I say 'I am a Christian' I'm not claiming to be perfect.
My flaws are far too visible, but God believes I am worth it.

When I say 'I am a Christian' I still feel the sting of pain.
I have my share of heartaches, so I call upon His name.

When I say 'I am a Christian' I'm not holier than thou,
I'm just a simple sinner who received God's good grace, somehow!

Street Teams!

I dag er det "the last weekend of summer". Og det er varmt. Veldig varmt. Eg må sei eg elskar det. Var nettopp ved bassenget ein tur, og sjølv om det var kjempevarmt og lørdag var det ingen der. Så eg og venninna mi Sarah fekk bassenget for oss sjølve. Yes!

Ellers gjorde eg Street Teams i dag, noko som var VELDIG kjekt! Fytti kor bra! Me gjorde litt løfting av greiner og masse prating. Ledaren min var vekke i dag, så eg leda teamet, stortrivst! :D

No skal eg gjere årets første innlevering, og lage meg litt middag, kanskje kjøttdeig og potetstappe? Heimalaga potetstappe altså... Mmmmmmm.

Ellers er eg veldig gira på at pappa, H og R har sendt inn forespørsmål om reiseforslag for Australia-turen i juli. Og at eg er heime om mindre enn 10 veker, i min favorittbror sin konfirmasjon.

Dette er Sarah og eg på Street Teams for tre veker sidan.

25. februar 2010

Å, så flink eg er å blogge!

Sidan eg no ikkje har blogga på så lenge at både mamma, pappa, og Hanne har kommentert på det forrige innlegget igjen, skjønner eg at eg må gi forfølgarane det dei vil ha - eit innlegg.

I går snubla eg i trappa. Igjen. Nesten som då eg skulle til Tasmania i fjor, berre at då vart høgre stortåa lilla, no skjedde ikkje det. Derimot vart venstre stortåa lilla.


Det er jammen ikkje så lett å sjå på dette biletet, men den er skikkeleg lilla.

Ellers har eg farga håret sidan sist. Litt mørkare, kan være dykk ikkje ser ein forskjell (host//pappa//host), men det er greit. Eg er nøgd.



Og sånn bortsett fra det har eg aldri sett rommet mitt så ryddig som no! Love it!

Og grunnen til at eg aldri oppdaterer er fordi blackberry'en min er mitt nye internett, eg er nesten aldri på pc'en lengre. Og den har ikkje 'æ', 'ø' og 'å', og det er så slitsomt å skrive. saa det saa. heh.
Men eg skal prøve å skjerpe meg :)

Klem til alle som vil ha.

13. februar 2010

Heimen min



I natt drøymte eg at det var mai, og eg var heime. Det var bra, men eg var glad alt i draumen ikkje var sant. For eg åt blant anna sjokolade, og for dei av dykk som ikkje veit det skal eg ikkje ete sjokolade i resten av 2010. Og til no har eg ikkje hatt nokre problem med det, men kanskje underbevisstheten min har hatt det, sidan eg definitivt åt det i draumen.

Etter at eg vakna klokka 12, var eg på rommet i nokre timar før eg såg på Facebook at OL var i gang.

Så då gjekk eg ned, skrudde på TV'en, og såg på. Var skikkeleg kjekt. Etter litt kom Norge ut, og det var skikkeleg morsomt å høyre dei australske kommentatorane kommentere Norge. Dei snakka om at me var ein veldig "stor" vinternasjon og at ein berre trengte nevne Ole Einar Bjørndalen. Eller. Det var i alle fall det dei prøvde å sei. Dei endte opp med å sei Åola Aina Bjåondeilan. Hah.

Sidan eg både hadde drøymt om Norge og sett Norge på TV, gjekk eg litt på norske sider. VG.no, DB.no og sist (men minst) den store, berømte sunnhordland.no.

På Sunnhordland såg eg denne lenkja, og tenkte då at eg kunne sjekke om eg kunne sjå huset heime på Street View. Det kunne eg ikkje, det næraste eg kom var her:


Kjenner dykk igjen kor dette er??



Men det var kjekt å berre sjå gjennom bileta og late som eg var der, hehehe. Bortsett frå at det var sommar, så litt rart med tanke på dette biletet eg såg på db.no i dag:


Eg får det ikkje til å bli mindre. Men men. Fint bilete å slutte blogginnlegget med, syns de ikkje?

8. februar 2010

Hillsong reiser jorda rundt.

No har ein Hillsong i Sydney, Brisbane, Cape Town, Stockholm, Kiev, Moskva, Paris, Amsterdam, London og dei skal no starta ein i ... ... ...


NEW YORK CITY!!

Kor kult er det? Kult!

Når eg ein gong flyttar heim til Norge, har eg ein heim nr. 2 i halve Europa (god grunn til å reise til Paris!) og eg veldig god grunn til å reise til USA!
Kven blir med til Hillsong NEW YORK ein gang??


Eg lagde forresten skulebollar i dag. Nam! Men eg gløymte den første gruppa i ovnen, noko som endte i SVARTE skulebollar. ÆSJ...


No sit eg og høyrer på ein av mine favorittartistar: Brooke Fraser. Youtube (eller Spotify) ho og høyr på ho, ho eg utrulig bra.


Ellers har det vore reine regntida her i helga. Ikkje sånn "litt regn", nei, meir sånn "himmelen opnar seg". Sikkert bra for graset og sånt, men ikkje for dei stakkarsane (les: meg) som var ute i regnet.


Men no - middag. Sidan eg skal gå om 50 minuttar er det jerne på tide å byrje.
Koz og klemz og slikt .

3. februar 2010

I morga får eg ein ny bestevenn :) + ny favorittfilm

Eg kjøper den i morga. No for tida betalar eg 50 dollar pr månad for mobil, etterpå betalar eg $39 i månaden inkludert ubegrensa internett :)


... og dette er den beste youtube-filmen eg har sett i heile mitt liv trur eg...





1. februar 2010

Det er offisielt februar månad....

... og det føles som eg nett stod utfor huset heime og såg på fyrverkeri, hadde stjerneskudd, klemte alle og sa "godt nyttår". Tida flyr, og det er rart.
Eg har vore i Australia i 8 dagar no, og det føles allereie som heime. Dei nye som eg bur me er kjempekjekke og livet er bra.
Det er veldig varmt, og det er både kjempekjekt og ikkje kjekt. Dei gongane det ikkje er kjekt er dei gongane du går til college i mellom 30 og 40 graders varme og du kjem fram og det renn svette av deg, kun fordi luftfuktigheten er så stor at berre du sit stille svettar du.

Men nok om slike ekle ting.

POWerhouse Retreat var denne helga. Det var fantastisk! Her er nokre bilete


Me var tribe POW. Du veit når du les teikneseriar, og så når noko hender står det "BANG!" eller "KRÆSJ!" På engelsk står det "POW!" Så her er alle Supermann med ei hand opp. Nett som på biletet under.





Tribe POW og kalla YELLOW TRIBE. Som de kan sjå. Hehe


Me hadde konkurransar med dei andre "tribe"ane raud og grøn. Som oftast gjekk desse ut på å danse som vilt som mulig ofte til sangen "party in the USA", som eg etter kvart døpte om til "party with Aynsley Gray". Hehehe. Men den sangen er årets retreat sang, definitivt. Høyr på den! Miley Cyrus syng den. Good times.


Ja, og her er eit bilete av folket, men hatten kom litt i veien, så det var ikkje så lett å sjå. Men då får me heller sjå på hatten, var jo fin den, hahahah.


Ellers må eg sei at Powehouse var utruleg sterkt, Gud var så utruleg til stede. Eg blei meir klar over kva han vil av meg, og at han formar meg til å bli ein bedre person, ein bedre leder og at han elskar meg like djupt når eg klarar det som når eg ikkje klarer det.

Den andre natta sov eg dårlig og våkna med ryggen min heilt øydelagt. Som i, det gjorde vondt uansett kva eg gjorde med overkroppen og uansett korleis eg sat. Og Retreat er akkurat som impuls, ingen stolar, ein sit på gulvet. Einaste staden det er stolar er langs med veggen og det er veldig få stolar.

Men alle eg snakka med sa at eg berre måtte ta ein stol, og sitte.

Så det gjorde eg gjennom heile tribekrigane, noko me har før lovsangen og møtet startar. Eg satt og satt, heilt til Gud sa: "Dette er ikkje ditt kall". Eg tenkte "kva er ikkje mitt kall?" "Kallet ditt er ikkje å sette deg ned og gi opp kvar gong du møter eit problem.

Det var utrulig utfordrande. Eg bestemte meg for å gå ut på dansegolvet og hoppe til "party in the USA", og eg gjorde det. Det vart ikkje bedre i ryggen av å gjere det, men det vart ikkje verre heller.

Ellers så var det rett og slett fantastisk. Prekenane var utrulig direkte, rett på sak og snakka direkte til meg, så det var bra. Sosialt var det kjekt, eg, Imogen og Erica hang saman - berre oss tre - for første gong sidan november. Så kjekt var det.

Eg har så mykje eg kunne fortalt, men det er vanskeleg å byrje. Uansett, kanskje kjem det litt meir seinare. KLEM til alle.