I dag er det "the last weekend of summer". Og det er varmt. Veldig varmt. Eg må sei eg elskar det. Var nettopp ved bassenget ein tur, og sjølv om det var kjempevarmt og lørdag var det ingen der. Så eg og venninna mi Sarah fekk bassenget for oss sjølve. Yes!
Ellers gjorde eg Street Teams i dag, noko som var VELDIG kjekt! Fytti kor bra! Me gjorde litt løfting av greiner og masse prating. Ledaren min var vekke i dag, så eg leda teamet, stortrivst! :D
No skal eg gjere årets første innlevering, og lage meg litt middag, kanskje kjøttdeig og potetstappe? Heimalaga potetstappe altså... Mmmmmmm.
Ellers er eg veldig gira på at pappa, H og R har sendt inn forespørsmål om reiseforslag for Australia-turen i juli. Og at eg er heime om mindre enn 10 veker, i min favorittbror sin konfirmasjon.

Dette er Sarah og eg på Street Teams for tre veker sidan.
3 kommentarer:
Det høres bra ut alt sammen. Synes forresten at Sarah ligna på Malin
Klem
Haha, først av alt: Sarah ligna IKKJE på Malin:)
Kult at du va leder då, you go girl:)
No har eg akkurat hatt vinterferie i ei veka, deilig :)
Haha, eg syns heller ikkje at Sarah ligna på Malin. Heheh :)
Missing you! Glede meg te mai.
Legg inn en kommentar