And just like the guy whose feet are too big for his bed
Nothin' seems to fit
Those raindrops are fallin' on my head, they keep fallin'
Denne litt småtriste sangen var på hjernen min i dag. Grunn: Det regnar. For første gong på 2-3 veker kom det nedbør og det var veldig bra for naturen trur eg. Ikkje nødvendigvis så bra for meg, men heldigvis fekk eg no skyss begge veger.
Dette vêret minnar meg om norsk sommar. Relativt varmt (21 grader) og regn. Yes, det er slik det er i Norge. Sankt Hans føles ikkje som Sankt Hans om det ikkje er dårlig vêr.
Så sidan det minner meg om Norge og sidan det er påske og eg ikkje er heime og difor saknar heimen så sit eg no her og mimrar og ser på bilete frå i fjor sommar - mine 15 dagar i Norge.
Og så tenkte eg at de kan få mimre med meg!
EG og min FAVORITTBROR i Borggata på Leirvik. Eg syns det er morsomt at han går i shorts og eg med skjerf, seier vel litt om kva temperatur me er van med?
Verdens beste MORFAR og eg var på fisketur (utan å få fisk) men me hadde det kos likevel. Då eg viste dette til Erica tippa ho han var 70, men nei, han blir (om eg ikkje tar feil) 88 i år! Han held seg godt!
Ein stor stor del av sommarlivet på Fitjar er bærplukking, her er KRISTIAN i slaget med bringebæra.
EG og HANNE MARI på vei til Bergen, biletet er tatt i baksetet på bilen til onkel Per.
Ååh, minner. Og det har slutta å regne. Kan ikkje klage, og livet er bra men gler meg til å kome heim.
Neste tur til Norge er om fem veker, reiser heim til min brors konf. Hurra!