___
Nei. Eg gidd ikkje ta det i eventyrform. Eg tar det den ekte måten.
Eg skulle bare inn å fortelle dagens morosomaste hending.
Eg har ein lærar som er ganske dårlig med navn. Faktisk, eg har fleire lærarar som er dårlig med navn. Og denne er ikkje den verste.
Men i alle fall. I dag hadde eg denne læraren. og det blei ufattelig morsomt.
Du skjønar.
Ei i klassen min hadde bursdag. Dei fleste visste det, og ein del av oss hadde gratulert ho. Men eg tenkte, hey, eg kan sei det til læraren då, så kan me synge for ho. Så eg gjekk bort til han og sa det - medan me hadde gruppearbeid.
Eg sa til han - i dag har Shinobu bursdag, me hadde kake i klassen i går, men me kan kanskje synge for ho. Han seier - jada!
Eg går tilbake, og gjer ferdig gruppearbeidet.
Så kjem han fram og seier at me skal komme tilbake, noko me gjer. Så seier han 'Me har ein bursdag i dag, nokon som veit kven som har bursdag?'
'Jaaaaa', seier me. 'Shinobu'
'Stemmer', seier han. 'La oss synge for Shinobu.'
Så byrjer me å synge. "Happy birthday". Men medan han syng står han vendt mot hans høgre og peker på ei anna jente, Sheneila
Uuhm, pinlig! Hahahaha.
Alle i klassen er no heilt "kva skjer", fulgt av diverse folk som peker og seier "she's there".
Etter å ha sunge sikkert halve sangen oppdagar læraren og at han har feil person, og sangen sluttar, fordi alle ler, inkludert Shinobu.
Ei blanding av forvirring og latter er på alle sine fjes, og læraren prøver å redde situasjonen litt. Han seier "du blir 27? eller var det 28?" Ho er 37.
Eg sa nemlig til han at ho var 27+10, for det er det ho seier (litt sånn tante Berit), men han høyrte sikkert feil.
Uansett endte den timen med ganske masse latter.
_____
...... snipp snapp snute... bla bla bla
9 kommentarer:
Den var kjempemorsom, Elisabet ;)
Haha, knallbra :D
der fikk eg meg et aldri så lite LATTERBRØL ja. Maren måtte ut i stuen får å se hva jeg lo av! :)
Haha, Malin, du e så skjønn!!
Du får da te å hørrast ut som ein bjørn eller noko. "latterbrøl". No ser eg for meg deg, med isbjørnhåve, lese bloggen, gjer et brøl utøve heila rommet før du ler litt (ein veldig svak latter ette brølet) og så komme Maren ut for å sjå. Hahahaha
Hehe, koffor akkkurat Isbjørnhode??
men joda, var sånn ca slik det foregikk! :)
Isbjørnhåve??
Da va bare da eg saag for meg, okei?
lol ;)
Update??
Legg inn en kommentar