30. mai 2010
Eurovision-opplevelsen sett frå Australia
28. mai 2010
Natur.
26. mai 2010
tre. three. tres. drei. tott-rorr-e. þrír. שלוש. три. três. trzy. 三.
21. mai 2010
Bursdag og 17. mai
1. mai 2010
Ryggen.
Den siste veka har ryggen min gått frå vond til mykje betre til verre til mareritt. Dei siste 3-4 dagane har det vore konstant smerte og i tillegg har eg vore veldig kvalm, ikkje heile tida, men på og av og på og av.
Det betyr at eg har hatt problem med berre å fokusere på skulen og i tillegg har hatt masse eg må gjere fordi eg reiser heim på onsdag og det har ført til at eg har blitt veldig stressa av alt som skjer.
I dag (laurdag) vakna eg 02.15 for å være på skulen 03.00. Me hadde College Online Open Day (sjå førre innlegg) og eg var på chat.
Var streng tatt ferdig 06.00, men var der til 08.00 før eg gjekk på Street Teams. Ein blanding av trøtthet og smerte og kvalme gjorde at morgonen var ganske tung.
På Street Teams fekk eg ein melding av ledaren min som var på ei anna gate, som spurte om eg hadde lyst til å lede debriefen, då me snakka om dagen som har vore, og ærleg talt hadde eg lyst å sei nei. Eg tenkte ”dette er feil dag å gjere det på”. Men eg sa ja likevel, fordi det er jo ikkje så vanskeleg, men eg følte berre at eg ikkje kunne bringe humøret som eg likar å bringe.
Uansett, før debriefen gjekk me ned til ein liten marknad som var der, og på veg ned snakka eg med ledaren min og sa kva som skjer med ryggen, sånn at han skjønte at det trøtte fjeset mitt ikkje nødvendigvis berre er trøtt.
Når me kom ned på marknaden hadde dei politi og brannbil der, as you do, og då me gjekk forbi brannbilen høyrte eg ”Hey, how’s your back?” ”Korleis er ryggen?” Eg berre ”what”. Det viste seg at den brannbilen som ”tilfeldigvis” var der var same brannbil som ”tilfeldigvis” var der når me krasja. Så det var morosamt.
I alle fall. Debrief. Eg leda det. Det var kjekt. Så fekk ledaren min alle til å be for meg, for smerten, for flyturen heim, for bilsjåførane osv. Så det var bra.
Så gjekk me på Pancakes on the Rocks, dykk som kjem ned hit, slapp av, eg skal ta dykk med der. Verdens beste pannekaker. Og dei gjer det spesielt. Ikkje berre til pannekaker, liksom.
Men i alle fall, me gjekk der fordi Gwen, ei kanskje 65 år gammel irsk dame reiser heim på fredag. Så det var farvel. Trist.
Etterpå gjekk eg til legen. Eg fekk sterke smertestillande. Pakken seier at eg ikkje kan køyre bil. Så greitt at eg ikkje har ein bil, då. I tillegg fekk eg kvalmemedisin. Og så gjekk eg og la meg. Sov frå ca 17 til ca 21. Og no når eg vakna er ryggen WAY betre. Den er fremdeles vond heile tida, men rundt 1,5 på ein skala frå ein til ti. Til vanleg har den vore kanskje 7,5. (Ja, eg likar å være spesifikk. Haha.) Og det gjer at humøret går OPP.
Eg føler meg veldig godt tatt vare på. Sendte nettopp ei melding til folk som har sagt at eg skal halde dei oppdatert, og den vart sendt til 7 stykk. Og det er utanom dei eg bur med. I tillegg fekk eg melding av andre ”korleis gjekk legen”. Og alle eg har spurt om hjelp til eit team eller liknande har sagt ja med mindre dei ikkje har hatt nokon moglegheit og sagt at dei ber for meg.
I tillegg sender eg mamma og pappa ca 55 emailar om dagen, hahaha.
Men, ja. Bottom line. Eg vil være heilt bra på flyturen. Så eg slepp å være så sjukt ukomfortabel i setet mitt. Legen seier det kan ta ein månad å bli bra. Eg seier at Gud er god.
Så be for meg, om du er komfortabel med det.
Love you all, snakkes snart.
Under: Eg og Tracy på veg heim frå Street Teams for to veker sidan. Good times.