28. mai 2010

Natur.

Eitt av banda eg har høyrt mykje på i det siste er islandske Sigur Ros. Dei syng på islandsk, og er likevel ganske berømte i musikk-verda, noko eg synast er kult. På youtube ligg det ein video av ein av dei mest kjente sangane deira "Hoppipolla" med bakgrunnsbilete frå BBC-serien "Planet Earth".
I fjor hadde Aynsley, som eg budde med, mange dvd-ar med Planet Earth, og difor har eg sett mange av desse småklippa i sin fulle verson og dei er knallbra.
Uansett, filmen kjem i botn av innlegget, men her er mine 5 favorittnaturfenomen/dyr/ting som skjer i naturen:

1. Vulkanutbrot.
Etter det på Island - kanskje ikkje. Men eg kom meg heim då.
Det er noko veldig fascinerande med vulkanutbrot. Med at det kjem lava ut frå midten av jorda. Med at det har vore vulkanutbrot som har utsletta byar. Rett etter island-utbrotet las eg denne interessante artikkelen på Dagbladet. Guri meg, at det går an seier berre eg.

2. Nordlys.
Dette er kanskje det naturfenomenet eg har mest lyst til å sjå med egne auge. (Har egentlig ingen lyst til å sjå eit vulkanutbrot med egne auge.) Og det skulle vel gå an å få til. Sidan eg kjem frå Norge. Men eg har aldri sett det, i alle fall ikkje som eg kan hugse. Uansett, kor vakkert er ikkje nordlys. Sjå berre dette biletet!

3. Årstider. For ein ide. Det er noko heilt spesielt med alle årstidene. Sommaren. Det er varmt. Ein har fri. Livet er herleg. Ein badar. Grillar. Solar seg. Minner vert skapt. Hausten. Ein kjem i gang med livet igjen. Skule. Jobb. Vakre fargar overalt. Blad på bakken. Vinteren. Jul. Snø. Treng eg sei meir? Det er mørkt og er difor koselig inne. Våren. Mamma sin favoritt. Lysare dagar. Varmare. Blomar poppar opp. Påske. "nesten-ferie"-modus.

Det som har forandra dette litt er at eg har reist til Australia. Årstidene er ikkje så forskjellige her, jula er om sommaren, og mange planter er grøne året rundt. Men det gjer ingenting. I dag når eg gjekk til skulen var det mange lauv på fortauet. Det gjorde meg glad.

4. Eksotiske dyr. Eg er ikkje glad i kattar. Eller hundar. Men eg er så fascinert av dyr som løver, kenguruar, elefantar, sebra, osv. Skulle ønska eg kunne hatt alle dei som kjæledyr. Bortsett fra at 1. eg er allergisk og 2. eg ville dødd. Eg kunne hatt ein kenguru, har høyrt at i innlandet her nede har mange gardar kenguruar som kjæledyr. Funny.
Dette er det næraste eg har kome, på Tasmania. Den kom seg vekk gitt.

5. Sjø.
Eg elskar sjø. Blått hav så langt auga kan sjå her nede. Heime er sjø meir fjordar. Eg likar begge deler. Fjordar er noko av det finaste eg veit, det er sjø og fjell i same syn. Herleg.
Når eg gjekk på vidaregåande pleidde eg å være ferdig 14.40 og bussen gjekk 15.05. Tenk at eg framleis hugsar det! Sjukt. Uansett, ofte gjekk eg berre ned på kaien på Leirvik og sat på ein benk og las ei bok medan eg såg utover sjøen mot Kvinnherad og fjella medan eg anten tyggja Stimorol Fusion eller åt Extra drops.
Her nede er sjøen og tilgjengelig, men berre når eg er i byn, noko som ikkje er for ofte. Men eg elskar å sitte nede på Circular Quay, der operahuset er og berre sjå utover. Eventuelt har du Darling Harbour, som er der me skal bu når pappa, Hanne Mari og Remi kjem. Det er og ei såt havn. Og så har du alle strendene.



Så ja, dette var mine topp 5. Kva er dine?


Her er filmen, sjå den!

5 kommentarer:

Unknown sa...

Hmm... Eg trur kje eg har fem favoritta:) Men- eg veit at ditta ikkje har nåke med da å gjer- men eg elske haia:) Haha..
Sangen va fin:) trur eg har sett an før;)

Pappa sa...

Vi så nordlys på hytta i Vaksvika, men vet ikke om vi har sett det mens du har vært der.

Tror jeg er mest fasinert av sjø og storm sammen. I Ålesund gikk jeg på bryggene og så på bølgene når det blåste storm. Og båtene som var langt nede og høyt oppe. Og kjente på den deilige salte sjølufta som kom innover land.

Ellers er jeg veldig fasinert av fotball. Og i dag kl 16 spilles det landskamp på naturgress...

Elisabet sa...

Hanne: Eg skreiv "Hanne Mari: Eg veit du kjem til å sei haiar." Men så tok eg da vekk for å sjå om du skreiv da viss eg ikkje skreiv da. Eg e så GOD!

Pappa:
Ååhh, nei da trur eg ikkje. Da vil eg SÅ sjå!
Ja sjø og storm e fint. Enig i da.
Hehe, veit ikkje om naturgress komme under ditta temaet, men...

Unknown sa...

Hahahaha, tulle du? Stilig!!

Elisabet sa...

Eg veit!