28. juli 2010

Tankar om kvardagen.

Hei!
Eg har ikkje oppdatert sidan min kjære far/søster/Remi var her, og det av forskjellige grunnar. Ein er at eg ikkje har hatt ork. Ein er at eg ikkje har hatt tid. Ein er at eg ikkje har visst kva eg skal skrive.

Fleire gonger har eg begynt og skrive, men tatt det vekk att. Eg har kanskje hatt det forfattarar kallar skrivesperre.
Men denne gongen har eg lovt megsjølv å poste noko. Så ein får vel berre byrje.

Å ha pappa og dei her var fantastisk. Eg følte at mine to verdenar møttes på ein ny måte, og det var veldig spesielt og veldig kjekt. Samtidig var det veldig vanskeleg at dei dro. Mykje vanskeligare enn når eg dro frå Norge til Australia. Kanskje var det fordi drømmeverda ville vore at mine to verdenar alltid var saman, mi fantastiske kyrkje og min "familie" her og min herlege familie i Norges land. Og i eit lite augneblikk var deler av dei saman, før dei gjekk kvar sin veg igjen.

Kanskje var det også fordi eg visste kva dei skulle heim til. Eg visste det, for eg har hatt den kjensla alt for mange gonger. Det å planlegge det litle stoppet med vindauget rett etter tax-free'en på Flesland, der eg vinkar til familien som står og venter. Følelsen når du har fått bagasjen og går mot utgangen, og står foran den store murdøra som åpnar seg og du ser alle utforbi. Den første klemmen. Den andre klemmen. Å gå på Narvesen og ENDELIG har norsk pølse. Den tredje klemmen. Utveksling av historiar på veg heim. Og å sjå mormor og morfar igjen.

Kanskje var det fordi eg visste dei skulle heim til mamma og Kristian. Det er nok den største grunnen.

Sidan det var så vanskelig for meg at dei dro har eg unngått å være for mykje åleine dei siste dagane. Eg har utsatt det litt. Fredag då dei dro skypa eg mamma og var på Powerhouse heile kvelden, laurdag gjorde eg Street teams, hadde lunsj med verdas beste Maggie (som er tilbake!!!!), og gjekk i bursdag om kvelden. Søndag hadde eg kyrkje, og mellom morgon og kveldsmøtet hadde eg kaffe med Maggie igjen (me har eit halvt år å catche up på, ok?). Mandag sov eg lenge, gjorde eg klesvask, møtte eg to jenter som skal joine connecten min og hadde eg eit teammøte om kvelden. I går og i dag byrja skulen igjen og eg hadde skule frå 08.30 til 17.00 begge dagar. I går hadde me sisterhood heile kvelden. No er klokka 19:14 og eg er åleine på rommet mitt.

Og eg innser at å utsette alt hjelp ikkje.

Men eg innser og at min støtte er Jesus. Og at eg er her for han, og når mamma og pappa ikkje kan være her så er han her. Og når eg ikkje kan være heime så er han heime.

Eg er berre litt overvelma trur eg.
Slik ståa er no har eg nok pengar til å leve på ut november. Det vil seie ingen pengar til å gjere tredje året. Ingen pengar til å reise heim til jul. Når eg tenker på det går hjerna i spinn. Eg tenker ååhh, eg må bestille billettar NO, for å få dei i rimeleg pris, men eg har ikkje penger. Eg tenker eg vil så gjerne gjere tredje året, men kanskje eg berre skal gjere degree for då får eg støtte frå lånekassa. Eg tenker for masse.
Eg må berre ta et steg tilbake og setje mi lit til Gud.

Eg tenker på eit vers eg fekk av ei nydelig dame i Stord Bibelsenter, som eg tar til meg som min lovnad frå Gud. Det er i Jeremia 17:7-8

"Velsignet er den mann som stoler på Herren
og setter sin lit til ham.
Han er lik et tre
som er plantet ved vann
og strekker røttene mot bekken.
Den frykter ikke når heten kommer,
men står der med løvet grønt
Det sturer ikke i tørketider
og holder ikke opp med å bære frukt."

Eg seier berre AMEN!
Eg skal ikkje frykte når heten kjem. Verken når det gjeld pengar, når det gjeld savn av familie, eller noko anna. Gud er MIN Gud og han er god. Han har full kontroll over livet mitt, så full kontroll at eg ikkje ein gang treng å tenke på det.

Gud, du e så GOOO!!!!!!!!!!

13. juli 2010

Gullkorn frå Australia

Alle: That's SO funny.

-----

Gullkorn #1:
Elisabet les opp symptom for jet-lag: ... Irrasjonalitet, uvanlig søvn-mønster...
Remi: Ja! Det stemmer! I natt sov eg berre med ei pute, eg pleier alltid å sove med fleire.

----

Gullkorn #2:
Elisabet (etter ein heil dag med mobbing fra Remi): Når eg får ungar, og du og Hanne Mari får ungar, kjem mine unger til å bli mobba av dykkar ungar.

----

Gullkorn #3:
Vidar (etter å ha kjøpt diverse suvenirar frå Home and Away stranda): Kva tv-serie er dette egentlig? Er det den med syklande politimenn?

----

Gullkorn #4:
Etter å ha tatt ca 547 bilete av det berømte operahuset og den like berømte Harbour Bridge hadde me flytta oss til ein anna vinkel
Elisabet: Her er den ANDRE Harbour bridgen.
Hanne Mari: HÆ! Er det TO???

----

Gullkorn #5:
Vidar: Du må skrive "andre Harbour Bridge-BROA".
Elisabet: Bridge betyr bro.

----

Gullkorn #6:
Om du har jet lag kan du føle at alt rundt deg beveger seg som om du står på ein båt.
Vidar: Ååh, no har eg den båtfølelsen igjen
Alle andre: Pappa, du står på ei flytebrygge.

----


STEM NO! Kva syns du var det beste sitatet? Me har våre favorittar, men er ikkje sikre på om dei berre er interne.

3. juli 2010

Kortversjon av preikenen min.

4. Mosebok 13
1 Herren talte til Moses og sa: 2 «Send noen menn for å speide ut Kanaan-landet, som jeg vil gi israelittene. Én mann for hver av fedrenes stammer skal dere sende, og alle skal være høvdinger.» 3 Moses sendte da ut noen menn fra Paran-ørkenen, slik Herren bød ham, og alle var høvdinger blant israelittene.

25 Da førti dager var gått, vendte de tilbake etter å ha speidet ut landet. 26 De kom til Moses og Aron og hele Israels folk i Kadesj i Paran-ørkenen. De gav melding til dem og til alle som var samlet, og viste dem landets frukt. 27 Til Moses fortalte de: «Vi kom inn i det landet du sendte oss til. Det flyter virkelig med melk og honning, og dette er frukten som vokser der. 28 Men folket som bor i landet, er sterkt; byene er befestet og meget store. Der så vi også anakitter. 29 I Negev bor det amalekitter, i fjell-landet hetitter, jebusitter og amoritter, og ute ved havet og langs Jordan bor kanaaneerne.»
30 Folket satte seg opp mot Moses, men Kaleb prøvde å berolige dem. Han sa: «Vi vil dra opp og vinne landet. Vi skal nok få det i vår makt.» 31 Men de mennene som hadde fulgt ham, sa: «Vi kan ikke gå til angrep på dette folket, for det er sterkere enn vi.» 32 Den meldingen de gav israelittene om det landet de hadde speidet ut, var nedslående. De sa: «Det landet vi drog igjennom og speidet ut, er slik at det gjør ende på dem som slår seg ned i det. Og alle mennene vi så der, var store og sterke. 33 Der så vi også kjemper, anakitter av kjempeætt. Vi syntes selv at vi var som gresshopper mot dem, og det samme syntes nok de.»

Då eg tidlegare i år gjorde prekenen min i klassen gjorde eg det utfrå denne teksten. Israel har kome ut av Egypt og er i ørkenen. Gud sender 12 spionar inn i landet han har lova Israel å få. Han seier i vers 2, landet "som jeg VIL GI israelittene". Likevel kjem dei tilbake og ti av tolv seier "me kan ikkje gjere det".
Dette fører til at Gud seier at israelittane må bli 40 år i ørkenen før dei går inn i Israel.

Når eg førebudde meg på prekenen min ga Gud meg ein openberring angåande dette. Tenk dersom Gud hadde sendt dei 12 spionane inn og dei hadde sett at landet var perfekt, tomt for folk, øde, eit paradis dei berre kunne gå rett inn i. Kva hadde skjedd? Dei hadde fått landet. Israel hadde flytta inn og alt hadde vore perfekt. Men kva så med eit par veker, månader eller år seinare når andre folk hadde oppdaga dette fantastiske landet som flyter med melk og honning (v27). Kva når andre folkeslag hadde hatt lyst til å dele godene. Kva då? Jo, då hadde Israel ikkje hatt NOKO ANING om kva dei skulle gjere for å forsvare seg.

Derfor, kva gjorde Gud? Han sa "dette er landet eg skal gi Israel, og for å kome inn der skal eg hjelpe dei forbi nokre massive fiendar".

Eg trur i det daglege livet at me nokre gonger forventar at Gud skal gjere ting den lette vegen. At me kan gå gjennom livet og berre vente på å få ting i hendene. At me kan gå inn i vårt" lova land" og at det ikkje er noko vanskeleg der.
Eg trur me mange gonger tenker feil. Om du ein dag har lyst til å lede andre i kyrkje eller jobb eller business. Tenk om du plutseleg møtte sterk motgang når du starta jobben. Du ville vore veldig glad for at du då hadde møtt det før.


Eg trur me har to moglegheiter å ta. 1. Fokuser på kjempene som er framfor deg. Fokuser på problema. Fokuser på at du kanskje taper. Og sei som dei 10 spionane gjorde, "me klarar ikkje dette". Du kan ta denne moglegheiten. Men den vil få konsekvensar. Den kan ikkje stoppe Guds plan, men den kan stoppe din del i Guds plan. Gud venta med å gå inn i landet til alle som var i den generasjonen som tok dette valget var daud (40 år),
Alternativ 2: Svar som Kaleb og Josva (som me får vite seinare i Bibelen) gjorde. "Vi vil dra opp og vinne landet. Vi skal nok få det i vår makt." Vit kva "makta" di er - Jesus Kristus. Ved det namnet skal alle kne bøye seg.
Dersom to av 12 valgte valg 2, tilsvarer det 1 av 6. 1 av 6 ser moglegheitane, i staden for problema. Eg vil være 1 av dei 6. Er du med?

Filipperbrevet 4:13
"Alt makter jeg i han som gjør meg sterk."

ALT. Ikkje 'noko', men 'ALT'
Amen!