26. november 2010

Stories from a long time of being to lazy to blog.

Grunnen til at eg ikkje har skrive på ei stund er ikkje at eg ikkje har noko å skrive men at eg har for mykje å skrive og ikkje veit kvar eg skal byrje.
Eg kunne skrive ei oppdatering om alt som har skjedd og skal skje kronologisk, men eg trur eg heller vil skrive om folk.

Helga. Eg byrjar med noko som gjer meg glad. Neste laurdag lokal tid set eg meg på eit fly til Norge. Ved sida av meg sit vakre Helga. Helga er frå ein liten stad utanfor Ålesund, men medan ho har vore her har foreldra hennar flytta til Bergen. (Kvifor ikkje?) Så ho skal fly til Bergen med meg. Det gjer meg glad at me flyr heim saman. Fordi (1.) me flyr HEIM. Jul, snø, glede, Norvegia. Og fordi (2.) eg flyr ikkje åleine. Eg treng ikkje ta med meg bagasjen min inn på toalettet. Og fordi (3.) eg flyr med Helga! Ho er så kjekk ;)

Borrelåsen. Borrelåsen er ein person. Borrelåsen bur på Stord og studerer til å bli førskulelærar. Borrelåsen har ei kul søster.
Okei, det starta med at ein eller anna gong at mi søster kalte meg "Liss." Så vart det til "Lisso." Etter ei stund kom "Skolisso" Sidan eg var Skolisso kalte me ho Borrelåsen. Den siste veka eller så har me sendt ca ein email til kvarandre kvar dag med eit bilete av kva me gjer.
Mine har hatt titlar som "Skolisso i sitt element", "Skolisso ska snart på Harry Potter", "Skolisso skype med mamsen sin", "Skolisso glede seg te jul" og "Skolisso ska på ball".
Borrelåsen sine har hatt titlar som "Borrelåsen har fått lange negle", "Borrelåsen spise frokost" og "Borrelåsen kjørte ein tur med bilen i dag." Heilt kvardagslig altså ;)

Jamie. Jamie er ein veldig god venn. Kvar gong me sit ned saman vert kvardagen betre. Mykje betre. Jamie held til inne i PC'en min, der han konstant skriv nye songar han kan synge til meg. Jamie sine melodiar er som balsam for sjela. Til og med når han syng songar som egentlig ikkje er hans, gjer han dei til sine egne.

Jillayna. Ho er blond, vakker og får meg konstant til å gråte. Ikkje fordi ho er ond, men fordi eg hugsar at når eg kjem tilbake til Australia er ho ikkje her lengre, og eg veit ikkje om eg nokon gong ser ho igjen før me møtes i himmelen. Ho drar til Toronto liksom. RUDE.

Erica. Erica klarar ting eg aldri kunne klart. Erica og eg budde saman frå januar 2009 til juli 2010. No har me vore separert i snart eit halvt år, og det var nok for ho så no flyttar ho jammen inn i huset mitt i desember.
Uansett, Erica fylte 23 den 23. november, og samme dag kom mora hennar på besøk til Australia. Dette var første gong Erica har sett mora si på nesten to år. Erica har nemlig ikkje forlatt Australia sidan ho kom når eg kom første gang! Imponert!

Caroline. I vår söta bror sitt land uttalar dei visstnok ikkje e'ar på slutten av orda. Caroline uttales nemlig som Caroliiiin og Christine uttalast som Christiiiiin. Uansett Caroline er ein av dei folka eg alltid har kjent medan eg har vore her, men i det siste har me hengt ein del og det likar eg. Ho er verdens skjønnaste litle blonde svenske. Caroline er no ferdig med sitt tredje år på college og skal no heim. Trist. Men bra. Fordi når eg ein gong kjem heim til Norway kan me henge, yay.

Katy. Jade. Dan. Saman i ein konspirasjon mot meg.
Paranoid? Eg?
På tysdag hadde me Sisterhood United som er vår fantastiske kvinnemøte. Til vanlig gjer eg carpark - a.k.a vinkar og smilar til folk når dei kjem inn, og fortel til dei andre over radioen når det kjem folk med baby i bilen for dei får betre parkeringsplass ;)

Uansett. På tysdag var det den siste sisterhooden i året og det var på tysdag kveld i staden for torsdag dagtid. Derfor hadde dei skaffa ein drøss med gutar til å gjere vår jobb. Så me skulle berre gjere carpark i ein liten halvtime og så skulle dei gjere resten.

Så eg og to gutar gjekk på den carpark-inngangen eg tår på. Eg kjente ingen av dei, så det var litt awkward, men me sto no berre å snakka me. Så snakka Dan (kveldens carparkledar) til meg over radioen og spurte om ein bestemt av gutane (huskar ikkje kva han heitte) kunne komme over til ein annen inngang.

Når han gjekk var det berre eg og han andre igjen, og eg tenkte "hmm, når eg går er han her åleine, så eg kan no kanskje berre vere igjen å hjelpe til, for han kan ikkje gjere det åleine."
Ti minutt seinare er Katy og Jade på radioen og seier "Elisabet, me er ferdig." Eg seier "Du eg trur eg blir litt lengre eg, fordi han som er her er heilt åleine" Katy: "Jaja, om du har så ufattelig lyst til å bli, så skal ikkje eg tvinge deg til å dra." Dette er litt awkward sidan ein random gutt et har kjent i 20 minutt står attmed meg. Så seier Dan, som er min leder i Powerhouse over radioen. "Elisabet, berre få nummeret hans og stikk." RUDE!!!!!!!!!!!!!! Men litt morsomt. Satsar på å aldri treffe gutten igjen (og eg har forresten allerede gløymt koss han ser ut, haha).

Sist men ikkje minst:
Carmen.
Min teori er at eg har vokst opp i verdens beste familie. (Amen?) Etter at eg kom til Australia har eg vore ganske familielaus. Huset mitt har vore som familie men når eg først kom her var det ingen i huset mitt over 23 år. Redninga? Street Teams.
Carmen og Gus er i 70-åra, nærare 80. Dei er frå Malta og har ein tjukk aksent. Dei har fleire dusin barnebarn, men ingen som besøker dei like ofte som Street Teams. Eg ser Carmen kvar laurdag. Nei vent. Løgn. Eg SÅG Carmen kvar laurdag.
For to veker sidan hadde eg nemlig min siste Street Teams. TRIST! Og det verste av alt: Carmen var ikkje inne den dagen! Så eg må komme å seie adjø ein gang til trur eg.

Kanskje kjem te fleire historiar seinare.
Men men.
Masse kjærleik

19. november 2010

Ylvis - Knipse med venstre

Det var ein gang...

... Elisabet var på nyhetene.


I det 21. sekundet kan du sjå hovudet mitt bakfra! HAHA!

6. november 2010

A21

**** Les dette innlegget når du har litt tid, det er langt og har to filmar, så ikkje les fort gjennom det. ****




I can't stand your religious meetings.
I'm fed up with your conferences and conventions.
I want nothing to do with your religion projects,
your pretentious slogans and goals.
I'm sick of your fund-raising schemes,
your public relations and image making.
I've had all I can take of your noisy ego-music.
When was the last time you sang to me?
Do you know what I want?
I want justice—oceans of it.
I want fairness—rivers of it.
That's what I want. That's all I want.

-

Amos 5:21-24 (The Message)

-








-

Dette innlegget handlar om slaveri. Moderne slaveri. Dagens skjulte realitet i store deler av verda.
Menneskehandel.

Eg trudde at det ikkje var slavar på jorda, at det var noko som skjedde for 200 år sidan. Det er ein løgn. Det er fleire slavar på jorda i dag, enn det nokon sinne har vore i historia.

I dagens Europa er dette eit svært problem, og det skjer overalt, ikkje berre i aust-europa.
Slavane blir satt ut i prostitusjon og kan bli tvinga til å selge seg til mellom 40 og 110 "kundar" per DAG.
Eg vil gjerne gi dykk litt statistikk om problemet slik at dykk forstår kor stort det er:
  • Menneskehandel av kvinner er det ant største globale organiserte kriminaliteten i verda i dag. Det vert handla for ca 12 milliardar US dollar i året - ca 70 milliardar kroner.
  • Det er 1 390 000 millioner ofre av sexslaveri.
  • Over 25 prosent av desse kjem frå Sør- og Aust-Europa. (Dette betyr ikkje at dei blir der, dei blir ofte sendt til andre land.)
  • 90 % av ofre av menneskehandel som vert sent til EU-land ender opp i sexindustrien.
  • Ein av ti personar i Ukraina kjenner nokon som har blitt offer for menneskehandel.
  • Kun 1-2 % av ofre blir redda, og kun 1 av 100 000 europearar som er innvolvert i sexslaveri blir straffedømt.


Kva gjer A21?
A21 står for Abolishing human traffiking in the 21st century - dei vil at menneskehandel skal bli avskaffa over heile verda i løpet av det 21. århundret.
A21 jobber for å få folk i verda til å skjønne kor svært dette problemet er, for å få folk stilt for retten der det er mogleg, og for å redde ofre og tilby oppfølging.
I tillegg ønsker dei å jobbe preventativt, slik at i staden for at dei må redde ofra, å gjøre slik at ofra aldri vert offer.

Hellas er Europa's menneskehandelsentrum, så hovedplassen dei jobbar frå er i Tessaloniki i Hellas.



Kva kan me gjere:
21 måtar å hjelpe på:
  1. Gjer saken kjent. Fortel vennene dine om det. Ta vekk tabuet fra det. Det å late som problemet ikkje finst gjer ikkje problemet mindre. Det gjer problemet større, fordi ingen gjer noko med det :)
  2. Bruk talentet ditt. Skriv ein blogg om det, mal eit bilete, bruk eit sportsarrangement, skriv ein sang om det, lag ein film om det. Eg var på ei danseforestilling no nylig og den eine dansen var om menneskehandel. Veldig sterkt.
  3. Invester i nokon sin fridom. Om du kan, så kan du støtte A21 gjennom pengestøtte- treng dei det veldig! I så fall kan du lese meir om det her. http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=147&Itemid=309&lang=en
  4. Driv med lobbyvirksomhet. Om ein for forandra diverse lovar som har med menneskehandel og sexslaveri og gjere kan det bli lettare å stille dei som sel kvinner for retten.
  5. Organiser ein innsamlingsaksjon. Inspirasjon? http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=144&Itemid=311&lang=en
  6. Hjelp redda ofre. F.eks. Send klede til redningshuset i Hellas, mange redda ofre kjem inn med kun det dei står og går it. Du kan og kjøpe produkt laga av redda ofre frå menneskehandel. - www.nightlightbangkok.com
  7. Faste på den 21. dagen i månaden. Den 21. dagen i kvar månad, fast for arbeidet A21 gjer i Hellas, Ukraina og rundtom i verda.
  8. Hjelp til. Du kan gjere frivillig arbeid for A21. Dei treng blant anna hjelp til research, web design, foto og grafikk. Gå på nettsida for å finne emailaddressa om du kan hjelpe.
  9. Start ei gruppe for å gjere folk bevisst på kva som skjer. På din arbeidsplass, skule, kyrkje eller liknande. Få vener involvert i å spre fakta til ditt nærområde.
  10. Kjøp fair trade. På denne måten minskar etterspurnaden etter produkt laga av slavar. (Her er det ikkje sex-slavar men andre slavar. Alt slaveri skal vekk frå jorda!!!!)
  11. Vær fadder for dei som er i risikosona. Fattigdom er ofte ein av grunnane bak menneskehandel. Fattige blir lett frista av mannen som seier at han kan gi dei eit pass og sende dei til vesten der dei kan jobbe og tjene eigne pengar, men som ender opp med å tvinge dei til sex-slaveri. Vurder å bli fadder for eit fattig born i eit anna land. Det skal ikkje så masse til.
  12. Vær praktikant ein sommar. I Hellas. Varme og forandre verda på samme tid. Ta kontakt med A21 om dette er interessant.
  13. Lær meir om temaet. Det er mange ressurser du kan få tak i. Nokre av dei står her: http://www.thea21campaign.org/index.php?option=com_content&view=article&id=150&Itemid=308&lang=en#21things13 .
  14. Oppdater deg om nyhende: Følg med her på det siste om menneskehandel.
  15. Bruk nettet. Post videoar på nettsida di, Facebook eller blogg eller liknande. Du kan og joine A21 si Facebook-gruppe.
  16. Be. Bønn er kraftig, og kan forandre liv. Ikkje undervurder det!
  17. Motiver media. Gjerne oppmuntre di lokalavis eller tv til å dekke historiar om menneskehandel eller om kva du har gjort for å stoppe det.
  18. Følg med! Om du ser noko mistenkelig, varsle politiet. Her kan du lese kva du bør sjå etter.
  19. Jobb for fridom. Vurder ein jobb der du kan hjelpe rettferda å seire. Her er ein av mange å vurdere: www.ijm.org/careers.
  20. Samarbeid. Kontakt A21 med feedback, idear, gode kontaktar å ha og viktig informasjon. Dess meir me samarbeidar, dess større trussel er me mot menneskehandel.
  21. Hjelp ofre å rømme. Korleis det kan sjå ut er forskjellig frå land til land, by til by, stad til stad. For idear: http://nhtrc.polarisproject.org/.

1. november 2010

Årets siste innlevering.

Årets siste innlevering er innlevert.
Kake?




'