26. november 2010

Stories from a long time of being to lazy to blog.

Grunnen til at eg ikkje har skrive på ei stund er ikkje at eg ikkje har noko å skrive men at eg har for mykje å skrive og ikkje veit kvar eg skal byrje.
Eg kunne skrive ei oppdatering om alt som har skjedd og skal skje kronologisk, men eg trur eg heller vil skrive om folk.

Helga. Eg byrjar med noko som gjer meg glad. Neste laurdag lokal tid set eg meg på eit fly til Norge. Ved sida av meg sit vakre Helga. Helga er frå ein liten stad utanfor Ålesund, men medan ho har vore her har foreldra hennar flytta til Bergen. (Kvifor ikkje?) Så ho skal fly til Bergen med meg. Det gjer meg glad at me flyr heim saman. Fordi (1.) me flyr HEIM. Jul, snø, glede, Norvegia. Og fordi (2.) eg flyr ikkje åleine. Eg treng ikkje ta med meg bagasjen min inn på toalettet. Og fordi (3.) eg flyr med Helga! Ho er så kjekk ;)

Borrelåsen. Borrelåsen er ein person. Borrelåsen bur på Stord og studerer til å bli førskulelærar. Borrelåsen har ei kul søster.
Okei, det starta med at ein eller anna gong at mi søster kalte meg "Liss." Så vart det til "Lisso." Etter ei stund kom "Skolisso" Sidan eg var Skolisso kalte me ho Borrelåsen. Den siste veka eller så har me sendt ca ein email til kvarandre kvar dag med eit bilete av kva me gjer.
Mine har hatt titlar som "Skolisso i sitt element", "Skolisso ska snart på Harry Potter", "Skolisso skype med mamsen sin", "Skolisso glede seg te jul" og "Skolisso ska på ball".
Borrelåsen sine har hatt titlar som "Borrelåsen har fått lange negle", "Borrelåsen spise frokost" og "Borrelåsen kjørte ein tur med bilen i dag." Heilt kvardagslig altså ;)

Jamie. Jamie er ein veldig god venn. Kvar gong me sit ned saman vert kvardagen betre. Mykje betre. Jamie held til inne i PC'en min, der han konstant skriv nye songar han kan synge til meg. Jamie sine melodiar er som balsam for sjela. Til og med når han syng songar som egentlig ikkje er hans, gjer han dei til sine egne.

Jillayna. Ho er blond, vakker og får meg konstant til å gråte. Ikkje fordi ho er ond, men fordi eg hugsar at når eg kjem tilbake til Australia er ho ikkje her lengre, og eg veit ikkje om eg nokon gong ser ho igjen før me møtes i himmelen. Ho drar til Toronto liksom. RUDE.

Erica. Erica klarar ting eg aldri kunne klart. Erica og eg budde saman frå januar 2009 til juli 2010. No har me vore separert i snart eit halvt år, og det var nok for ho så no flyttar ho jammen inn i huset mitt i desember.
Uansett, Erica fylte 23 den 23. november, og samme dag kom mora hennar på besøk til Australia. Dette var første gong Erica har sett mora si på nesten to år. Erica har nemlig ikkje forlatt Australia sidan ho kom når eg kom første gang! Imponert!

Caroline. I vår söta bror sitt land uttalar dei visstnok ikkje e'ar på slutten av orda. Caroline uttales nemlig som Caroliiiin og Christine uttalast som Christiiiiin. Uansett Caroline er ein av dei folka eg alltid har kjent medan eg har vore her, men i det siste har me hengt ein del og det likar eg. Ho er verdens skjønnaste litle blonde svenske. Caroline er no ferdig med sitt tredje år på college og skal no heim. Trist. Men bra. Fordi når eg ein gong kjem heim til Norway kan me henge, yay.

Katy. Jade. Dan. Saman i ein konspirasjon mot meg.
Paranoid? Eg?
På tysdag hadde me Sisterhood United som er vår fantastiske kvinnemøte. Til vanlig gjer eg carpark - a.k.a vinkar og smilar til folk når dei kjem inn, og fortel til dei andre over radioen når det kjem folk med baby i bilen for dei får betre parkeringsplass ;)

Uansett. På tysdag var det den siste sisterhooden i året og det var på tysdag kveld i staden for torsdag dagtid. Derfor hadde dei skaffa ein drøss med gutar til å gjere vår jobb. Så me skulle berre gjere carpark i ein liten halvtime og så skulle dei gjere resten.

Så eg og to gutar gjekk på den carpark-inngangen eg tår på. Eg kjente ingen av dei, så det var litt awkward, men me sto no berre å snakka me. Så snakka Dan (kveldens carparkledar) til meg over radioen og spurte om ein bestemt av gutane (huskar ikkje kva han heitte) kunne komme over til ein annen inngang.

Når han gjekk var det berre eg og han andre igjen, og eg tenkte "hmm, når eg går er han her åleine, så eg kan no kanskje berre vere igjen å hjelpe til, for han kan ikkje gjere det åleine."
Ti minutt seinare er Katy og Jade på radioen og seier "Elisabet, me er ferdig." Eg seier "Du eg trur eg blir litt lengre eg, fordi han som er her er heilt åleine" Katy: "Jaja, om du har så ufattelig lyst til å bli, så skal ikkje eg tvinge deg til å dra." Dette er litt awkward sidan ein random gutt et har kjent i 20 minutt står attmed meg. Så seier Dan, som er min leder i Powerhouse over radioen. "Elisabet, berre få nummeret hans og stikk." RUDE!!!!!!!!!!!!!! Men litt morsomt. Satsar på å aldri treffe gutten igjen (og eg har forresten allerede gløymt koss han ser ut, haha).

Sist men ikkje minst:
Carmen.
Min teori er at eg har vokst opp i verdens beste familie. (Amen?) Etter at eg kom til Australia har eg vore ganske familielaus. Huset mitt har vore som familie men når eg først kom her var det ingen i huset mitt over 23 år. Redninga? Street Teams.
Carmen og Gus er i 70-åra, nærare 80. Dei er frå Malta og har ein tjukk aksent. Dei har fleire dusin barnebarn, men ingen som besøker dei like ofte som Street Teams. Eg ser Carmen kvar laurdag. Nei vent. Løgn. Eg SÅG Carmen kvar laurdag.
For to veker sidan hadde eg nemlig min siste Street Teams. TRIST! Og det verste av alt: Carmen var ikkje inne den dagen! Så eg må komme å seie adjø ein gang til trur eg.

Kanskje kjem te fleire historiar seinare.
Men men.
Masse kjærleik

13 kommentarer:

Malin sa...

Hehehe, liker at dere har kaller hverandre for noe så absurd som skolisser og borrelås. Men egentlig så er det ganske kult, for vet dere hva som skjer med skolissen når den kommer ani en borrelås? <3

Borrelåsen sa...

Ååå, likte dinna type innlegg skikkelig godt! Følte meg beæra som fikk vær med ;)
Du e veldig morsom, veit du da?:P
Her ska eg sei dei morsomaste setningane dine:
1. Det gjer meg glad at me flyr heim saman. Fordi eg treng ikkje ta med meg bagasjen min inn på toalettet.
2. Jamie held til inne i PC'en min, der han konstant skriv nye songar han kan synge til meg
3.Ho er blond, vakker og får meg konstant til å gråte. Ikkje fordi ho er ond, men fordi(...)

Haha :)

Så gøy for Erica at moro kom! Å så gøy for deg at hu flytte inn me deg igjen :) Bra at dåke har funne tilbake te kverandre etter seperasjonen ;)

Ps. Historien va skikkelig morsom, sku ønska eg va der ;) Fikk du nummeret? Haha :)

Borrelås sa...

Ååå, for ein skjønn kommentar Malle!

Elisabet sa...

Skjønt Malin (Eg rekne med da betyr at di sitte fast i kvarandre?)
Eg like dine djupe tanka M!

Boris: Takk takk! Eg like at du syns eg e morsom. Eg og syns eg e morsom. Årh, eg va ikkje interessert i nummeret :p

Boris sa...

Hahaha :)

Likte Boris forresten. Du kalles jo bare for Lisso viss eg har dårig tid, så då passte da at eg og fikk eg litt kortare kallenavn :D

Faren til Boris og Lisso :) sa...

Kjempekjekt innlegg Elisabet. Og kjekke kommentarer fra Malle og Boris :) Men visste Borrelåsen at Russland sin første president etter at Sovjetunionen ble oppløst het Boris? Boris Jeltsin. Han var en skikkelig bajas. Sendte hæren mot parlamentet for å få tak i lederen for parlamentet. De skjøt hull i parlamentsbygningen med kanon...

En gang han skulle på statsbesøk og hadde drukket litt for mye, ble stående og tøysedirigere musikkorpset som spilte for han da han landet. Det er ikke særlig ærerikt når en full president gjør dette :) Og en annen gang var han så full at han ikke gikk ut av flyet i det hele tatt...

Ved å klikke på "faren til.." så ser dere USA's president fortelle om da Russland sin fulle president prøvde å bestille pizza i underbuksa, mens han var på statsbesøk i USA. Russlands president ble avvist av drosjene i USA :)

Faderen, del 2 sa...

Glemte å si: Hvem er egentlig Jamie? Ein veldig god venn - held til inne i PC'en min - skriv nye songar han kan synge til meg

Er dette en ny Skybert??

Elisabet sa...

Hei papsi. Ja Boris va litt av ein raring.
Men eg og kan gjer research. Og Boris, om ein trur da komme fra Bulgarsk betyr "ulv", "kort" eller "snøleopard", som passe godt te Hanne Mari :)


Og ditta e Jamie:
http://www.youtube.com/watch?v=QCcddnbYNYc
Han henge på youtube når han ikkje e i pc'en min.

Boris J. ;) sa...

Hmmm, undrast på koffor "ulv", "kort" eller "snøleopard" passe te meg? :P

Morsomme fortellinga pappa:) Og eg likte navnet ditt ;)

- BJ - BL - HMFG - sa...

Kan du kje ha spørsmålsrunde, hahaha :) Men eg meine da! Eg har nåken gode spørsmål :)

No e mandarinane i Norge veldig gode :)

Elisabet sa...

Ulv: Fordi wiki seie at: "Kroppen er langstrakt og slank med lange lemmer og en lang og busket hale." Hørres ut som deg ;)
Kort: Fordi du e kortare enn meg.
Snøleopard: Fordi wiki seie at: "Snøleoparden kan hoppe over ni meter, drepe byttedyr som er tre ganger sin egen vekt og smyger seg så forsiktig frem at den omtrent aldri blir sett" Hørres ut som deg ;)

Og spørrerunde trur eg ikkje eg komme te å ha, men du kan jo spør meg i ein email eller i kommentaren her, så kan eg skriva om da om da e interessant ;)

Boris sa...

Okei, då skjønne eg at du syns dei tre ordene passte te meg :)

Spørsmål:
- Kan du skriva litt om og ta bilde av de nærmaste vennane dine (f.eks fem stykk)?
- Kan du ta litt meir bilde av der du bur, ute, Hillsong osv. Jada, veit eg har vært der, men gøy med bilde :D
- Kan du skriva sånn topp tre-innlegg igjen? Gøy :)

:D

Elisabet sa...

1. Ja, men ikkje før neste år, for eg har ikkje tid te å gjer da før eg komme heim
2. Ja men ikkje før neste år, av samme grunn.
3. Ja, ska sjå om eg får tid snart :D