23. februar 2011

. . . . .

Av og til strekk ikkje ord langt nok.
Iblant føles det som om dei orda ein har ikkje er store nok for det som hender i verda.
Katastrofe? Det ordet brukes om "å tape ein fotballkamp mot eit mykje dårligare lag."

...

I dag var det eit jordskjelv i byen Christchurch i New Zealand. Eit jordskjelv som i seg sjølv ikkje var av dei største verda har sett, men som var veldig nære bysentrum, og som gjorde store skader. Sist eg sjekka var talet på daude 65, med hundrevis sakna.

Det er rart korleis ein ser på ein naturkatastrofe med nye auge når det er så nære. New Zealand og Australia er litt som Norge og Sverige. Me likar å gjere narr av kvarandre, men innerst inne elskar me kvarandre. Det er veldig mange kiwiar (folk fra New Zealand) i Australia, inkludert mange på college.

Ei veldig god venninne av meg, flytta heim til Christchurch i desember etter å ha vore her i to år. Det gjekk bra med ho i skjelvet, ho var i 3. etasje på jobb, og bygningen på andre sida av gata raste saman i skjelvet.

Ei av dei eg bur med har ei søster som skal kome på besøk i morga. Denne søstera er for tida i New Zealand og ho eg bur me høyrte i dag frå mora, som hadde snakka med søstera. Søstera var på ein kafé under skjelvet, og då dei gjekk tilbake til hotellet var heile bygget i ruiner.

Ein slektning av meg var i Sydney førre veke, og eg møtte han og familien hans i nokre timar. I dag slo det meg at "eg trur dei er i Christchurch". Eg emaila dei, og fekk svar attende at dei er ein times flytur unna, og at det gjekk heilt bra med dei, men det set litt støkk i deg å tenkje over slike ting. "Kva om...?"

.....

Så tenkjer eg. Ja, du får litt støkk når slike ting hender så "nære" deg. Men kva når det er eit stort jordskjelv i Haiti eller sult i Sudan eller oversvømmelse i Bangladesh. Kvifor vert det så lett å berre skru av tv'en og seie "ein kan ikkje la alt gå innpå seg"? (Sjølv om folk som seier det ofte ikkje lar noko gå innpå seg. Ja, beskytt hjartet ditt, men ikkje beskytt det så masse at du ikkje får brukt det mot noko.)

Same dag som dette jordskjelvet er i New Zealand er det borgarkrigar eller tendensar til det i Libya, Egypt og Jemen. Tre forskjellige land, ikkje relatert. Kvifor har eg ikkje like stor medfølelse med alle dei uskyldige der?

Eg må dra meg sjølv litt i nakken.
Om eg ikkje hadde kunne gjort noko med alle desse situasjonane hadde eg sagt at ein kan ikkje bry seg om alt som hender i verda. Men eg kan gjere noko. Eg har ein Gud som kan forandre situasjonar og som høyrer på bønn, eg har ein munn å be med og eg har ein Hellig Ånd inni meg som hjelp meg.

Difor kan, bør og må eg bry meg.

Det betyr ikkje at eg skal sitte i tre timar kvar kveld og søke på google for å finne ut av alle dei forferdelige tinga som hender i verda. Nei. Men eg kan la hjartet mitt bli rørt. Ikkje være redd for å være 'svak' og bli rørt, men heller seie at kvar gong du høyrer om noko som berre er feil i verda, send ei stille bøn for dei. Om du ser på nyhetene og ser at 4 stykk er sakna/daude på ski, send ei bøn for familien.

Med dei store og dei små tinga. Ingenting er for stort for Gud og ingenting er for lite. Han bryr seg.

Så eg legg meg no, med New Zealand i mitt hjarte. Eg ber om at dette vakre landet vaknar opp i morga til miraklar. Til at folk ein trur er daude blir redda ut av ruinar. Til håp. Til framtid. Til lys i mørket.


Jesaja 61 i Message-versjonen passar så godt til denne situasjonen.

The Spirit of the Sovereign LORD is on me,
because the LORD has anointed me
to proclaim good news to the poor.

He has sent me to bind up the brokenhearted,
to proclaim freedom for the captives
and release from darkness for the prisoners,

to proclaim the year of the LORD’s favor
and the day of vengeance of our God,

to comfort all who mourn,
and provide for those who grieve in Zion—

to bestow on them a crown of beauty
instead of ashes,
the oil of joy
instead of mourning,
and a garment of praise
instead of a spirit of despair.

They will be called oaks of righteousness,
a planting of the LORD
for the display of his splendor.

They will rebuild the ancient ruins
and restore the places long devastated;
they will renew the ruined cities
that have been devastated for generations.

19. februar 2011

Inception


Inception = 'begynnelse'.

I dag såg eg filmen inception for første gang, og eg tullar ikkje når eg seier det: Det er den beste filmen eg har sett i heile mitt liv, og eg anbefalar alle andre å sjå den også.
Eg trudde aldri eg skulle sjå ein film som er betre enn Ringenes Herre, men denne er det. Den er så bra!
Så mitt tips: SJÅ DEN. Gi den ein sjanse, for den kan oppfattast som litt treig i byrjinga, til den kjem til hovudhandlinga. ELSK DEN. Og om du er som meg: Bli forvirra av dei siste tre sekundane, og ha ein diskusjon på dei etterpå...

Eg veit ikkje ein gang om eg vil skrive kva den handler om, men eg kan seie som så at den virkelig strekker historia til noko eg ikkje kunne ha forestilt meg om eg hadde prøvd. Eg må nok sjå den igjen, for det er ein sånn tankefilm, der du skjønar alt mykje betre når du ser det for andre gang.

Stol på meg - berre SJÅ DEN!!
Natta!

17. februar 2011

Take heart.

There is a light
that burns brighter than the sun
He steals the night
and casts no shadow
There is hope
Should oceans rise and mountains fall
He never fails

So take heart
Let His love lead us through the night
Hold on to hope
and take courage again

In death by love
The fallen world was overcome
He wears the scars of our freedom
In His Name
All our fears are swept away
He never fails

All our troubles
And all our tears
God our hope
He has overcome


All our failure
And all our fear
God our love
He has overcome


All our heartache
And all our pain
God our healer
He has overcome


All our burdens
And all our shame
God our freedom
He has overcome


All our troubles
And all our tears
God our hope
He has overcome

All our failures
And all our fear
God our love
He has overcome


God our justice
God our grace
God our freedom
He has overcome

God our refuge
God our strength
God is with us
He has overcome





Denne sangen er frå Hillsong United sitt nye album Aftermath. Albumet kom ut på søndag, og er heilt fantastisk. Det vart lagt ut på itunes i går eller i forigårs, og er allereie nummer 1 på australsk itunes og nummer 4 i USA. 
Det er ei investering og eg anbefaler alle å kjøpe det. SÅ BRA!!!
Det er og nummer 2 i Norge på album-nedlastningar og det berre etter eit par dager. 







11. februar 2011

Du veit du har ein veldig chilled out kveld når...

... du har sett to filmar dei siste 4 timane, som du har sett før og ikkje har noko spesielt forhold til.
... du har eigentlig sett tre, men du sov gjennom den første.
... du er åleine heime og ikkje har logga av Facebook på timesvis.
... du har håret i dult på toppen av hovudet.
... du har zero sminke på (ikkje at eg pleier å ha så masse)
... du unngår å ha pc'en på fanget fordi det er så varmt.
... du har alt for mykje klede på deg i forhold til varmen, men du gidd ikkje gå opp trappene for å skifte.
... middagen din består av sjokolade og melk.
... du har oppdatert bloggen din to gongar på ein dag, pluss lagt til to nye sider i menyen oppe.

Trøytt, sveitt fjes. YAY! Haha. Heldige meg som tok det i Blackberrykvalitet. :)

Kven les bloggen min? Kor bur dei? Kvifor?

Om du lurar på kven som les bloggen min, så kan eg fotelje deg følgjande:

Mine tre mest populære blogginlegg, som er mest lese er:
3. Kortversjon av preikenen min.
2. Gullkorn frå Australia
Og på toppen:
1. Amazing grace

Dette er riktignok dei tre mest leste sidevisningane, altså fleire kan ha lest andre på framsida av bloggen min, men ikkje inne på sida, og eg reknar med at det er fordi eg posta dei på facebook med link til sida.


Dei tre nettstadene flest finn vegen inn på bloggen min fra er:
På tredjeplass: FACEBOOK.
På andreplass: GOOGLE
Og på ein litt overraskande desidert førsteplass: Mi kusine Malin sin gamle blogg: FOURSOME. Berre denne månaden har eg hatt 39 treff gjennom eit innlegg som ho har skrive.


Søkeord folk søker på som fører dei inn på bloggen min:
Desidert først: "elisabetfg"
I tillegg "forunderleg, eit vrak som meg", som sikkert og er ein grunn til at det er så mange treff på "amazing grace".
Også, "blue mountains jamaica" (Random!)
"butterfly pictures"
"elisabeth giske sydney"


Land folk les bloggen min frå:

  1. Norge (så klart)
  2. Australia (meg)
  3. Canada
  4. USA
  5. Russland
  6. Nederland
  7. Tsjekkia
  8. Hellas
  9. Storbritannia
  10. Malaysia
Random? Jepp. Haha. Men med det sagt, Blogspot trur at Blackberryen min er i Canada. Så når eg er innpå frå den så kjem det under Canada. Weird :)

Nettlesar mine lesarar bruker:

  1. Internet explorer 54 %
  2. Chrome (myself) 24 %
  3. Firefox 15 %
Operativsystem:
  1. Windows 94 %
  2. Mac 2 %
  3. Blackberry (eg) 2%

Okei, eg veit, verdas mest randomme innlegg, men eg fann alt dette då eg prøvde å finne ut korleis eg tar kommentarboksen i toppen av innlegget. Fann det ikkje ut. Nokon som veit?

***OPPDATERT*** Eg fann det ut, yay!! Litt stolt. Hehehe

Eg har blitt fortalt at alle bilete krydrar bloggtilværelsen. Her er eit av Fjugstad-klanen klar for rakettoppskyting!

8. februar 2011

Sidan det er så lenge sidan sist eg har posta bilete...

Sidan sist eg posta bilete har eg: (sorry dårlig kvalitet)

... spelt piano:


.... flydd til Norge:


...spist pannekaker: (Den nedst til venstre er min ultimate favoritt - Bananarama)


... blitt i kjempehumør av å sjå alt som har med Norge å gjere i Australia.


... tenkt at Norge er som eit vakkert maleri:


...prøvd ny mat - denne er meir spicy enn den ser ut til:


...hatt blom i håret for graduation:


...funne ut at kamelkoppar er det nye store:


...tenkt over kor mykje eg elskar denne kyrkja!!!!


... sett Christina Aguilera synge den amerikanske nasjonalsangen. Og med sett meiner eg sett, for det var ingen lyd, så amerikanarane sang med og følgte munnbevegelsane hennar. Heilt til lyden plutselig kom. Superbowl.


...funne ut at airconditioning er det mest geniale sidan kamelkoppane vart oppfunne, og at det ikkje gjer noko om kjolen blir blåst opp som Marilyn Monroe sin, så lenge det held deg kald:


... hatt eit intenst hat/elsk forhold til sola, hata den australske på varme dagar, og elska den norske på kalde dagar. Meir sakna den norske:


....funne ut at i Australia så kler bilane seg ut til jul. Denne er eit reinsdyr med raude horn (kan du sjå dei) og raud nase. Eg kallar den Rudolf:


...tenkt over at til og med parkeringsplassen i kyrkja mi er gigantisk, her ser du kanskje ein sjuandedel av den:


...elska snøen:


...sakna snøen:


...og tenkt over kor dårlig blackberryfotokvalitet eigentleg er og kor langt ordet 'blackberryfotokvalitet' er. Til dei spesielt interesserte er det 22 bokstavar.


Kjærleik!

4. februar 2011

Neste søppelsekk ;)

Eit spørsmål til den smarte:
Kvifor er det slik at når du har eit glas med iskaldt vatn og isbetar på ein glovarm dag dannar det seg vatndropar på utsida av glaset. I don't GET IT!!!! Det er sært, rett og slett. Glaset er jo tørt før ein fyller i det? Går vatnet "gjennom" glaset? Tiltrekk vatnet til seg fuktigheit i lufta? Kva skjer?


Uansett, som eg sa i går, skal eg forsetje med å rydde opp i "søppelbøtta" mi :) Og med søppelbøtte meiner eg ikkje at alt eg seier er søppel, hehe, men at alt er fantastiske ting som har hopa seg opp i hjerna mi. Hoho.

Uansett, neste "søppelbøtte" er studiene. Som de veit har eg byrja på eit nytt studium no, nemleg ein bachelor i Contemporary Ministry, eller streng tatt i Teologi. Dei to første vekene har me "intensives", som betyr at me har eit fag tre dagar i veka i to veker frå 8-16, og så er me ferdig med undervisninga i det faget.

Så mitt første fag har vore "The Johannines" som er studier av Johannes sitt gospel og dei tre breva til Johannes. Ordet Johannines inkluderer og Johannes Åpenbaring, men me har ikkje den med i dette faget, fordi det er eit gigantisk studie i seg sjølve. (Har du nokon gong lest den, så skjøner du kva eg snakkar om.....)

Eg har lært så utrulig mykje på desse tre dagane, og skulle ønskt eg kunne sagt alt eg har lært til dykk, men det hadde tatt litt for lang tid ;)

Uansett, her er litt smakebitar av kva eg har lært


  • Religion = DO
    Christianity = DONE

I det første århundret trudde alle på noko. Dei fleste trudde på diverse gudar. 1 Johannesbrev viser oss forskjellen på vår Gud og deira gudar.
  1. Greske gudar: Ein kunne ikkje stole på kva dei ville bli sinte for.
    Bibelsk Gud: Gud vert alltid sint på grunn av synd. Ein kan stole på det.
  2. Greske gudar: Ein kunne ikkje stole på kva dei ville akseptere som offer for tilgivelse.
    Bibelsk Gud: Gud vil kun akseptere Jesus Kristus som offer. Ein kan stole på det.
  3. Greske gudar: Ein måtte sjølv ta initiativ for å finne ut kva for ein gud ein hadde fornærma.
    Bibelsk Gud: Gud tok initiativet, ikkje eg. Han sendte sin son. Gud ofra Gud til Gud.
Greske gudar - handla om alt ein måtte gjere.
Bibelsk Gud - det er gjort.


  • Visste du at i det første århundret var det dei som var slavar som fekk høgast utdanning. Fordi dei som hadde dei som slavar trong nokon til å skrive for seg, til å lege dei, osv... Legar var som regel slavar. Alfabetar var slavar. Kun 10 % kunne lese og enda færre kunne skrive. Lukas, som har skrive evangeliet med samme navn, var ein lege, og kan ha vore ein slave.

  • Visste du at ei side papyrus, som dei skreiv på, kosta ei veke's lønn. Det var altså kjempedyrt. Difor skreiv ein utan mellomrom mellom orda, utan avsnitt, osv. Difor var ein veldig forsiktig med kva ein putta inn i det ein skreiv.
    Eg synast ikkje det høyrest logisk ut at minst 8 forfattarar skal ha skrive 27 bøker om Jesus Kristus om dei ikkje visste at det dei skreiv var sant, med tanke på at det kosta dei så masse. : )

  • I kristendommen snakkar ein om at alle kristne er søstre og brødre, at me are alle born av Gud. Visste du at dei kristne var dei første folka i historia som kalla folk ein ikkje var i slekt med for 'søstre' og 'brødre'?

  • Okei, denne er bra. Du veit Jesu første mirakel i Johannes evangelium? Når han gjer vatn til vin? Kvifor er det egentlig med i Johannes, når han har svært få mirakel med? Og kvifor byrjar han med dette?
    Vel, jødane på Jesus si tid trudde på ei tid før Messias skulle kome, den tida dei levde i, og ei tid etter at Messias skulle komme. Tida før Messias var ond, og tida etterpå var god. Tida før Messias kalla dei "the age of water" og tida etterpå var, gjett kva? Jepp, "the age of wine". Grunnen var at vin var reint, medan vatnet på den tida var veldig skittent, dei måtte ofte blanda alkohol inn i det før dei drakk det for det var så skittent.
    SÅ! Når Jesus gjorde vatn om til vin så signaliserte det at Messias var her!! Kult? I know.
Jaja, det får være nok for no. Men i alle fall! Eg elsker denne linja allereie! Det er så kjekt :D


Ooohhh, ps! For min kule Harry Potter elskande familie.
Me snakka den eine dagen om samaritanarane. Dei var jødar som var inngifta med andre folkeslag. Læraren min snakka om korleis dei vart sett på av jødane på den tida. Han sa "Dei er outcasts. Mudbloods."
Veldig få "tok den" Eg gjorde.

Oohh, eg elskar Harry Potter. Gler meg til den siste filmen! :D

YAY! :D

3. februar 2011

Søppelsekkar, del 1

Å blogge er akkurat som å rydde i ein søppelhaug. Om du venter for lenge med det, fyller den seg opp og opp med nye søppelsekkar heilt til du ikkje veit kor du skal begynne for å få alt unna.

Det er så mykje som har hendt, så mykje eg vil skrive om, men eg anar ikkje kvar eg skal byrje. Så då får ein vel berre byrje med det 'alle' snakkar om.
Været.

Ein grunn til at eg ikkje har 'rydda i søppelhaugen min' endo, er nemlig været.
Når du har ein 3,5 år gammal pc, som det ikkje går an å ha på fanget, fordi den overoppheitast stadig vekk, så er ikkje drømmen å sitje å skrive på pc'en i 40 graders varme.
Akkurat no er det 37 grader i Blacktown, 20 minutt unna oss, og det er ingen aircondition i huset mitt, noko som betyr - det er dødeleg varmt. Og det er 17:21, så du skulle tru det kjølte seg ned snart, men dei siste dagane har eg måtte snu hovudputa til motsatt side av senga, under vifta, og sove med vifta på fullt heile natta, og likevel våkna opp fleire ganger kvar natt av varme.
Og når eg går heim frå skulen, stoppar eg i kvar skygge. For det er så varmt. :)

Og om du ser på værmeldinga for Sydney er det der eg bur som regel 5-10 grader varmare enn Sydney sentrum.

Så her i Sydney-området har me ei hetebølgje.
Samtidig i Nord-aust Australia har dei som de sikkert har høyrt hatt den største orkanen som nokon sinne har vore i Australia. Om den hadde vore i USA hadde den dekkja dette området:

Dette hender langt unna meg, omtrent der eg, pappa, HM og Remi var i sommar, men til no ser det ut som om det har gått veldig bra, ingen omkomne.
Det er i samme staten - Queensland - som hadde flommen i byrjinga av januar. Det er heilt sjukt, kva folka i Queensland har gått gjennom i det siste. Ha dei i bønnane dykkar :)

Puh. Ein søppelsekk unna.


Ellers så har eg byrja på skulen. Men det skal eg skrive meir om i neste søppesekk, fordi no måste jag gå.

Men masse kjärlek til dykk alle sammen!

Klem E