Å blogge er akkurat som å rydde i ein søppelhaug. Om du venter for lenge med det, fyller den seg opp og opp med nye søppelsekkar heilt til du ikkje veit kor du skal begynne for å få alt unna.
Det er så mykje som har hendt, så mykje eg vil skrive om, men eg anar ikkje kvar eg skal byrje. Så då får ein vel berre byrje med det 'alle' snakkar om.
Været.
Ein grunn til at eg ikkje har 'rydda i søppelhaugen min' endo, er nemlig været.
Når du har ein 3,5 år gammal pc, som det ikkje går an å ha på fanget, fordi den overoppheitast stadig vekk, så er ikkje drømmen å sitje å skrive på pc'en i 40 graders varme.
Akkurat no er det 37 grader i Blacktown, 20 minutt unna oss, og det er ingen aircondition i huset mitt, noko som betyr - det er dødeleg varmt. Og det er 17:21, så du skulle tru det kjølte seg ned snart, men dei siste dagane har eg måtte snu hovudputa til motsatt side av senga, under vifta, og sove med vifta på fullt heile natta, og likevel våkna opp fleire ganger kvar natt av varme.
Og når eg går heim frå skulen, stoppar eg i kvar skygge. For det er så varmt. :)
Og om du ser på værmeldinga for Sydney er det der eg bur som regel 5-10 grader varmare enn Sydney sentrum.
Så her i Sydney-området har me ei hetebølgje.
Samtidig i Nord-aust Australia har dei som de sikkert har høyrt hatt den største orkanen som nokon sinne har vore i Australia. Om den hadde vore i USA hadde den dekkja dette området:
Dette hender langt unna meg, omtrent der eg, pappa, HM og Remi var i sommar, men til no ser det ut som om det har gått veldig bra, ingen omkomne.
Det er i samme staten - Queensland - som hadde flommen i byrjinga av januar. Det er heilt sjukt, kva folka i Queensland har gått gjennom i det siste. Ha dei i bønnane dykkar :)
Puh. Ein søppelsekk unna.
Ellers så har eg byrja på skulen. Men det skal eg skrive meir om i neste søppesekk, fordi no måste jag gå.
Men masse kjärlek til dykk alle sammen!
Klem E
5 kommentarer:
Kan kje sjå bilde?
Hmm... Prøv her: http://twitpic.com/3vq9jj
:)
Hmm... Prøv her: http://twitpic.com/3vq9jj
:)
Oi, sjukt!
Oi, her var det mye oppdateringer =D morsom sammenligning, jeg synes egentlig skolearbeid minner litt om søppeøsekker. Har mange poser å kaste nå for å se det sånn =P
Legg inn en kommentar