I dag våkna eg til eit forferdeleg syn. Mobilen min, som seier at klokka er 07.51. Med tanke på at eg skal forlate huset klokka 08.00, er ikkje det det beste å vakne til.
Så eg hoppar opp av senga. Med ein gang eg kjem opp så ringer mobilen. Det er mi herlige syster.
Kvar gong nokon ringer heimafrå så er det fyrste eg trur at a) dei har veldig dårlige nyhende, eller at b) dei har veldig gode nyhende.
Ho fortel då at ho og sin kjære har funne noko ut, og at det var så skjønt at dei berre måtte dele det med meg. Dei har blitt einige om at om dei vinn i lotto så skal dei bestille ein flytur til Australia, få nokon til å hente seg og berre dukke opp hos meg utan å seie ifrå.
Om du no les dette og ikkje er ei kvinne, så skal eg no fortelle deg alt som kan skje i hovudet på ein person på ein gang, ved å bruke mitt hovud i denne situasjonen som eksempel.
"Så koselig."
"Var det alt?"
"Som om ho hadde klart å holde det hemmelig..."
"Oi, klokka er 07.53"
"Må pusse tennene. Morgonande."
"Gidd eg å gå på skulen? Eg rekk det vel ikkje?"
"Mi syster kjem til å få ei stor rekning."
"Definitivt brilledag idag, ikkje linsedag."
Men alt eg seier er, noko liknande:
"åja, så koselig. Du kan og bruke denne lottogevinsten til å betale telefonrekninga di. Sorry, no må eg gå."
Stakkars vesle Marien min.
Ho berre. "jaja, me syntast det var skjoent i alle fall."
Så gjekk det yttarligare ti minutt, og eg tenkte, kva var det eg sa eigentlig?
Uhoeflig liten pike!
Men men, då er det berre å vente på lottogevinsten. :)
Hurra! :)
6 kommentarer:
Og ps.
I dag åt eg ein avocado. Eller ikkje ein heil ein. Men det var avocado på wrappen min. Og eg berre "Æsj". Men det smakte ingenting. Så kva er poenget med å ete avocado når det ikkje har smak?
Og ps.
I dag åt eg ein avocado. Eller ikkje ein heil ein. Men det var avocado på wrappen min. Og eg berre "Æsj". Men det smakte ingenting. Så kva er poenget med å ete avocado når det ikkje har smak?
Hahaha :P
Jaja, alle kan vær trøtte :)
Og... Me snakkte bare i 1 min og 16 sek.. Kan vel kje kosta såååå masse? :P
hehe
To verdener som kolliderte, Elisabet med supermorgenstress, og Hanne Mari med superhyggeligsøsterkoseprat :)
Tror ikke at Hanne Mari går konk på denne ene samtalen. Iflg tele2 koster det 5 kroner pr minutt å ringe til mobil i Australia. Så dette kostet 6 kroner.
Men hvis Elisabet ikke hadde vært supermorgenstressa, og dere hadde begynt å prate om hva dere ville brukt alle millionene til, og hva dere skulle gjort i Australia, og husker du da vi var der nede, og og og... - så hadde det blitt dyrt.
Da er det godt med skype. Og Skype out koster "bare" 1,50 pr minutt til australsk mobil, mye billigere enn den billige sauen som tele2 annonserer med.
Ellers husker jeg at et tellerskritt i Norge kostet 1,50, men det var i antikken. Dere har neppe hørt om et tellerskritt :o
Ja, du har nåken gode poeng, papsen :) Men bra da ikkje kosta meir en 6 krone, ca :)
hehehe, funny!! Søt tanke, jeg er også med hvis Hanne Mari vinner i lotto!! :D
Legg inn en kommentar