Hola!
Så, ehm, ja, ingen blogging på ei stund..
Grunnen til det er at 1. eg har vore i Norge, og 2. eg har fått meg ein ny blogg, hurra!
Sjekk den ut
stripetegenser.wordpress.com
Hejdå!
19. august 2011
8. juni 2011
Eg er i live!
Tenkte berre om å gi lyd frå meg om at eg framleis lever, men at grunnen til at eg lite aktiv på bloggen for tida er eksamenar, eksamenar, eksamenar. Men eg kan dele litt morosame vitsar for dykkar fornøying.
Ei brunette og ei blonding hoppar ut av eit fly samtidig. Kven landar først?
Svar: Brunetta, fordi blondina stoppar fem gonger for å spørje etter vegen...
...eg fant ingen andre gode vitsar på google. Så eg har ein idé.
VITSEKONKURRANSE.
Den som skriv den beste vitsen i kommentarfeltet vinn ein gul markørtusj. Og heder og ære.
Eg er dommar. Konkurransen startar NO!
29. mai 2011
Skandinavisk connect og bytur!
I dag (i går, klokka er to) hadde me skandinavisk connect i parken der eg bur. Det var ufatteleg gøy. Me hadde piknik, fulgt av ein spørrekonkurranse (laga av meg) om "det andre landet" (Norge fekk spørsmål om Sverige og vice versa). Norge vann den (sjølv om dei trudde Aalborg var i Sverige). Så hadde me nokre svenske "festlekar" som var ufatteleg kjekke. Dei var stafettar. Ein sprang du med ei skei med egg i munnen (den gjorde veldig vondt i tennene). Ein måtte du kaste ein støvel under beina og over hovudet i same kast. Det var nesten like avansert som den hørtes ut som. Ein kalla dei "norskfylla". Den var vittig. Du sprang til den andre sida av "banen", før du snurra rundt ei stang (her: ein kost) 20 gongar, og skulle springe tilbake. Eg datt etter 15 rundar. Haha.
Om kvelden var eg i byen med 4 av dei eg budde med i mitt første semester i Australia. Reunion. Det var herleg. Me endte opp på det same bordet på den same restauranten som me var på då deler av familien besøkte meg i fjor. Vittig.
Uansett, byen var kjåka full med folk, fordi dei hadde ein lysfestival, med lys og historiar på husveggane. Skal prøve å legge ut ein film av det.
Bilete frå dagen:
Eg laga sjokoladecupcakes og vaniljecupcakes til skandinavisk connect |
Piknikteppet |
Team Norge i spørrekonkurransen: Karoline, Kamilla, Vegard og Sandra |
I byen: Erica spurte "kva er planking"? Aynsley viste ho det. Kul bil? |
Jentene: Meg, Erica, Aynsley, Maggie, Carolin |
Middag! |
Lysshow, kult bilde? |
27. mai 2011
Oppgaveskriving del 2
Eg hadde aldri trudd at eg skulle være typen som sit oppe heile natta og skriv oppgåver men denne gongen er eg det. Ikkje fordi eg må gjere det for å bli ferdig, men fordi det er ferie denne veka, fordi eg ikkje treng å gjere noko i morga (bortsett fra å levere oppgava) og fordi eg skriv den mykje betre midt på natta enn midt på dagen.
Kanskje er det fordi ingen andre er vakne, og eg ikkje kan gå rundt i huset å bråke, og dei ikkje kan forstyrre meg. Eg veit ikkje. Uansett funkar dette for meg, og eg er ikkje trøytt heller. Sært?
Abonner på:
Innlegg (Atom)