27. mai 2011

Oppgaveskriving del 2

Eg hadde aldri trudd at eg skulle være typen som sit oppe heile natta og skriv oppgåver men denne gongen er eg det. Ikkje fordi eg må gjere det for å bli ferdig, men fordi det er ferie denne veka, fordi eg ikkje treng å gjere noko i morga (bortsett fra å levere oppgava) og fordi eg skriv den mykje betre midt på natta enn midt på dagen.
Kanskje er det fordi ingen andre er vakne, og eg ikkje kan gå rundt i huset å bråke, og dei ikkje kan forstyrre meg. Eg veit ikkje. Uansett funkar dette for meg, og eg er ikkje trøytt heller. Sært?

Ingen kommentarer: