Vel, det heile starta ein sommardag for mange år sidan. Me var på hytta utfor Ålesund, og tanta mi gav meg og Hanne Mari (syster) kvar si bok. Hanne Mari fekk Harry Potter og de vises stein, eg fekk Harry Potter og Mysteriekammeret. Eg byrja då med nummer to, og eg kom ikkje heilt inn i det. Seinare same haust vart eg med på den første filmen, og vart forelska i denne fantastiske verda.
Dette førte til at eg byrja å lese bøkene, først bok 1-4 på norsk, etter kvart også på engelsk. Då den femte boka kom ut i 2003, slukte eg den på litt over eit døgn, og seinare har Harry Potter-dilla berre fortsatt.
Det er lett og like desse bøkene. Dei er godt skrive, og du føler at du er ein del av Harrys verd. du føler at du kjenner venene hans, Fred og George er dei morosame venene dine, Hermione er nerden, Ron er den kule, og Luna har den geniale personlegheten. Du grin når folk døyr, og ler høgt av alle kommentarar.
No er det slutt. I alle fall bøkene. Me har framleis filmar i vente, og me kan alltid lese bøkene om att og om att. I tillegg har eg eit håp om at J. K. Rowling skal skrive leksikonet som det har vore prata mykje om. Og ein har alltid mykje anna bra litteratur :)
26. august 2007
24. august 2007
Allmenn påbygg
Som sagt i forrige innleg har eg gått to år på medium og kommunikasjon. I fjor hadde me omlag 25 medietimar i veka. Me hadde ofte prosjekt, og jobba veldig praktisk. I år skal eg ha ein heilt annan timeplan, som nok blir veldig teoretisk. 10 timar norsk, 5 timar engelsk, 4 timar historie, 3 timar matte, 3 timar naturfag, 3 timar samfunnsøkonomi og 2 timar gym.
Eg kjem nok til å bli relativt lei av skulen til tider, men eg har bestemt meg for at eg virkeleg skal satsa på skulen i år. Det er så kjedeleg å ikkje komme inn på det ein vil, mens ein veit at hadde ein fulgt nok med kunne ein klart det.
Klassen består av ca 25 elevar, og mesteparten er jenter. (Eg trur aldri eg har gått i ein klasse med overtal av gutar, merkeleg nok.) Sju av dei andre jentene i klassen har eg gått i klasse med før (på media). Nokre av dei andre i klassen kjenner eg litt, nokre har eg felles bekjente med, og nokre er heilt nye. Det er jo alltid spanande. Eg er den einaste i klassen frå Fitjar, men nokre av dei andre har gått på Fitjar vgs.
Yrkesskulen, eller avd. Vabakkjen, er på mange måtar annleis enn avd. Saghaugen. Det er mange færre folk (spes. jenter), og kantineopplevinga er heilt annleis enn det er på Saghaugen. Eg har enno ikkje vore i ei full kantine, men dei har litt mindre utval enn eg er van med. Noko eg ikkje liker med Vabakkjen er at det er litt mørkt og dystert, t.d i nevnte kantine. Men det vert eg nok van med.
Alt i alt trur eg dette blir eit bra år. Russ til våren vert sannsynlegvis flott, og eg gler meg veldig til å vere ferdig med vidaregåande!

Presentasjon
Hei! Eg heiter Elisabet, er 17 år, og kjem frå Fitjar. Her bur eg med mamma, pappa, ei syster på 19 og ein bror på 12. Etter to år på media går eg no på allmenn påbygg, og til våren er eg russ.
Eg er kristen, og går på ei ungdomsgruppe som heiter Blessed. Det held til i Borggata på Stord, i Stord Bibelsenter sine lokale. Det er ope om fredagar, frå 18 til 22 for ungdomsskule elevar og fra 20 til 01 for dei litt eldre. Annakvar fredag har me lovsong og kvar fjerde gong er det ungdomsmøte.
Eg er veldig glad i litteratur, og favoritten er Harry Potter. Eg byrja å lese Harry Potter like før den fyrste filmen kom ut, og sidan har det aldri slutta. Sjølv om bøkene no er utgitt, er det alltid mykje meir å gjere; t.d. lese bøkene på nytt, sjå filmane, diskutere uklare hendingar i bøkene, og høyre på MuggleCast :)
Eg er og veldig glad i musikk. Nokre av favorittgruppene er Switchfoot, Hinder, Casting Crowns, Michael W. Smith, Kurt Nilsen og the Beatles. Eg er og veldig glad i å synge, og eg er lovsongsleiar på Blessed.
Eg har endo ikkje bestemt meg for kva eg vil bli, men eg trur det anten vert eit mediayrke, eller eit omsorgsyrke. Innan media vil eg helst noko innan TV eller film. Innan omsorg vil eg jobbe med utviklingshemma. Men kva for ein det blir, om det i det heile tatt blir ein av dei, det veit eg ikkje...
Ellers hadde det vore hyggeleg om nokon hadde lagt igjen ein kommentar, eg skal prøve og oppdatere relativt ofte, så får me sjå kva det eigentleg betyr ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)