26. august 2007

Harry Potter og eg

Vel, det heile starta ein sommardag for mange år sidan. Me var på hytta utfor Ålesund, og tanta mi gav meg og Hanne Mari (syster) kvar si bok. Hanne Mari fekk Harry Potter og de vises stein, eg fekk Harry Potter og Mysteriekammeret. Eg byrja då med nummer to, og eg kom ikkje heilt inn i det. Seinare same haust vart eg med på den første filmen, og vart forelska i denne fantastiske verda.

Dette førte til at eg byrja å lese bøkene, først bok 1-4 på norsk, etter kvart også på engelsk. Då den femte boka kom ut i 2003, slukte eg den på litt over eit døgn, og seinare har Harry Potter-dilla berre fortsatt.

Det er lett og like desse bøkene. Dei er godt skrive, og du føler at du er ein del av Harrys verd. du føler at du kjenner venene hans, Fred og George er dei morosame venene dine, Hermione er nerden, Ron er den kule, og Luna har den geniale personlegheten. Du grin når folk døyr, og ler høgt av alle kommentarar.

No er det slutt. I alle fall bøkene. Me har framleis filmar i vente, og me kan alltid lese bøkene om att og om att. I tillegg har eg eit håp om at J. K. Rowling skal skrive leksikonet som det har vore prata mykje om. Og ein har alltid mykje anna bra litteratur :)

Ingen kommentarer: