Som sagt i forrige innleg har eg gått to år på medium og kommunikasjon. I fjor hadde me omlag 25 medietimar i veka. Me hadde ofte prosjekt, og jobba veldig praktisk. I år skal eg ha ein heilt annan timeplan, som nok blir veldig teoretisk. 10 timar norsk, 5 timar engelsk, 4 timar historie, 3 timar matte, 3 timar naturfag, 3 timar samfunnsøkonomi og 2 timar gym.
Eg kjem nok til å bli relativt lei av skulen til tider, men eg har bestemt meg for at eg virkeleg skal satsa på skulen i år. Det er så kjedeleg å ikkje komme inn på det ein vil, mens ein veit at hadde ein fulgt nok med kunne ein klart det.
Klassen består av ca 25 elevar, og mesteparten er jenter. (Eg trur aldri eg har gått i ein klasse med overtal av gutar, merkeleg nok.) Sju av dei andre jentene i klassen har eg gått i klasse med før (på media). Nokre av dei andre i klassen kjenner eg litt, nokre har eg felles bekjente med, og nokre er heilt nye. Det er jo alltid spanande. Eg er den einaste i klassen frå Fitjar, men nokre av dei andre har gått på Fitjar vgs.
Yrkesskulen, eller avd. Vabakkjen, er på mange måtar annleis enn avd. Saghaugen. Det er mange færre folk (spes. jenter), og kantineopplevinga er heilt annleis enn det er på Saghaugen. Eg har enno ikkje vore i ei full kantine, men dei har litt mindre utval enn eg er van med. Noko eg ikkje liker med Vabakkjen er at det er litt mørkt og dystert, t.d i nevnte kantine. Men det vert eg nok van med.
Alt i alt trur eg dette blir eit bra år. Russ til våren vert sannsynlegvis flott, og eg gler meg veldig til å vere ferdig med vidaregåande!
1 kommentar:
Så skjønn du e :) Eg glede meg te å lesa bloggen din kver dag! Eller, du må ihvertfall oppdatera ofta :)
Legg inn en kommentar