Okei, lenge sidan eg har oppdatert!! Men det var i alle fall i denne månaden. Barely ;)
Eg har sendt in visumsøknad, og fått svar om at eg visst ikkje hadde sendt inn alt :p Neste tysdag må eg på ein legeundersøking i Bergen, der dei visst skal sjekke det meste, og eg må ta røntgentest av lungene. Scary!! Men det blir greit å få unnagjort. Og så må eg sende inn passet mitt...
Greit med ein tur til Bergen då, pappa har ordna seg fri den dagen, så eg skal "lærekjøre" :p Eg har nemlig aldri kjørt i Bergen, og har lyst til det før eg flyttar til Sydney, så pappa skal guide meg den første gangen, som blir på tysdag.
Ellers har det vorte mykje jobbing på Kringla sidan sist; kvar dag og annakvar laurdag. Eg jobba på laurdag, og eg jobba på Halhjem på sundag, så det vert utruleg deilig med frihelg. Og eg må seie dealen på Halhjem var grei, eg fekk betalt frå eg gjekk ombord på ferga på Sandvikvåg til eg kom tilbake til Sandvikvåg om kvelden. Det vart ti timar. Med søndagstillegg!
Det var ganske kjekt å jobbe på Halhjem, det må seiast. Eg kunne f.eks svara då nokon spurde kor langt det var til bensinstasjon på andre sida, hehe :) Men sjølv om eg fekk betalt for å reise med ferga, er det meir praktisk å berre køyre ut til Sandvikvågen ;)
No skal eg snart på sangøving med Ingvild, Connie og Solfrid :) Og det minner meg på at eg ikkje har oppdatert om lovsangen den 6. sept. Knallkjekt!! Eg var i mitt rette element, HEHE! (intern). Men det var kjekmpegøy altså. Og eg trur folk fekk noko ut av dagen. På kvelden, etter konserten i kulturhuset var ein liten gjeng av oss ute og vitna. Skummelt og spanande!! ;)
På fredag har mamma og pappa 21 års bryllupsdag. Eg nyttar Kringlajobben til å få rabatt på ei kake, som me feirar med på laurdag. Martin og Tomas kjem og i helga, blir kjekt. Malinslasken er på folkehøgskole. I miss her.
Klem frå meg! :D
2 kommentarer:
hei sweety, savner deg og, gikk det fint å kjøre i Bergen?
må bare få si at eg ikke en en slask, mange dager øver vi fra 9 om morningen til 11 om kvelden.
men ja, har muligens noen slasketendenser.
klem fra Malin
Hei Malin! Typisk deg, når du først kommentere, så kommentere du ein fra september. Va bra du sa du hadde vore innpå, viss ikkje hadde eg ikkje sett da :p
Jada, da gjekk fint da :) Teamwork av meg og Hanne veitdu. Off då, slitsomt! Men eg veit du ikkje e så slask av deg, bare av og te, hehe :)
Klem fra meg :)
Legg inn en kommentar