På laurdag har Stord bibelsenter og Kristkyrkja lovsangsmøter. Då skal eg syngje, sannsynligvis først på torget kl 12, så på kulturhuset kl 20. Det blir utfordrande og spanande, men forhåpentlegvis kjekt!!
På fredag skal eg ha andakt og lovsang på Blessed, og på søndag skal eg syngje på Fitjar bedehus, så det vert ei travel helg, men travelt er bra.
Eg bør i alle fall vere klar for travelt når eg reiser til Australia i januar. Der ser eg for meg at eg kjem til å helse på travelt igjen...
Dette er faktisk den første helga eg har fri laurdag og søndag sidan eg var i London i juli, så det blir deilig.
I oktober (5.) skal eg døype meg. Det er litt på tide, eigentleg, har jo vore ein kristen leeeenge. Eg er døypt, som baby i kyrkja, men no skal eg vaksendøype meg. Det gler eg meg til (med litt sommarfuglar i magen)
Elles har eg sendt inn visum-søknaden min for ikkje så alt for mange dagane sidan. Søknaden gjekk til den australske ambassaden i Berlin, og eg fekk svar på fredag om at den var mottatt.
Det er forresten heller ikkje lenge til pappa skal til Israel i to veker med Stord bibelsenter. Det vert spanande for oss alle.
Blessings,
Elisabet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar