1. februar 2010

Det er offisielt februar månad....

... og det føles som eg nett stod utfor huset heime og såg på fyrverkeri, hadde stjerneskudd, klemte alle og sa "godt nyttår". Tida flyr, og det er rart.
Eg har vore i Australia i 8 dagar no, og det føles allereie som heime. Dei nye som eg bur me er kjempekjekke og livet er bra.
Det er veldig varmt, og det er både kjempekjekt og ikkje kjekt. Dei gongane det ikkje er kjekt er dei gongane du går til college i mellom 30 og 40 graders varme og du kjem fram og det renn svette av deg, kun fordi luftfuktigheten er så stor at berre du sit stille svettar du.

Men nok om slike ekle ting.

POWerhouse Retreat var denne helga. Det var fantastisk! Her er nokre bilete


Me var tribe POW. Du veit når du les teikneseriar, og så når noko hender står det "BANG!" eller "KRÆSJ!" På engelsk står det "POW!" Så her er alle Supermann med ei hand opp. Nett som på biletet under.





Tribe POW og kalla YELLOW TRIBE. Som de kan sjå. Hehe


Me hadde konkurransar med dei andre "tribe"ane raud og grøn. Som oftast gjekk desse ut på å danse som vilt som mulig ofte til sangen "party in the USA", som eg etter kvart døpte om til "party with Aynsley Gray". Hehehe. Men den sangen er årets retreat sang, definitivt. Høyr på den! Miley Cyrus syng den. Good times.


Ja, og her er eit bilete av folket, men hatten kom litt i veien, så det var ikkje så lett å sjå. Men då får me heller sjå på hatten, var jo fin den, hahahah.


Ellers må eg sei at Powehouse var utruleg sterkt, Gud var så utruleg til stede. Eg blei meir klar over kva han vil av meg, og at han formar meg til å bli ein bedre person, ein bedre leder og at han elskar meg like djupt når eg klarar det som når eg ikkje klarer det.

Den andre natta sov eg dårlig og våkna med ryggen min heilt øydelagt. Som i, det gjorde vondt uansett kva eg gjorde med overkroppen og uansett korleis eg sat. Og Retreat er akkurat som impuls, ingen stolar, ein sit på gulvet. Einaste staden det er stolar er langs med veggen og det er veldig få stolar.

Men alle eg snakka med sa at eg berre måtte ta ein stol, og sitte.

Så det gjorde eg gjennom heile tribekrigane, noko me har før lovsangen og møtet startar. Eg satt og satt, heilt til Gud sa: "Dette er ikkje ditt kall". Eg tenkte "kva er ikkje mitt kall?" "Kallet ditt er ikkje å sette deg ned og gi opp kvar gong du møter eit problem.

Det var utrulig utfordrande. Eg bestemte meg for å gå ut på dansegolvet og hoppe til "party in the USA", og eg gjorde det. Det vart ikkje bedre i ryggen av å gjere det, men det vart ikkje verre heller.

Ellers så var det rett og slett fantastisk. Prekenane var utrulig direkte, rett på sak og snakka direkte til meg, så det var bra. Sosialt var det kjekt, eg, Imogen og Erica hang saman - berre oss tre - for første gong sidan november. Så kjekt var det.

Eg har så mykje eg kunne fortalt, men det er vanskeleg å byrje. Uansett, kanskje kjem det litt meir seinare. KLEM til alle.

6 kommentarer:

mamma sa...

Ja, ikke akkurat en rolig start på Australiaåret... Men det høres jo veldig kjekt ut. Og i morgen begynner vel den vanlige skolen og - dvs i dag hos deg. God natt - eller god morgen.

Klem

Malin sa...

Så kjekt det virker som du har det. Det er bra! kos deg videre i lykkeland, heldiggrisen.
Her i Norge snør det, igjen. Skulle gjort mye for å ha den varmen du har:)

Pappa sa...

Kjekt med alle detaljene dine, Elisabet. En nydelig hatt på bildet. Og en flott samtale med/fra Gud!

Jeg er ikke enig med Malin. Jeg vil ikke ha den varmen Elisabet har. Kan gjerne ta noe i mellom. 3/4 av Elisabet sin temperatur, og 1/4 av vår er nok for meg.

3/4 av 40 blir 30, minus 1/4 av våre kuldegrader. 27-28 er rikelig nok for meg.

Pappa sa...

Hvilken av disse 100 linkene kommer nærmest deg? (Klikk på Pappa)

Unknown sa...

Eg og vil ha da varmt! Du aaane kje kor masse snø da e her, da bare snør heila tio!

Elisabet sa...

Pappa, ditta e nermast :)
http://www.yr.no/stad/Australia/New_South_Wales/Blacktown/

Mamma: Ja, da va da :)
Takk takk
God morgen te deg no :p

Malin: Ja, eg har da fint. Kom te varmen ;) Samma med deg H ;)

Pappa: Takk takk :)