30. april 2010

College Online Open Day

Ein gang i året har me open dag på College. Problemet er berre at 90 % av framtidige studentar ikkje har mulighet til å komme fordi dei ikkje er frå Australia.

Så difor har ein funne ut ei fantastisk løysning. ONLINE open dag. Vil du sjå kva college er all about.
hillsongcollege.com/open
Det ligg mange bilete der med intervju, trur eg skal komme opp ein gang utover dagen, ellers er det ein del filmar.

Den som står "TV and Media stream add" er Paula som eg budde med i fjor.
Den som står "my connect group" og har bilete av ei med raudt hår er Brianna som eg bur med no.
Og ellers er mange andre gode vener av meg og.

OG om du går på "the experience magazine" på http://www.nextelement.co.uk/hillsong_college/ så anbefalar eg sterkt siste side (siste film:the last word) der du kan sjå ein liten norsk snutt.

Og. PS.
Mesteparten av sida er sannsynligvis stengt i morga, for online open day er berre i dag. Den varar fredag 12.00 australsk tid til laurdag 12.00 australsk tid.
Så fredag 04.00 norsk tid til laurdag 04.00 norsk tid.
Eg skal være på online chat der frå 03.00-06.00 AU tid natt til laurdag, som er 19-22 norsk tid fredag kveld, i håp om å snakke med nordmenn :)

KLEM

Eg tenkte eg kunna ha eit bilete her, så eg søkte på "funny picture på google" Here you go! Haha

26. april 2010

Drama.

Switchfoot på fredag var fantastisk, men eg kjem tilbake med bilete frå det om litt.

Men no kan eg fortelje om helga eg har hatt, den har vore ”full on” som dei seier her. Det betyr vel omtrent ”veldig travel”, men ikkje berre travel tidsmessig, meir sånn at hjernen min blei full av å gjere det. If that makes sence? (Eg veit de elskar engelsk-norsken min ;)

I alle fall. Eg kom heim frå Switchfoot-konserten og byn klokka 02:30 natt til laurdag og vurderte å ikkje gå på Street Teams 08.30. Men eg bestemte meg for å gjere det likevel.

Så eg dro til Telopea, den forstaden mi gruppe har Street Teams i. Me var ferdige ca klokka 12, men me sto igjen og snakka litt. Så dro me heimover. Bilen var full og eg satt i midten i baksetet.

Då me var kanskje ca 2/3 heime kom me til eit trafikklys. Lyset skifta frå grønt til gult akkurat når me var heilt framme med krysset, og han som kjørte min bil skulle fortsett å køyrt. Men han bråbremste. Så sto me heilt i ro, men nokre hundredels sekund etterpå smalt det bak bilen vår.

Det viste seg at bilen som køyrte i oss var ein anna person i Street Teams. Han hadde rett og slett ikkje mulighet til å stoppe, fordi min sjåfør bråbremste, men han bak oss fekk skulda likevel, det er jo alltid sånn. Men når det er sagt er det veldig vanskeleg å hald rett avstand i Sydney for om du gjer det kjem det nokon frå eit anna felt og svingar inn framfor deg, og du må bremse ned for å ikkje være for nær.

Men i alle fall, eg fekk vondt i ryggen, og blei litt smånervøs. Og det vart begge sjåførane og trur eg, så eg fekk nesten dårlig samvit sjølv om det ikkje var min feil.

Okei, ein liten pause her. På dette punktet i historia ser alt ganske mørkt ut. Me har akkurat krasja, eg har vondt i ryggen, me veit ikkje kva me skal gjere. Men når me ikkje veit kva me skal gjere, veit Gud det alltid.

Her er ei liste over kva han gjorde i denne krasjsituasjonen:

- Først og fremst, i det augneblikket bilen bak oss kjørte inn i oss var det ein brannbil på andre sida av vegen som haldt på å svinge vekk frå oss. Dei høyrte eit smell, sette på blålys, kom bort til der me var, sikra området, tvang meg til å bli sittande inne i bilen og fekk tak i ambulanse osv. Dei gjorde streng tatt alt me ikkje hadde kome på å gjere. Tilfeldighet?

- Me var til saman 9 stykk i bilane. 5 i vår, 4 i den andre. Me gjekk rundt med dei grøne Street Teams t-skjortene våre (bortsett frå meg som framleis måtte sitte i bilen)… Ca 10 minutt etter at me hadde krasja stoppa det ei dame framfor oss og kom bort og sa ”Hei, treng nokon skyss til kyrkja?” Ho tok med seg 4 av dei som var med i bilen. Tilfeldighet?

- Etter at ambulansemannen har kome og sjekka meg får eg gå ut av bilen seier han at eg kan gå til legen sjølve i staden for å gå til sjukehuset, for der må eg sikkert vente. Mens eg står utanfor og snakkar med han kjem ein Street Teams bil frå eit anna område forbi. Bilen deira er full, men sjåføren skal køyre folka heim og så komme tilbake og hente oss. Tilfeldig at dei og var forsinka den dagen?

- Etter at eg får lov til å gå, er me berre 5 personar igjen der. Eg, venninna mi Vera, dei to sjåførane og søskenbarnet til han som køyrte bilen bak oss. Dei tre gutane må være igjen å vente på politiet, mens eg og Vera kan gå heim. Problemet er berre korleis. Me ventar på han i den andre Street Teams - bilen, men eg veit at gutane treng hjelp og at det hadde vore greitt for dei om dei slapp å køyre oss heim. Akkurat når dei kjem tilbake stoppar ein annan mann og spør om nokon treng skyss tilbake til kyrkja. Eg og Vera går me han, slik at gutane kan være igjen og hjelpe. Tilfeldig?

- På vei tilbake i bilen, når ryggen min framleis gjer vondt, fortel mannen me sit på med at han brakk eit bein i ryggen – eg huskar så vidt kva det heitte på engelsk og i alle fall ikkje på norsk – men at Gud helbreda ryggen hans og at han no får lov til å køyre og går heilt fint. I alle fall – dette hendte for TRE veker sidan!! Og no sit eg, med vondt i ryggen (sjølvsagt ikkje noko farleg, men litt smådeppa) i bilen hans og høyrer dette, og vert oppmuntra til tusen. TILFELDIG?

- Etter at eg har vore hos legen og fått smertestillande har eg ein så fantastisk avslappa kveld. Eg er hos mine latinamerikanske naboar, og det finst ikkje noko meir avslappa enn det. Eg såg film (ein lite avslappande film, Hannibal, men eg sovna litt likevel, haha), og fekk servert TACO. Nam, seier berre eg. Og samtidig får eg melding av ein venn om at han kan gjere set-up for meg dagen etterpå, slik at eg slepp å bære stolar og bord. Tilfeldig?

- Dagen etterpå går eg til kyrkja, sidan det er søndag. Eg vakna opp med litt smerter i nakken i tillegg til ryggen, men tenker at det skal gå greitt å gå. Når eg kjem ut døra er eg ca 2 minutt bak timeplanen, noko som ikkje er så verst, pleier å være 5-10 minutt bak. Dårlige vanar. Skal forandrast. I alle fall, eg kjem ut og det REGNAR. Eller forresten, eg såg at det regna, fant meg ein jakke og det var derfor eg var bak timeplanen. Men no er eg litt for lat til å forandre det eg skreiv. I alle fall, eg går, bort vår litle avstikkarveg, ned stien, forbi trafikklysa og byrjar å gå opp ein bakke. Men eg har vondt og det regnar, så eg ber om skyss. Til Jesus altså.

Ca 10-30 sekund etterpå stoppar det ein buss attmed meg. Og han vinkar meg inn. Bussjåføren altså. Eg var i byrjinga av ein lang bakke oppover, rett etter trafikklys, altså, bussar stoppar berre ikkje der. Dette var ein vanlig rutebuss, og han lot meg sitte på gratis heilt til kyrkja, noko som ville tatt meg 20 minutt og gå. Ja, dette kunne kanskje skjedd med bussjåførar som kjenner deg på Fitjar, men her? Aldri. Tilfeldig?

Så kanskje det var tilfeldig at det var ein brannbil på andre sida av vegen. Kanskje det var tilfeldig at to forskjellige bilar stoppa for oss. Kanskje det var tilfeldig at bilen med eit Street Team frå eit anna område og var seine den dagen. Kanskje det var tilfeldig at mannen me sat på med nett var blitt helbreda. Kanskje han ikkje var det ein gang. Det var nok medisinsk logisk på ein eller anna måte. Kanskje det var tilfeldig at den bussen stoppa der. Eller kanskje IKKJE?

Forresten kunne det gått verre. For han bak oss klarte å svinge litt unna før han traff. Så det var bra.

Uansett, snakkes veldig snart. Heime neste torsdag, ohyes.

23. april 2010

Okei. Ein av mine "nye" favorittar sidan eg kom til Australia når det gjeld mat er hommus. Eg skreller og skjærer meg gulrøtter og brukar hommusen til dip.
Det er så nam. Heile tida har eg lurt på kva som eigentlig er inni denne dippen. Kva består hommus av? Utanpå står det "chickpea" utan at eg har forstått kva det eigentleg er.

Men i går fekk eg eit plutseleg behov for å finne ut kva chickpea eigentleg er. Så kor andre stader enn wikipedia? Eg pleier å gå inn på engelsk wikipedia, søke på den engelske sida etter det ein leiter etter, her chickpea, og gå ned å trykke på "norsk (bokmål)". Slik finn ein ut kva dei interessante engelske orda betyr.

Uansett, eg kom inn på denne norske wikipediaen. Kikkert? Nei, vent. Kikert. Ert. Ert? ERT? Et eg ERTER?

Visstnok består hommus av 77 % erter, så eg likar det visst. Hmm, skeptisk. Kanskje på tide å prøve ertestuing når eg kjem heim?

Har alltid tenkt på dette som "æsj"



Men eg tenker på dette som "nam"

Hmm..


Og, PS. Skal på konsert i kveld. SWITCHFOOT er i Sydney. Favorittbandet. Gler meg.

21. april 2010

Det nærmar seg heimtur

Ja, no nærmar det seg heimtur. Og no ser det veldig lovande ut angåande vulkanutbrudd, så trur det skal gå bra. Om eg hadde reist i dag hadde eg komt heile vegen heim, då både Bangkok - Køben og Køben - Bergen var open.

No har eg berre tre oppgåver som må gjerast før eg drar.
Skal preke to gonger på ti minutt kvar, neste onsdag (28. april) i klassen og tirsdagen etter (4. mai) i connectgruppa eg går i. Så det blir ei ny utfordring men eg gler meg skikkeleg!!!

I tillegg har eg ei assessment som skal inn mandag 3. mai.

Planen er å være framme torsdag 6. mai på morgonen
Eg trur eg har ein optikeravtale 7. mai
Familiedag 8. mai
Kristian sin konfirmasjon 9. mai.
Kristian og mamma har begge fri den 10. mai, så henging...
11. og 12. mai er litt usikre. Kanskje møte Ingvild, kanskje gå tur med Sofie. Uansett vær med familie.
13. mai drar eg. Og då er det Kristi Himmelfarts så då kan me alle kjøra meg til flyplassen.

:)
GLER MEG!!!

17. april 2010

Vulkanutbrudd

Okei.

Først vinn NORGE Melodi Grand Prix medan eg er på ein øde TV-fri stad i Tasmania.
Etter at eg har sett på mgp kvart år dei siste 10-15 åra (veit ikkje når eg byrja - 1998?)

Så vinn AAFK cupen - for første gong ever. Kva er oddsen.

Hin dagen var det NORDLYS på himmelen - noko eg aldri kan huske å ha sett

Og no er det eit VULKANUTBROT på island som stoppar all flytrafikk i store deler av Europa, noko som høyres ut som ein historie frå 1600-talet - bortsett frå flytrafikken då, så klart.

KVA SKJER? Kvifor skjer alt nor eg er her? åårh.

Dei tre første tinga syns eg var veldig kule hendingar og var lei for at eg gjekk glipp av dei.
Den siste hadde eg litt den samme kjensla på, til eg las at forrige gang den hadde utbrudd varte det i over eit år.

Sidan eg skal til Norge om ca 2,5 veker (!!!) er eg litt bekymra for at vulkanen skal forsette og vinden skal gå austover.

Hjelpe trøste. Tenk om den varar eit år. Guri land.

13. april 2010

Minner.

Av og til har eg små augneblikk - nesten som deja vu som minner meg om "et tidlegare liv" - eller noko som i alle fall føles som det. For eksempel du luktar noko som minner deg om ein parfyme som minnar deg om ein person som minner deg om ein periode i livet som for lengst er over

Kvar gong eg har eit slikt augneblikk minnar det meg om at eg ikkje er heime, at eg saknar heimen men og kvifor eg er her.

Eg hadde ei slik kjensle i dag og enda ei i går.

I dag då eg gjekk heim frå skulen lukta det plutseleg ei lukt som eg hadde gløymt fantes. Det lukta rett og slett (er du klar for dette?) ny fersk blyant. (Ikkje spør meg korleis eg lukta det.) Men det minna meg om dei fantastiske barne- og ungdomsskuledagane (som eg ikkje synst var så fantastiske då).

Det minna meg om å skrive på tavla, om å lære grunnleggande matte, om å lære å lese, om då livet var stressfritt, og om følelsen av første dag etter ein skuleferie - korleis kjem timeplanen til å sjå ut, kva lærarar har me i kva fag, kven kjem eg til å sitte med i klasserommet osv.

Det andre augneblikket var strengt tatt ikkje eit deja vu, men meir eit minne.
Då eg var på norsk connect på laurdag byrja me å snakke om graut. Det er slikt ein gjer på norsk connect. Så snakka med om forskjellige typar graut før ein seier - har de høyrt om semulegraut?

Etterpå satt eg og tenkte på farmor og farfar. Farmor lagde alltid semulegrynsgraut til oss (som me alltid kalte "semulie"grynsgraut). Eg tenkte på sommarminner på hytta utfor Ålesund, på svømming i tjernet og svømming ut for å få tak i vannliljer, på klatring opp på taket på hytta, på klatring i "nettet" på å springe rundt på graset i regnvær med søskenbarn, på å prøve å dytte vogna til min lillebror heilt bort til tjernet over alle steinane, på blåbærplukking, på hunder som sprang etter "oss" (les: mi søster), på store maurtuer, på bratte bakkar, på blide fjes, på norsk sommarvær som er ganske greit likevel.

Alt i alt har eg tilbringt litt tid på å tenke på det som har vore. Og det er vel og bra. Men alt dette får meg til å innsjå kor mykje eg går glipp av heime, og kor mange minner eg har her. Livet er annleis no. Hytta er solgt, farmor og farfar er i Himmelen, semulegrauten me kan lage er berre nesten like god, barneskulen er for lengst over og godt er det. Og livet er ganske bra.

Men eg tenker at om 10 år skal mine barn være med å lage like minner. Forhåpentlegvis i Norge. Med besteforeldre OG oldeforeldre på Fitjar. Med tante og onkel på Stord kanskje - og ein til onkel på Fitjar. Bading i Storavatnet ser eg for meg som ein sommarhit. Med oldemor sin graut og mormor sine yummy middagar. Med morfar (det er deg pappa) sine historiar.

Som om den gongen han sneik seg inn på Sunnmørsposten med katten sin då onkel skulle byrje på skulen. Pappa kom med på bilde med katten, mens onkel berre fekk med seg halve fjeset på biletet. Eller den gongen han krasja på sykkel. Skal ikkje fortelje den, spør han om du lurer.

12. april 2010

Verdens nest dårligaste til å oppdatere.

Okei. I går gjekk eg inn på mi kusine Malin sin blogg og var veldig oppgitt fordi ho har ikkje oppdatert på lenge. Så såg eg at ho hadde ein ny kommentar på det siste innlegget.
Kommentaren var frå systera mi og sa: "Å, du og Elisabet er like dårlige til å oppdatere". Med mistanke om å finne det samme på min blogg gjekk eg innpå og såg at det sto "Du og Malin er like dårlige til å oppdatere."

Kanskje er det litt sannhet i desse kommentarane, men det er viktig å få fram at mitt siste innlegg var 2. april og hennar siste var 1. april. Det betyr at ho er verre enn meg. Hah. (eller ikkje.)

Uansett. Livet har vore delvis travelt delvis avslappa i det siste. Her er ein update på livet sidan 2. april.

3. april var laurdag i påskehelga. Eg gjorde Street Teams som vanleg på føremiddagen, gjekk så heim ein tur, var i kyrkja på kvelden og ute på dobbel bursdagsmiddag etter kyrkja. Var ein veldig kjekk kveld, men eg hadde eit veldig blondt øyeblikk på veg heim! (Unnskyld til alle blondiner - det er berre eit uttrykk! hah)

Det hadde seg sånn at eg satt i baksetet, Ashleigh og Emily framme. Dei prata om klede og så byrja dei å snakke om skjerf. Då eg høyrte dette sa eg at eg trudde eg hadde gløymt skjerfet mitt i restauranten med mindre det var framme i bilen? Ash leita rundt og sa at nei der var det ikkje! Så sa dei at eg måtte ringe til nokon som framleis var der, og spørre om dei kunne finne det.

Dei fleste av mine vener som var der dro samtidig med oss, men eg tenkte eg kunne ringe ein av bursdagsbarna som og er ledaren min i Street Teams. Som sagt så gjort. Bortsett frå at etter ca 3 ring ser eg ner og ser at eg har skjerfet rundt halsen. Ja. Det skjerfet eg leitar etter er rundt halsen min. Nemlig.

Så eg legg på. Og seier til Ash og Emily at eg har det på meg. Og dei ler seg i hel. Og eg tenker at eg håper at han eg ringte ikkje ringer opp igjen, at han ikkje merkar at eg ringte. Men sjølvsagt ringer han. "Øhm, jo du skjønnar det at eg trudde eg hadde gløymt noko, men så fant eg det". (Sa ingenting om at eg fant det ti centimeter frå augene mine.)

4. april var 1. påskedag. Og det var ein fin dag. Me hadde den årlige film og kunstfestivalen. Den heitte "the exchange" og dykk kan sjå filmar og kunst på http://theexchangefestival.com/ Anbefalar å sjå årets vinnar i film - a craft of innocence - litt nede på sida. Den er knallskjønn og laga av to på college som eg kjenner litt.

Festivalen var i byn og eg gjorde samme jobben som på colourkonferansen, eg var host - møtevert. Var kjekt :)

Etterpå var eg på middag med diverse folk fordi det var min connectleder Emma sin bursdag. Festen hennar var helga etter - men middagen var kjekk :)

5. til 7. april hadde me tre dagar fri frå college - påskeferie.
Det var kjekt og ganske avslappa. Høgdepunktet var definitivt IKEA på tirsdagen. Eg kjøpte kjøttballar og saus og poteter som eg åt der - pluss at eg kjøpte med meg masse svensk snop osv. Eg fant og POLARBRØD der! Fytti fytti fytti! Det var kung altså, for å være litt svensk.

8. og 9. april var college igjen. Flotte dagar - good times. :)

10. og 11. april var to travle dagar.
Laurdag: Sto opp klokka 7.
Skype med Sam frå Skottland 8-8.45
Henta 8.45
Street Teams 9-12.30
Baking 12.30 - 17 - skulebollar til Norwegian Connect og rundstykke til meg.
Gjer meg klar til Emma sin fest 17.til 19
Henta 19
Emma sin fest 19.30 til 24
Rydding etter bakinga mi 00.30-01.00
God natt.

Søndag. Opp klokka 06.30
Henta 07.50
Car park i kyrkja 8-11.
Kjøpe inn det eg har igjen for norsk connect, og gå med dei tunge posane i det glovarme været til der me skulle ha det 11-11.25
Lage graut og ordne til 11.30-12.30
Norsk connect 12.30-15.50
Gå tilbake til kyrkja 15.50-16.00
Discovery kurs der eg er lærar - 16.00-17.40.
Kveldsgudsteneste 17.40-19.10
Henge igjen etterpå - meininga å være i 5 minutt men skyssen min ombestemte seg - 19.10-20.00
Heim. Slappe av. Ete kvelds.
Skype mamma og pappa.
Trøtt.


Så ja. Våkna klokka 11 i dag. Var HEEERLEG.


2. april 2010

Ostekakeyoghurt!

Nam nam nam!
Eg hadde ikkje peiling på at dette fantes før eg såg det i butikken, definitivt min nye favoritt.




Det luktar ostekake, smakar ostekake og er likevel ikkje full av kaloriar. Min nye favorittyoghurt. Australske favorittyoghurt altså, ingenting slår litago.

GOD PÅSKE til alle som les dette.