Før eg kom her hadde eg i utgangspunktet berre følgt med på norske valkampar - og amerikanske valkampar. Så å sjå ein australsk ein, var nytt og interessant. Her er mitt syn på det.
Først litt grunnleggjande info.
- Der ein i amerikansk val stemmer på person, stemmer ein i Australia som i Norge på parti.
- Den som er leiar for partiet i regjering er statsminister.
- Der ein i Norge ikkje har lov til å ha politisk reklame, har ein til alle tider i Australia lov til å ha den reklamen ein vil for sitt eige parti - eller MOT det andre partiet. Det treng ikkje gå på partiet eingang, ein har ofte reklame mot ein person på det andre partiet.
- Der ein i Norge veit at det er partiet ein stemmer på, trur ein del i Australia, pga korleis ein kommuniserer kva valget handlar om, at ein stemmer på ein person i Australia.
- I Australia har ein to store parti, Labour (AP) og Liberal (ca Høgre). Desse kjempar alltid om regjeringsplassen.
- I Australia, som i England er det ikkje faste valgdatoar, det einaste som er sikkert her er at ein må ha eit nytt val innan tre år etter det forrige. Men den sittande regjeringa bestemmer når dette skal skje.
Så litt bakgrunn før valget.
- Ved valet i 2007 var det Labour som gjekk av med sigeren, under seiersmannen Kevin Rudd. Han var leiar for partiet, og vart difor statsminister.
Spol fram til 2010.
- 24. juni om morgonen våkna Australia opp til det som for dei fleste (kanskje ikkje dei mest politisk interesserte) var sjokkerande nyhende. Kevin Rudd hadde vorte sparka frå Labour-leiarstillinga, og Labour hadde ein ny leiar, Julia Gillard. På dagen vart ho Australia sin nye statsminister, og "heile" Australia mislikte ho med ein gong fordi "ho" (partiet) sparka Rudd.
- 17. juli (ja, eg sjekka på wikipedia) annonserte ho og partiet at valet skulle haldast 21. august.
I løpet av valgkampen (som berre var litt over ein månad, kor praktisk!!!!) snudde ho ganske mange over til hennar side. Begge sider brukte dei skitnaste triksa i boka, og det var ganske sjokkerande å sjå på spør du meg.
Valet i 2010 sto mellom Labour med Julia Gillard (over) og Liberal med Tony Abbott (under)
Og resultatet?
For første gang sidan 2. verdskrig fekk ingen av dei to store partia 76 seter i parlamentet, som betyr at dei har fleirtal. Begge har til no 71 seter, 5 seter er til småparti/uavhengige og 3 seter trengst finrekning på.
Så no skal dei diskutere i ca 15 år og bli einige om kven som får makta.
Eg tipper det vert nyvalg igjen snart. :)
Ellers - litt morosam info:
- I Australia er ein NØYDD til å stemme, viss ikkje kan ein få bot!
- Morosame parti: Fiskepartiet, Partiet som er for sommartid i Sør-Aust Queensland, Pauline sitt parti, og sist men ikkje minst (og som eg ikkje finn på wikipedia, men som alle snakkar om) - partiet som vil at alle skal ha langhelg: THE THREE DAY WEEKEND PARTY
6 kommentarer:
Interessant!
Du får altså bot for ikke å stemme. Hvor mange tilhengere må du ha for å danne et parti da, mon tro.
Jeg tror jeg ville hatt et parti for oss som vil ha gratis hushjelp. Hadde jo vært supert å komme hjem til et rent og ryddig hus hver dag.... Men hvem vil være hushjelp da??
Kjekk oversikt!!
Ikke rart de finner på sprø parti(navn) når de må stemme og ikke er fornøyd med de to relle alternativene...
Men tre dagers helg partiet, er det fredagen eller mandagen de vil legge inn i helga? Kanskje begge, så kan de skifte navn til tre dagers uke partiet? Og ikke mer enn 5 arbeidstimer disse tre dagene...
Selv om det er stemmeplikt i Australia så kommer de garantert ikke opp i valgresultatene fra det gamle kommunistdiktaturet i Sovjetunionen. De hadde bare en kandidat ved presidentvalg, og han (alltid en han) fikk 99,99 % av stemmene.
:)
Mams: Eg trur da e forskjell på offisielle (seriøse) og uoffisielle (useriøse) parti. Men eg veit ikkje kor mange du må ha :)
Hadde vore greitt da ja. Kanskje me kan finna opp robota?
Paps: Takk! Hehe, ja, sant da :)
Eg veit ikkje, tippe fredag. Men ja, di hadde sikkert vore for begge dele...
Hmm, eg lure på kem 0,01 va?? :)
Ein gang hadde eg tenkt å gi ein robot te mamma, men pappa syns kje da va ein god ide:p Da va ein sånn så vaska golvet:)
Haha, do it! 50-års-dagspresang??
Hahaha :D Maybe ;)
Legg inn en kommentar