4. februar 2011

Neste søppelsekk ;)

Eit spørsmål til den smarte:
Kvifor er det slik at når du har eit glas med iskaldt vatn og isbetar på ein glovarm dag dannar det seg vatndropar på utsida av glaset. I don't GET IT!!!! Det er sært, rett og slett. Glaset er jo tørt før ein fyller i det? Går vatnet "gjennom" glaset? Tiltrekk vatnet til seg fuktigheit i lufta? Kva skjer?


Uansett, som eg sa i går, skal eg forsetje med å rydde opp i "søppelbøtta" mi :) Og med søppelbøtte meiner eg ikkje at alt eg seier er søppel, hehe, men at alt er fantastiske ting som har hopa seg opp i hjerna mi. Hoho.

Uansett, neste "søppelbøtte" er studiene. Som de veit har eg byrja på eit nytt studium no, nemleg ein bachelor i Contemporary Ministry, eller streng tatt i Teologi. Dei to første vekene har me "intensives", som betyr at me har eit fag tre dagar i veka i to veker frå 8-16, og så er me ferdig med undervisninga i det faget.

Så mitt første fag har vore "The Johannines" som er studier av Johannes sitt gospel og dei tre breva til Johannes. Ordet Johannines inkluderer og Johannes Åpenbaring, men me har ikkje den med i dette faget, fordi det er eit gigantisk studie i seg sjølve. (Har du nokon gong lest den, så skjøner du kva eg snakkar om.....)

Eg har lært så utrulig mykje på desse tre dagane, og skulle ønskt eg kunne sagt alt eg har lært til dykk, men det hadde tatt litt for lang tid ;)

Uansett, her er litt smakebitar av kva eg har lært


  • Religion = DO
    Christianity = DONE

I det første århundret trudde alle på noko. Dei fleste trudde på diverse gudar. 1 Johannesbrev viser oss forskjellen på vår Gud og deira gudar.
  1. Greske gudar: Ein kunne ikkje stole på kva dei ville bli sinte for.
    Bibelsk Gud: Gud vert alltid sint på grunn av synd. Ein kan stole på det.
  2. Greske gudar: Ein kunne ikkje stole på kva dei ville akseptere som offer for tilgivelse.
    Bibelsk Gud: Gud vil kun akseptere Jesus Kristus som offer. Ein kan stole på det.
  3. Greske gudar: Ein måtte sjølv ta initiativ for å finne ut kva for ein gud ein hadde fornærma.
    Bibelsk Gud: Gud tok initiativet, ikkje eg. Han sendte sin son. Gud ofra Gud til Gud.
Greske gudar - handla om alt ein måtte gjere.
Bibelsk Gud - det er gjort.


  • Visste du at i det første århundret var det dei som var slavar som fekk høgast utdanning. Fordi dei som hadde dei som slavar trong nokon til å skrive for seg, til å lege dei, osv... Legar var som regel slavar. Alfabetar var slavar. Kun 10 % kunne lese og enda færre kunne skrive. Lukas, som har skrive evangeliet med samme navn, var ein lege, og kan ha vore ein slave.

  • Visste du at ei side papyrus, som dei skreiv på, kosta ei veke's lønn. Det var altså kjempedyrt. Difor skreiv ein utan mellomrom mellom orda, utan avsnitt, osv. Difor var ein veldig forsiktig med kva ein putta inn i det ein skreiv.
    Eg synast ikkje det høyrest logisk ut at minst 8 forfattarar skal ha skrive 27 bøker om Jesus Kristus om dei ikkje visste at det dei skreiv var sant, med tanke på at det kosta dei så masse. : )

  • I kristendommen snakkar ein om at alle kristne er søstre og brødre, at me are alle born av Gud. Visste du at dei kristne var dei første folka i historia som kalla folk ein ikkje var i slekt med for 'søstre' og 'brødre'?

  • Okei, denne er bra. Du veit Jesu første mirakel i Johannes evangelium? Når han gjer vatn til vin? Kvifor er det egentlig med i Johannes, når han har svært få mirakel med? Og kvifor byrjar han med dette?
    Vel, jødane på Jesus si tid trudde på ei tid før Messias skulle kome, den tida dei levde i, og ei tid etter at Messias skulle komme. Tida før Messias var ond, og tida etterpå var god. Tida før Messias kalla dei "the age of water" og tida etterpå var, gjett kva? Jepp, "the age of wine". Grunnen var at vin var reint, medan vatnet på den tida var veldig skittent, dei måtte ofte blanda alkohol inn i det før dei drakk det for det var så skittent.
    SÅ! Når Jesus gjorde vatn om til vin så signaliserte det at Messias var her!! Kult? I know.
Jaja, det får være nok for no. Men i alle fall! Eg elsker denne linja allereie! Det er så kjekt :D


Ooohhh, ps! For min kule Harry Potter elskande familie.
Me snakka den eine dagen om samaritanarane. Dei var jødar som var inngifta med andre folkeslag. Læraren min snakka om korleis dei vart sett på av jødane på den tida. Han sa "Dei er outcasts. Mudbloods."
Veldig få "tok den" Eg gjorde.

Oohh, eg elskar Harry Potter. Gler meg til den siste filmen! :D

YAY! :D

3 kommentarer:

Hanne Mari sa...

Eg e ikkje smart nok te å svara på spørsmålet ditt, så da hoppe eg over:)

Virke som om du lære masse spennande og interessant på skulen :) Syns spesielt da med papiret va kult:) Du bare: Kult? Eg bare: Ja, kult :)

Ps. Du kan kje kalla deg Harry-fan lenger, itte juleferien....! Hehe, neida;) Du har ein kul lærar :D

H sa...

3. søppelsekk:

Begynna å svara på kommentara.....

Hehe:)

Elisabet sa...

Sorry, for å gjer da godt igjen har eg publisert et innlegg! :D
Da med papiret va kult? Kult.
Psssss, eg elske HP.

I dag sku leraren min sei et vanskelig ord, på 'h', så sa han 'hermione' i staden, hehe.

KJÆRLEIK!!!!!