3. mars 2011

Angåande hår, tv-seriar og bankkort

Hei! Her kjem ein liten bileteoppdatering over kva som er nytt: 
:-)

For det første vil eg meddele at eg har aldri i mitt liv sett så fine solnedgangar som eg ser i Australia. Kvar einaste dag er det slik (sjå under), fargerikt, herlig og ein påminnar om kven som har skapt oss! Eeeeelskar solnedgangar!! Jau!



Førre veke kom housematen min Felicia med te til meg. På kanne! Var den ikkje skjøn?? :D


Uhm, ja, sidenote. Dette er mine to housemates + venninna Jaya som sjekker ut ein facebookprofil av ein sjarmerande gut. HAHA! Måtte berre dele det!


Ellers så har eg kjøpt meg ei strittetang, så no er det slik at KVAR einaste dag kjem mellom ein og tre person bort og seier enten "guri kor langt hår du hat fått" (fordi eg strittar det) eller "har du gjort noko nytt med håret ditt?" (ja, eg strittar det) eller "å, hei, eg kjente deg ikkje igjen der" (ja, eg strittar håret) Haha, dødsvittig! :)



Eg har og fått ein tattovering i form av øya Kypros. Haha, nei det er eitt blåmerke, men det liknar på Kypros.



Ellers har eg og Donna byrja å sjå ein serie som ho kjøper på itunes. Den heiter Mr. Sunshine og er DØDSVITTIG. Hovudrolla vert spelt av Matthew Perry, som speler Chandler i Venner for livet, og han minner mykje om Chandler. Dette er slik Chandler kunne vore om han ikkje hadde gifta seg med Monica, og ikkje hadde vore livredd for å binde seg. Haha. Uansett, den har verdens kortaste og beste temasong, sjekk den ut! :)



Ellers vil eg gjerne dele dagens frustrasjon. Eg skulle kjøpe ei bok i timen idag. Ei lærebok. Den kosta 23 dollar, og eg skulle betale i timen til læraren. Timen byrja klokka 14, og eg hadde akkurat kome ut frå kvinnemøtet, og klokka var nesten 12. Eg gjekk til banken for å overføre pengar til meg sjølv, sånn at eg kunne ta ut. Når eg kom nesten bort til banken så kom eg på at kortet mitt gjekk ut på dato 28. februar og at det nye kortet låg heime.

Så eg tenkte, jaja, eg får ta ut fra det norske då. Så eg satte det norske kortet inni, og tok på "ta ut 60 dollar" (ca 350 kroner). Fekk melding om at eg ikkje hadde nok pengar. Så då tok eg 40 dollar. Ikkje nok penger. 20 dollar (det minste beløpet) ikkje nok penger. 

Så eg tenkte, jaja, eg har ikkje penger til lunch, så eg drar heim, eg lunch, overfører pengar og går tilbake og tar ut penger og går til timen. 

Så eg gjekk heim, laga lunch, og fant fram pc'en og det nye kortet. gjekk på min australske nettbank og fann ut at sida var midlertidig nede. Eg tenkte, jaja, får ta det på det norske kortet då. Så gjekk eg på den norske nettbanken. Men også denne sida var midlertidig nede. Eg berre SERIØST. Kva er sjansen for det??

Uansett, etter mykje om og men ringte eg til telefonbank for første gang i mitt 20 år 9 månader og 15 dagar gamle liv. 
Og fekk overført.

Så går eg då stille og rolig til skulen, og tenker "eg kan ta ut pengar i butikken". Så eg gjekk inn i butikken, fann meg ein sjokolade til ein dollar, og skal betale, før eg finn ut at eg GLEMTE det nye kortet heime!! Eg berre "neeeeeii". 
Så eg sa til kassemannen at eg hadde glemt kortet. Men så kom eg på at eg hadde sparebanken vest kortet framleis, så eg prøvde det. Men neida. Hadde ikkje 1 dollar innpå ein gang. (6 kroner) Så eg forlot butikken utan sjokoladen. 

Endte uansett opp med at eg fekk boka og må betale neste gang :-)


No er klokka 22.20 og eg skal sove fordi om eg ikkje gjer det kjem eg til å klø på mine 15 myggstikk på føttene til huden dett av. Så NATTA <3

8 kommentarer:

Martha-Linn sa...

Fin blogg Elisabet :)

Elisabet sa...

Tusen takk!! :)

mamma sa...

Fin på håret!
Fin tekanne!
Ikke så fint blåmerke!
Ikke bra med myggstikk!
Hold orden på finansene = bankkortene,

Klem

Malin sa...

Mr sunshine, yeeei! hehe
Aritg innlegg :D Fin du er med strittet hår, morsomt med alle kommentarene! :D ser ut som om du har uflaks dager du også! :P

Pappa sa...

Morsomt med alle bankkortforviklingene dine. Nesten manus til en liten tv-serie :)

Elisabet sa...

Mamma:
Takk og takk! :) Haha, eg ska passa bedre på bankkortene. Men hallo, ka e sjansen for at begge nettbankane va nede samtidig? :)

Malle! Eg savne deg på face :) Ja, da har eg definitivt. Men din dag va best syns eg ;)

Pappa: Eg vett. Så vittig :)

Kjærleik te alle! x

HM sa...

Hehe, du og M e lika vims :)
LIKE bildeinnleggene dine <3

Malin sa...

haha, ja den var kanksje hakket drøyere! savner meg selv på facebook også. snakkes på tirsdag! <3