28. mars 2011

Colour tjue elleve

Colour 2011

For dei som ikkje veit det er Colour den årlige kvinnekonferansen til Hillsong. Det er heilt fantastisk, og eg tenkte eg skulle dele nokre av høgdepunkta!
Me hadde tre gjestetalarar; Jeanne Mayo - ei veldig morosam dame på 61 frå USA som jobbar som ungdomspastor; Craig Groeschel - kjent som mannen med seks barn, pastor i USA; og Lisa Bevere, som og er ein pastor saman med sin mann John Bevere. 
Dei var alle veldig veldig bra. 

Eit høgdepunkt for meg var Lisa sin tale "Løvinnen" eller "The Lioness". Veldig, veldig bra, ho snakka om kva kyrkja - Kristi brud - kan lære av løvinna - dronninga av dyreriket. Og det er mykje. Me må være litt kvassare i blant.

I tillegg hadde me den årlige Sisterhood-praten, der ein snakka om kva som skjer rundt i verda, kva me gjer med det, og kva enkeltpersonar kan gjere. Me snakka om A21, om foreldrelause, om brystkreft, om ensomme folk, osv. Veldig bra.

Den siste kvelden var og heilt fantastisk, Christine Caine (pastor her og ledar for A21) snakka om når Israel gjekk inn i Jeriko, og Gud sa at dei skulle marsjere rundt murane. Som ein kanskje veit så ender historien med at 7 dagar etterpå riv Gud ned muren, ikkje folka, og Israel tok byen. Ho snakka om at det er mange ganger i vårt liv at Gud SEIER og me må GJERE utan heilt å være sikker på at noko skal skje. Og at me må ha tru, og være tolmodig, og la Gud gjere det Gud vil. Om me er på dag 1 eller dag 7 må me feste trua vår på han. 

Ellers så hadde me den årlige gaveutdelinga. Kvart år på Colour deler ein ut ei gåve til alle damene som er der. I forfjor, mitt første år, gav dei alle strikkepinnar og garn, veldig vittig, men det har vist seg utrulig nyttig, fordi mange damer har begynt å strikke bamsar og klede som dei gir til barneavdelinga på sjukehusa rundt omkring her, i London osv. 
I fjor gav dei eit skikkelig fint tesett. Den nedste delen er ein kopp, den øvste er kanna. Det var den tyngste gaven ever, og tok evigheter å dele ut, men kjekt! 


Og i år var gava... 

Ei flaske?

Hmm... Det er noko inni flaska!


Ei t-skjorte!!

Og flaska er gjennomsiktig!

Veldig kjekk gave.
T-skjorta, skal bli mi nye joggeskjorte. Brukte ho i dag, og det var suksess, eg jogga 3*8 minutt, yay!

T-skjorta seier:
Walk for freedom.
Walking for orphans, sisters, nations, the captive, the hurting. Walking for health, wellbeing, life and fun... One love, one heart, one sisterhood.

Veldig girly, men skjønt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Herlig elisabeth, kjekt å lese kossen det går med deg. Tenker på deg vett du. god klem fra ingvild

Hanne Mari sa...

Hørres ut som om du har hatt da fint! :D

Likte drikkeflasko og t-skjorto :):) OG: Likte "bildefortellingo" (Ja, da va et sjøldikta ord, men altså at du fortelle ei fortelling med bildene) :)

Elisabet sa...

Takk takk Ingvild! tenke på deg og! Savne deg!
Hahaha, bildefortellingo, ja Hanne! :) I like it!