6. september 2007

Media vs påbygg

Eg har gått to år på media på Stord vgs, men går no på allmenn påbygg på same skulen. Planen var å gå der med dei åtte andre jentene eg hadde gått med på media. Det varte ein dag, så var me 8. I går var me 5 og i dag var me 4. Fire jenter har gått tilbake til media, ei har begynt på allmenn påbygg på Fitjar vgs.

For å gjere det klart: Eg kjem ikkje til å gå tilbake til media. Kvifor? Jo, her skal du høyre:

1. Antal timar i veka.
Media: 35. Allmenn påbygg: 30.

2. Tvungne valfagtimar i matte og engelsk for å kome gjennom pensum:
Media: Nei. Allmenn påbygg: Ja.

3. Klasse/skulemiljø:
Media/avd. Saghuagen: Bra klassemiljø, anstrengt skulemiljø
Påbygg/avd. Vabakkjen: Bra klassemiljø, (litt for) avslappa skulemiljø.

4. Stressfaktor:
Media. Norsk: Stress, matte: stress, media: stress, stress, stress, klarar ikkje slutte å tenke på det du skulle gjort når du har fri.
Allmenn påbygg: Norsk: Stress, matte: stress.

5. Fag som er forskjellige på dei to linjene:
Media: Media
Allmenn påbygg: Samfunnsøkonomi.

6. Antal eksamenar:
Media: Norsk hovudmål skrifleg, norsk sidemål skriftleg, engelsk/matte skriftleg, norsk/engelsk/matte/naturfag munnleg, media munnleg (stress, stress, stress, dykk skulle sett meg i fjor, og nei, eg overdriv ikkje med dette).
Allmenn påbygg: Norsk hovudmål skrifleg, norsk sidemål skriftleg, engelsk/matte skriftleg, norsk/engelsk/matte/naturfag/samfunnsøkonomi munnleg.

Valet er ganske klårt.

Ps. Eg elsker media. Eg elsker å redigere filmer, ta bilete osv. Difor skal eg gjere det på fritida ;) Uten stressfaktor, utan tosifra antal sider prosjektrapport, utan høyring og sist men mest: utan eksamen :-)

Pps. Sidan før me valde påbygg har medialærarane våre prøvd å få oss tilbake. Til og me etter at me byrja har i haust. Toppen av frekkhet er å prøve å "stele" elevar frå ein annan klasse på same skule. Læraren vår synast det var dårleg gjort, noko eg skjønar godt.

Ingen kommentarer: