Hei! Eg heiter Elisabet, er 17 år, og kjem frå Fitjar. Her bur eg med mamma, pappa, ei syster på 19 og ein bror på 12. Etter to år på media går eg no på allmenn påbygg, og til våren er eg russ.
Eg er kristen, og går på ei ungdomsgruppe som heiter Blessed. Det held til i Borggata på Stord, i Stord Bibelsenter sine lokale. Det er ope om fredagar, frå 18 til 22 for ungdomsskule elevar og fra 20 til 01 for dei litt eldre. Annakvar fredag har me lovsong og kvar fjerde gong er det ungdomsmøte.
Eg er veldig glad i litteratur, og favoritten er Harry Potter. Eg byrja å lese Harry Potter like før den fyrste filmen kom ut, og sidan har det aldri slutta. Sjølv om bøkene no er utgitt, er det alltid mykje meir å gjere; t.d. lese bøkene på nytt, sjå filmane, diskutere uklare hendingar i bøkene, og høyre på MuggleCast :)
Eg er og veldig glad i musikk. Nokre av favorittgruppene er Switchfoot, Hinder, Casting Crowns, Michael W. Smith, Kurt Nilsen og the Beatles. Eg er og veldig glad i å synge, og eg er lovsongsleiar på Blessed.
Eg har endo ikkje bestemt meg for kva eg vil bli, men eg trur det anten vert eit mediayrke, eller eit omsorgsyrke. Innan media vil eg helst noko innan TV eller film. Innan omsorg vil eg jobbe med utviklingshemma. Men kva for ein det blir, om det i det heile tatt blir ein av dei, det veit eg ikkje...
Ellers hadde det vore hyggeleg om nokon hadde lagt igjen ein kommentar, eg skal prøve og oppdatere relativt ofte, så får me sjå kva det eigentleg betyr ;)
5 kommentarer:
Hei :) Du e knall flink å skriva, eg syns du ska bli journalist!=)
Du e verdens beste søster! :)
Hei Hanne. Tusen takk, du er ikkje så verst du heller :-)
Men journalist, det trur eg ikkje det blir...
Hei Elisabet:)
kjempe bra skrevet!
you are gifted!
masse klemmer fra kusinemor(MALIN)
Mykje tusen takk :)
Hei Elisabet!!!
Ditta va bra;) kanskje du kan bli forfattar?:D då ska vertfall eg lesa boko, sjøl om eg ikkje like å lesa=P
Klem frå østlandsjento<3
Legg inn en kommentar