28. april 2009

Austens delikatesser

No har eg sett kakerlakkar og edderkoppar her i tre månader. Og eg har blitt ganske van med dei, det skal eg innrømme! Me har insektspray, og me berre sprayar dei, dei døyr, og me fjernar dei. Men eg har endo ikkje fjerna ein gigantisk kakerlakk. Før i dag.

Det som hende var at eg gjekk ned på kjøkenet (byrja 11.45 i dag) og det var berre eg og Erica heime. Eg gjekk rett inn, og merka ikkje at eg gjekk forbi ein gigantisk kakerlakk på golvet. Eg berre gjekk forbi eg. Eit par minutt seinare såg eg han og skvatt til.

Erica sa: Slapp av, han er daud. Eg tenkte i mitt stille sinn "ja, men han er stor", men sa ingenting. Så tenkte eg at eg skulle face frykten min, og fann fram tørkerullpapir for å ta han.

Før du les vidare; forstå at eg mislikar krypdyr STERKT! (ikkje skum gjennom denne delen for å komme til poenget!)Før hadde eg ingen problem med dei, men ei grufull natt vakna eg opp med ein edderkopp krypande på armen min, og skreik så høgt at Hanne Mari trudde eg hadde ein mordar på rommet mitt. Fact.

Uansett, etter tre månadar her har eg blitt litt van med dei, men likar dei endo ikkje. Er framleis redd. No trur eg du er klar for å lese resten.

Eg tar papiret mitt ned for å ta den, og løftar den opp. (Som sagt, den er daud, men eg har høg puls, for den er diger!) Men så kjenner eg noko sprelle. Eg hyler, slepp papiret, ser kakerlakken springe rundt og rundt på golvet, og ropar til Erica, no i stova "It's alive, it's alive, it's alive", medan eg spring bakover på golvet, og nesten klatrar opp i vasken.

Seriøst kor eg skalv, eg var LIVREDD. ikkje for at den skulle drepe meg (haha?), men fordi eg trudde den var død, og den er DIGER! Erica kjem inn, hentar sprayen, sprayar ganske mykje, men sidan den er så stor sprellar den rundt på golvet ei stund. Ho seier "jaja, den er no i alle fall død til me kjem heim". ho er for sein til skulen, så ho må gå, og eg er åleine heime med ein sprellande kakerlakk, ein frukost eg ikkje har lyst på lengre, og eit hjarte som bankar så fort at det snart bankar hol.

Seinare fortalte eg det som hende til Beth og Aynsley, og Beth begynte å skrattle, og sa at "Sorry that I'm laughing, but it is so ironic that that would happen to you."

Nei, det som er ironisk er at dagen før tenkte eg på eit sitat frå Evan Almighty:
"If someone prays for patience, you think God gives them patience? Or does he give them the opportunity to be patient?
If he prayed for courage, does God give him courage, or does he give him opportunities to be courageous?
If someone prayed for the family to be closer, do you think God zaps them with warm fuzzy feelings, or does he give them opportunities to love each other? "
Og viss nokon ber for å bli kvitt insektsskrekken sin, trur du Gud kvittar dei med skrekken? Eller gir han dei muligheten til å face frykten?

Og eg syns overskrifta mi var veldig morsom forresten, nokon andre? Nei, no byrjar eg å bli corny her. Time to go to bed, haha! Tegn på det er at eg byrjar å skrive på engelsk i staden for norsk. Då veit eg det er på tide å sove.
God natt!

4 kommentarer:

Hanne M sa...

Yo:)
Øveskrifto va DISGUSTING! Haha:)
Fytti for et innlegg! Fekk heilt frysninga når eg leste da:p
Og litt dårlig samvittighet for heile den "Elisabet har ein mordar på romme sitt"-episoden:p
Du skrive veldig bra, veldig morsomt og kjekt å lesa:)
MISS YOU!!!

mamma sa...

Eg skulle gjerne hatt stabilt varmt vær nesten heile året( fint her nå forresten), sånn så dåke har! Men eg misunne deg ikkje kakerlakkene! Eg e ikkje så veldig redd for diverse småkryp, men akkurat sånne kan eg klare meg uten.
Ellers er det litt hoggormår i år tror eg. Mange så har sett de i år.
Klem fra mamma

PS. Sende pakken i mårå

Pappa sa...

Hei Elisabet

Gruelig historie for deg som opplevde det, men morsom historie for oss som leser den på avstand ;)

Engelsken din er mer avansert enn min. "Courage" lå ikke i knollen, men på translate.google.no ser jeg at det betyr mot.

"If he prayed for courage, does God give him courage, or does he give him opportunities to be courageous?"

"Hvis han ber om mot, gir Gud han mot, eller gir Gud han mulighet til å være modig?"

Du får sikkert flere muligheter til å være modig mot edderkopper senere, hvis det kan være en trøst...

Ellers har Gud allerede gjort deg modig til litt av hvert.
- Reise alene halve jorda rundt for å gå på skole med helt ukjente folk
- Skrive slike blogger med personlige skrekkhistorier og frimodige fortellinger fra skole og menighet.

PS: Husker du at Ola Ohm var vikarprest i Fitjar før Olav Oma overtok som prest?

Nå blir han kirkehistorie når han ordineres til prest i Den norske kirke og i Frikirken samtidig. Klikk på "Pappa" for mer info.

Elisabet sa...

Hanne M F Giske:
Yo!
Haha, nei, den va jo heilt konge!
Haha, ja da bør du ha! Og så kom du ikkje inn, heheh
Thank you! MISS U TOO!!

Mamma: Ja, sant da! Men no e da kanskje maiver her, nettså da e i mai heima. Berre at da e ikkje isolert her, så morgon og kveld e KNALLKALDT! og eg såve med tjukke kler på!
Yeey!

Pappa! Men eg va jo modig, eg tok an for å hiva an sjølv om han va stor! Viss du hadde sett meg for to måna sio så hadde du visst kor modig eg va!
Da hørres litt for komplisert ut for meg med dinna to kyrkje på ein gang greiene, men spennande!!