I dag var ein fantastisk dag, med mange høgdepunkt. Me begynte med å spring etter bussen i dag tidlig. Eg er ikkje ein stor tilhengar av det, men alle gode dagar byrjar med å springe etter bussen... Med var meg, Carolin, Erica, Aynsley og Aynsley si mor Sharon
Så tok me toget, og fann ut (etter at me hadde kjøpt studentbillettar) at internasjonale studentkort ikkje gjeld. Så me tok toget med litt frykt, men me kom oss no trygt fram til Circular Quay, der operahuset er.
Etter å ha gått på Starbucks (tre av fem i gruppa var frå nord-Amerika, så det var obligatorisk) kom me oss ned til sjøen og til kaien der me skulle ta ferga over til Taronga. Fergeselskapet var Captain Cook Cruises, som har eit norsk flagg i logoen sin. Eg fann aldri ut kvifor.
Me kom i land og tok ein gondol opp til toppen av zoo'en. Type Ulriken, berre LITEN. Plass til 6 stk i kvar. Var litt merkeleg. Men kjekt. På toppen gjekk med til Koalaområdet, og fann ut at me kunne gå inn, gi dei mat og ta bilete med dei for ein liten pris. Så me gjorde det! Kjekt!
I staten New South Wales er det forbode å røre koalabjørnar, så det fekk me ikkje lov til, men kjekt å være nær :-)
Så var det på tide med kenguruar. Eg vart overraska. Eg har alltid sett for meg at dei var større! At dei var store. Dei var ikkje det, altså! Kjempesmå. Eg veit ikkje kvifor eg har sett dei for meg som store, men eg trur eit Donald-blad me har heime har noko med det å gjere. Der er dei nemlig svære, men det er jo i forhold til ender då, så.... Burde tenkt gjennom ting der, ass!
Etterpå gjekk me gjennom tropisk fuglebur, og opp igjen for å få fellesbilete foran koalaen, og ete lunch. Me gjekk og forbi alligatorane og tok bilete av dei. Pretty scary, haha!
Så gjekk me inn i Afrika. Aynsley mata ein giraff (ho var ganske redd, hehe), og me såg løver og tigrar. Det var ganske forferdeleg, løvene hadde dei minste bura i heile dyrehagen, og dei som spring så mykje til vanlig... Kjipt!
Etterpå gjekk me til Asia og elefantar. Me tok bilete oppå ein elefant! Den var ikkje akkurat levande, men det var kjekt likevel, hahaha! Her hadde dei og hjortar! Skikkelig merkelig, det me nesten har i hagen heime er eksotisk her!
Så gjekk me til sørlige isområde; selar og pingvinar. Akvaritet i Bergen all over. Eg tok nøkkeltrikset (for dei som ikkje veit det, rist eit nøkkelknippe framfor vindauget, og pingvinane kjem! Det funka her og.... Og ingen andre visste om det :-) Var kjekt! =)
Til slutt var me i Australia igjen, og såg to typar kenguruar. Men dei hoppa ikkje... På vei tilbake til utgangen byrja det å regne. Eller regne er kanskje feil ord. Styrtregne. Var som om me var i ein dusj, berre med klede på. Seriøst, me var SØKKVÅTE!
Brillene mine var ganske vanskelege å sjå gjennom, så på veg ned gjekk eg feil, og alle andre berre "Hei, kor går du", før dei fann ut at eg ikkje såg noko, og lo seg i hel. Me sprang/gjekk i regnet i mellom 5 og 10 minutt, og var etter dette klissvåte... I suvenirbutikken kjøpte eg paraply og nokre av dei andre kjøpte regnklede.
Tilbake i byen for me på kjøpesenter, og alle kjøpte seg nye klede, hahaha! Var kjempemorosamt. Sko, toppar, bukser, alt eigentleg. Så åt me, og for heim etter ein kjempefin dag på ZOOen!
Eg og Carrie the koala! Dette ansiktet ser ut som eit av glede, men eg lovar deg, det er frykt! Det er faktisk ein bjørn bak meg.
4 kommentarer:
Nå fikk eg skikkelig lyst å dra til en dyrepark. Den nærmeste er vel Kristiansand - og det er jo mulig vi tar en Sørlandstur i sommer. Så ut til å være en flott dag. Synd med det regnet, men det var jo en grei måte å få shoppet på¨...
Klem fra mamma
Ser på wikipedia at kengurufamilien består av til sammen 11 slekter med ca 50 arter. De forekommer i Australia, på Tasmania og Ny-Guinea samt noen nærliggende øyer.
Det er stor variasjon. Den røde kjempekenguruen bor på de nedbørfattige innlandsslettene. Hannen kan bli to meter høy. Bakbena blir brukt når den slåss. De er så sterke at de kan sparke opp maven til et menneske. Det er sikkert denne røveren du har lest om i Donald :)
Trekenguruene er arter som klatrer opp i trær. De har forben og bakben som er omtrent like lange, hvilket skiller dem fra de andre kenguruene med sine små forben og store bakben.
I august 2008 foreslo australeren George Wilson at man burde spise mer kengurukjøtt for å verne om miljøet. Dette er fordi kyr og sauer produserer mye tarmgass, som man antar er skadelig for miljøet. Wilson hevder at så mye som 11 % av Australias utslipp av klimagasser kan skyldes kyr og sauer som skal slaktes bli mat. Kenguruer har et forskjellig fordøyelsessystem som gjør at de produserer minimalt med tarmgass, og derfor er mer miljøvennlige.
Australia produserer årlig 30 millioner kengurer for slakting.
Mer info ved å klikke på "Pappa", og her: news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/7551125.stm (vet ikke om dette vil virke som lenke)
Ja, da va da mamma! Hehe! Ja, dåke får ta turen!! Og helsa te tømmarrenno. Guri kor eg elskte den...
Pappa, du e ein smarte mann, vett du da! Da e nok dei så va der då ja. Men eg trur ikkje di va raude....
Vett du koffor kenguru e et av Australia sine to nasjonaldyr? Fordi da ikkje kan gå bakøve! Symbolsk! :p
Haha... Eg har sotte på ein elefant, og den va levande! Å så har eg sett kengerua i dyreparken i Kr.sand, og di va små :)
Du va fin på bildene E. :)
Du skrive veldig bra, da ska du HA! :)
Legg inn en kommentar